Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden mai-juli 2022 var på 118,2 (2005=100) mot 118,8 i føregåande tremånadarsperiode. Etter ein klår nedgang i mai, har aktivitetsnivået i industrien henta seg inn dei to siste månadene (sjå figur 1).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.

Månadsendring: oppgang i oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknas dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkas med varsomhet. viser at industriproduksjonen hadde ein oppgang på 1,4 prosent frå juni til juli 2022. Det var næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest til den samla auka med ein klår vekst på 15,1 prosent. Veksten i denne næringsgruppa kan sjåast i samanheng med normalisering etter drifts- og vedlikehaldsstans ved store verksemder innanfor næringsgruppa i føregåande månader. Det var òg vekst i bygging av skip og oljeplattformar med ein auke på 5,9 prosent i denne perioden.

På den anna side hadde ikkje-jernhaldig metallindustri ein nedgang på 4,4 prosent frå juni til juli og bidrog såleis til å dempe produksjonen i industrien.

Tremånadarsendring: moderat fall i industriproduksjonen

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde eit fall på 0,5 prosent i perioden mai-juli 2022 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Det var særleg maskinreparasjon- og installasjon og metallindustri som bidrog til den samla nedgangen i industriproduksjonen i denne perioden.

På den motsette sida hadde dataindustri og elektrisk utstyrsindustri ein oppgang på 4,0 prosent.

Månadsendring: oppgang i industriproduksjon i Eurosona i juni

Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Omfattar dei 19 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein oppgang på 1,0 prosent frå mai til juni 2022. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg opp med 0,2 prosent.

Sverige hadde ein oppgang på 1,4 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein vekst på 1,1 prosent.

Figur 2. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: vekst i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein oppgang på 1,0 prosent i perioden mai-juli 2022 samanlikna med førre tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde eit fall på 3,5 prosent, medan utvinning av naturgass auka med heile 7,8 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester på si side hadde ein vekst på 0,3 prosent i perioden mai-juli 2022 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde ein nedgang på 4,5 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med 2,5 prosent.

Figur 3. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.