Nødvendige informasjonskapsler gjør at ssb.no fungerer og er sikkert, og kan derfor ikke velges bort. Vi har tre valgfrie informasjonskapsler som lar oss se hvor brukerne våre klikker og beveger seg på nettsiden. Informasjonen er anonym, deles aldri med andre og brukes til å forbedre ssb.no.
Norsk industriproduksjon hadde ein oppgang på 1,5 prosent frå juli til august 2023, viser sesongjusterte tal. For perioden juni-august 2023 auka aktiviteten med 0,3 prosent samanlikna med førre tremånadarsperiode.
Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden juni-august 2023 var på 118,6 (2005=100) mot 118,3 i føregåande tremånadarsperiode. Sjølv om det har vore ein del variasjon frå månad til månad viser trenden at aktivitetsnivået i industrien har hatt ein relativt stabil utvikling sidan utgangen av pandemien (sjå figur 1).
Månadsendring: oppgang i maskinindustrien i august
For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde ein auke på 1,5 prosent frå juli til august 2023. Denne auken kommer etter ein nedgang på 1,3 prosent førre månad. Det var næringane maskinindustri og data- og elektrisk utstyrsindustri som bidrog mest til den samla oppgangen med ein vekst på høvesvis 6,0 og 4,9 prosent. Det var òg auke i næringsgruppa trelast- og trevareindustri med ein oppgang på 4,5 prosent i denne perioden.
På den anna side hadde maskinreparasjon og -installasjon og metallindustri ein nedgang på høvesvis 2,8 og 1,7 prosent frå juli til august og bidrog såleis til å dempe produksjonen i industrien.
Tremånadarsendring: moderat auke i industriproduksjon
Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein liten vekst på 0,3 prosent i perioden juni-august 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Det var særleg næringsmiddelindustrien og leverandørnæringa bygging av skip og oljeplattformer som bidrog mest til oppgangen i industriproduksjonen, med ein auke på høvesvis 2,1 og 4,1 prosent i denne perioden.
På den motsette sida trekte trelast- og trevareindustrien den samla utviklinga i motsett retning i perioden, med eit fall på 2,5 prosent. I tillegg hadde òg metallindustrien og kjemiske råvarer eit fall i produksjon i perioden.
Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 2,9 prosent i perioden juni-august 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode (sjå figur 2). Industri unntatt leverandørindustrien har i same periode hatt nedgang i aktiviteten.
Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100
Linjediagram med 2 linjer.
Figuren har 1 X akse som viser Månad.
Figuren har 1 Y akse som viser Indeks. Dataene varierer fra 110.9 til 121.3.
Glattet sesongjusterte
Sesongjusterte
Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2005=100
Månad
Glattet sesongjusterte
Sesongjusterte
Jan. 2018
114,7
113,9
Feb. 2018
114,7
114,6
Mar. 2018
114,8
115
Apr. 2018
114,9
115,2
Mai 2018
115,1
114,5
Juni 2018
115,4
115,5
Juli 2018
115,8
115,9
Aug. 2018
116,3
116,6
Sep. 2018
116,8
116
Okt. 2018
117,3
117,6
Nov. 2018
117,7
117,9
Des. 2018
118,1
118,4
Jan. 2019
118,2
118
Feb. 2019
118,5
118
Mar. 2019
118,8
116,9
Apr. 2019
119,1
119,5
Mai 2019
119,3
120,6
Juni 2019
119,4
119,2
Juli 2019
119,4
120
Aug. 2019
119,3
118,9
Sep. 2019
119,3
119,4
Okt. 2019
119,2
119,1
Nov. 2019
119,1
119
Des. 2019
119
119,3
Jan. 2020
119
119,1
Feb. 2020
119
118,7
Mar. 2020
115,7
Apr. 2020
113,1
Mai 2020
111
Juni 2020
110,9
Juli 2020
112,5
Aug. 2020
116,3
Sep. 2020
115,1
Okt. 2020
115,5
Nov. 2020
117,9
Des. 2020
118,1
Jan. 2021
120,2
Feb. 2021
119,6
Mar. 2021
121,3
Apr. 2021
118,3
Mai 2021
119,4
Juni 2021
120,1
Juli 2021
118,7
Aug. 2021
118,9
Sep. 2021
119,2
Okt. 2021
117,4
Nov. 2021
118,4
Des. 2021
117,2
Jan. 2022
120
Feb. 2022
117,2
Mar. 2022
119
118,9
Apr. 2022
118,9
121
Mai 2022
118,8
117,3
Juni 2022
118,7
117,4
Juli 2022
118,8
120,2
Aug. 2022
118,8
117,8
Sep. 2022
118,8
119
Okt. 2022
118,9
119,4
Nov. 2022
118,8
118,7
Des. 2022
118,8
117,8
Jan. 2023
118,8
118,9
Feb. 2023
118,7
118,9
Mar. 2023
118,8
118,6
Apr. 2023
118,8
117,3
Mai 2023
118,9
119,1
Juni 2023
119
119
Juli 2023
119
117,5
Aug. 2023
119,1
119,3
¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.
Månadsendring: nedgang i industriproduksjon i Eurosona i juli
Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein nedgang på 2,1 prosent frå juni til juli 2023. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg ned med 1,3 prosent (sjå figur 3).
Tremånadarsendring: moderat auke i samla produksjonsindeks
Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein oppgang på 0,2 prosent perioden juni-august 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein auke på 1,6 prosent, medan utvinning av naturgass fall med heile 4,3 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet (npd.no).
Utvinningstenester på si side hadde ein auke på 1,8 prosent i perioden juni-august 2023 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde ein nedgang på 0,1 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med heile 3,9 prosent (sjå figur 4).
Sesongjustering brukes for å fjerne det vi kaller sesongvariasjoner, som for eksempel ferieavvikling eller julehandel, fra månedlige eller kvartalsvise statistiske tidsserier.
Mye statistikk publiseres som indekser. De hjelper oss å tyde utvikling i tall over tid, samt sammenligne fenomener som måles på svært ulike måter. I denne artikkelen får du vite hva en indeks er, hva den måler, og hvordan den kan brukes.