Norsk industriproduksjon hadde eit fall på 2,2 prosent frå april til mai 2022, viser sesongjusterte tal. For perioden mars-mai 2022 var det ein auke på 0,6 prosent samanlikna med førre tremånadarsperiode.
Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden mars-mai 2022 var på 118,8 (2005=100) mot 118,1 i føregåande tremånadarsperiode. Etter auke i aktivitetsnivået i både mars og april er det nå ein klar nedgang i industrien i mai (sjå figur 1).
Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100
Linjediagram med 2 linjer.
Figuren har 1 X akse som viser Månad.
Figuren har 1 Y akse som viser Indeks. Dataene varierer fra 110.5 til 121.1.
Glattet sesongjusterte
Sesongjusterte
Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100
Månad
Glattet sesongjusterte
Sesongjusterte
Jan. 2017
113,5
114,3
Feb. 2017
113,9
114,1
Mar. 2017
114,2
114
Apr. 2017
114,3
114,2
Mai 2017
114,3
114,2
Juni 2017
114,2
114,2
Juli 2017
114,2
114,6
Aug. 2017
114,3
110,5
Sep. 2017
114,4
114
Okt. 2017
114,5
114,2
Nov. 2017
114,6
114,6
Des. 2017
114,7
115,9
Jan. 2018
114,7
113,9
Feb. 2018
114,7
114,6
Mar. 2018
114,8
115
Apr. 2018
114,9
115,2
Mai 2018
115,1
114,5
Juni 2018
115,4
115,5
Juli 2018
115,8
115,9
Aug. 2018
116,3
116,6
Sep. 2018
116,8
116
Okt. 2018
117,3
117,6
Nov. 2018
117,7
117,9
Des. 2018
118,1
118,4
Jan. 2019
118,3
118,1
Feb. 2019
118,5
118,1
Mar. 2019
118,8
116,9
Apr. 2019
119
119,2
Mai 2019
119,2
120,7
Juni 2019
119,3
118,9
Juli 2019
119,4
120,1
Aug. 2019
119,4
118,8
Sep. 2019
119,4
119,5
Okt. 2019
119,3
119,5
Nov. 2019
119,2
119,1
Des. 2019
119,2
119,1
Jan. 2020
119,1
119,4
Feb. 2020
119,2
118,9
Mar. 2020
115,6
Apr. 2020
112,6
Mai 2020
111,2
Juni 2020
110,6
Juli 2020
112,7
Aug. 2020
116,1
Sep. 2020
115,4
Okt. 2020
116,2
Nov. 2020
117,9
Des. 2020
117,6
Jan. 2021
120,5
Feb. 2021
120
Mar. 2021
121,1
Apr. 2021
117,6
Mai 2021
119,8
Juni 2021
119,6
Juli 2021
118,8
Aug. 2021
118,8
Sep. 2021
119,5
Okt. 2021
118,3
Nov. 2021
118,4
Des. 2021
116,4
Jan. 2022
120,3
Feb. 2022
117,7
Mar. 2022
118,7
118,7
Apr. 2022
118,7
120,2
Mai 2022
118,7
117,5
¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.
Månadsendring: nedgang i oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri
For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknas dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkas med varsomhet. viser at den samla industriproduksjonen hadde eit fall på 2,2 prosent frå april til mai 2022. Det var næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest til den samla nedgangen med ein reduksjon på heile 9,1 prosent.
- Det er fleire store verksemder innan dette aggregatet som utfører vedlikehaldsstans og dette bidrar til lågare produksjon i mai, seier førstekonsulent Lars Jacob Balchen Dale.
Det var òg nedgang maskinreparasjon og -installasjon på 3,9 prosent i same periode.
På den anna side hadde næringsmiddelindustrien ein oppgang på 1,7 prosent frå april til mai og bidrog såleis til å dempe produksjonsnedgangen i industrien.
Tremånadarsendring: moderat auke i industriproduksjonen
Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein moderat oppgang på 0,6 prosent i perioden mars-mai 2022 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Det var gummi, plast, mineralsk industri som bidrog mest til den samla oppgangen i industrien med ein auke på 6,2 prosent.
På den motsette sida hadde produksjon av kjemiske råvarer ein klår nedgang i denne tremånadarsperioden med 19,5 prosent. Nedgangen i næringa må delvis sjåast i samanheng med vedlikehaldsstans ved enkelte verksemder.
Samla sett hadde den Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 2,0 prosent i perioden mars-mai 2022 samanlikna med førre tremånadarsperiode (sjå figur 2).
Månadsendring: nedgang i industriproduksjon i Eurosona i april
Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Omfattar dei 19 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein nedgang på 0,5 prosent frå mars til april 2022. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg opp med 1,3 prosent.
Sverige hadde ein nedgang på 1,3 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein vekst på 1,1 prosent.
Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal
Linjediagram med 2 linjer.
Figuren har 1 X akse som viser Månad.
Figuren har 1 Y akse som viser Indeks. Dataene varierer fra 74 til 109.3.
Eurosonen
Noreg
Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal
Tremånadarsendring: vekst i samla produksjonsindeks
Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein oppgang på 2,2 prosent i perioden mars-mai 2022 samanlikna med førre tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av naturgass og råolje auka med høvesvis 2,6 og 0,7 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.
Utvinningstenester på si side hadde ein vekst på 1,5 prosent i same periode. Bergverksdrift hadde ein nedgang på 10,2 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med 1,3 prosent.
Torsdag den 12. mars 2020 innførte regjeringa tiltak mot spreiinga av koronaviruset i Noreg. Fleire av verksemdene i industrien har blitt påverka av dette, noko som har ført til at aktivitetsmønsteret frå mars har vore annleis enn kva vi vanlegvis observerer. Sesongjusteringa under koronakrisa blei gjort på ein slik måte at tal frå og med krisa (mars 2020) til tiltaka ble oppheva (februar 2022) ikkje inngår i grunnlaget for berekninga av sesongmønsteret. Teknisk, i sesongjusteringsrutinen, blir dette gjort ved å spesifisere mars 2020 og følgjande månader til og med mars 2022 som ekstremverdiar.
Dette betyr at vanlege trendtal ikkje vil bli berekna og i staden vil trend og sesongjusterte tal følgje kvarandre. Trendtala i denne perioden 2020 vil såleis være vanskelege å tolke.
SSB si sesongjustering er i tråd med tilrådingar frå Eurostat.
Sesongjustering brukes for å fjerne det vi kaller sesongvariasjoner, som for eksempel ferieavvikling eller julehandel, fra månedlige eller kvartalsvise statistiske tidsserier.
Mye statistikk publiseres som indekser. De hjelper oss å tyde utvikling i tall over tid, samt sammenligne fenomener som måles på svært ulike måter. I denne artikkelen får du vite hva en indeks er, hva den måler, og hvordan den kan brukes.