Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden november 2022-januar 2023 var på 118,6 (2005=100) mot 118,9 i føregåande tremånadarsperiode. Trenden viser at aktivitetsnivået i industrien dei seinaste månadane har hatt ein stabil utvikling (sjå figur 1).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100

¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.

Månadsendring: Oppgang i metallvareindustrien

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde ein auke på 0,9 prosent frå desember 2022 til januar 2023. Det var metallvareindustrien som bidrog mest til den samla oppgangen med ein auke på 4,5 prosent. Også dataindustri og elektrisk utstyrsindustri bidrog til oppgangen med ein auke på 3,7 prosent.

På den motsette side hadde næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri eit fall på 2,3 prosent frå desember 2022 til januar 2023.

Tremånadarsendring: moderat fall i aktiviteten

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein moderat nedgang på 0,3 prosent i perioden november 2022-januar 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Det var særleg oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog til nedgangen i industriproduksjonen, med eit fall på 3,3 prosent i denne perioden. Det var òg fall i næringsmiddelindustrien i denne perioden med ein nedgang på 2,3 prosent. Dette kjem særleg av nedgang innan foredling og konservering av fisk der fleire verksemder rapporterte om driftsstans i denne perioden.

På den anna side hadde næringsgruppa bygging av skip og oljeplattformer ein sterk oppgang på 7,0 prosent og bidrog såleis til dempe fallet i industriproduksjonen. Fleire verksemder innanfor næringa melde om gode marknadsforhold og prosjekt i perioden som årsak til auke.

Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 2,5 prosent i perioden november 2022-januar 2023 samanlikna med førre tremånadersperiode. Industriproduksjonen unntatt leverandørindustrien er ned 1,3 prosent i same periode og trenden har vore fallande sidan våren 2021. (sjå figur 2).

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: nedgang i industriproduksjon i Eurosona i desember

Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein nedgang på 1,4 prosent frå november til desember 2022. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg ned med 0,8 prosent (sjå figur 3).

Sverige hadde ein nedgang på 0,2 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein klår auke på 15,3 prosent. Den kraftige auka i Danmark heng saman med auke i farmasøytisk industri (dst.dk).

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2015=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: fall i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein klår nedgang på 5,0 prosent i perioden november 2022-januar 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Nedgangen kjem særleg av eit fall på heile 7,0 prosent innanfor utvinning av naturgass og eit fall på 4,7 prosent innanfor utvinning av råolje. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet (npd.no).

Utvinningstenester på si side hadde ein auke på 3,4 prosent i perioden november 2022-januar 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde ein nedgang på 1,3 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med heile 12,4 prosent (sjå figur 4).

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2005=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Vekter i produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (PII) er oppdaterte no ved overgangen til nytt år. Grunnlaget for vektene er tilverkingsverdi til faktorpris frå årleg strukturstatistikk for olje- og gassutvinning, industri, elektrisitet og fjernvarme for 2021. Desse blir framskrivne til situasjonen ved utgangen av 2022 med endringstal frå kvartalsvis nasjonalrekneskap og kvantumsopplysningar frå Oljedirektoratet.

For industrinæringane var det vekta til trelast- og trevareindustrien som gjekk mest opp medan næringsmiddelindustrien gjekk mest ned frå 2022 til 2023. Samla sett for totalaggregatet (PII) fall vekta til industrien, medan vekta for utvinning og utvinningstenester gjekk opp.

Oppdaterte produktivitetsfaktorar for produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (PII) blir tekne i bruk frå og med januar 2023. Desse opplysningane er henta frå årleg nasjonalrekneskap. Faktorane bygger på årleg volumendring i bruttoprodukt per utført timeverk for dei næringane der ein nyttar timeverk som indikator, og er eit gjennomsnitt for dei 5 siste åra.