283723
283723
Svakaste folkevekst sidan 2006
statistikk
2017-03-02T08:00:00.000Z
Befolkning;Befolkning;Innvandring og innvandrere
no
folkemengde, Folkemengde og befolkningsendringar, folketal, folkemengde, innbyggjarar, middelfolkemengd, sivilstand (for eksempel gifte, ugifte, skilde), eldre, alder, kjønnBefolkning, Folketall, Barn, familier og husholdninger, Befolkning, Innvandring og innvandrere
true

Folkemengde og befolkningsendringar4. kvartal 2016

Dei kvartalsvise tala inneheld folketal og endringstal. Dei årlege tala per 1. januar inneheld folkemengd etter kjønn og alder. Ein finn kommunetal i tabell 2 og 3, og i Statistikkbanken.

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Svakaste folkevekst sidan 2006

Etter å ha vakse med 44 300 i 2016 nådde folketalet 5 258 000 ved årsskiftet. Særleg aukande utvandring har gjeve den svakaste veksten på mange år. Syriske statsborgarar var den største gruppa som blei registrert innvandra.

Folkemengd og endringane i kvartalet. Antal
4. kvartal 20164. kvartal 2015Endringar frå tilsvarande periode året før
Folketalet ved inngangen av kvartalet5 252 1665 205 43446 732
Fødde13 09713 218-121
Døde10 68210 221461
Fødselsoverskot2 4152 997-582
Innvandring16 17015 829341
Utvandring12 53010 3972 133
Nettoinnflytting, inkl. inn- og utvandring3 6405 432-1 792
Folkevekst6 1518 551-2 400
Folketalet ved utgangen av kvartalet5 258 3175 213 98544 332

Talet på innvandrarar med statsborgarskap frå land med konfliktar veks. I fjor blei 11 200 syriske statsborgarar registrerte som innvandra. Sidan asylsøkjarar ikkje blir registrerte innvandra før dei eventuelt får opphaldsløyve i Noreg, har mange av asylsøkjarane som kom hausten 2015, først blitt registrerte som innvandra i 2016. Dermed blei syriske statsborgarar den klart største innvandrargruppa. Svært få syriske statsborgarar utvandra. Nettoinnvandringa av eritreiske statsborgarar var på 2 600, og dei var dermed den nest største gruppa. For afghanske statsborgarar var nettoinnvandringa på 2 100. Innvandringa av statsborgarar frå Aust-Europa held fram å minke. Til dømes har nettoinnvandringa for polske statsborgarar gått ned frå 4 700 i 2015 til 1 200 i 2016.

Utvandringa sette ny rekord

Folketalet vaks med 44 300 i fjor, noko som er 3 850 mindre enn i 2015. Dette er den svakaste veksten i folketalet sidan 2006 og meir enn 20 000 lågare enn i toppåra 2011 og 2012. Meir utvandring til utlandet er hovudårsaka til den avtakande veksten. Nettoinnvandringa frå utlandet minka med 3 700 samanlikna med i 2015. Det vart registrert 66 800 flyttingar til Noreg frå utlandet, noko som var 500 færre enn året før. 40 700 utvandra, 3 200 fleire enn i 2015. Dette er det største talet for utvandring som nokosinne er registrert.

Framleis folketalsvekst i alle fylka

Det var vekst i folketalet i alle fylka i 2016, men i åtte fylke var veksten svakare enn året før. Folkerike fylke som Oslo, Rogaland og Hordaland hadde mindre vekst i folketalet enn i 2015. I Oslo var veksten på 8 400, mot 10 700 i 2015. Rogaland hadde ein vekst på 1 800 som er meir enn ei halvering frå 2015. Akershus hadde den sterkaste veksten i folketalet i landet med 9 800, og veksten har dermed auka sidan året før.

Alle fylka hadde positiv nettoflytting frå utlandet, og seks fylke hadde òg positiv innanlandsk nettoflytting. Både i absolutte tal og prosentvis var den samla nettoinnflyttinga størst i Akershus. Fylket er i ei særstilling når det gjeld innanlandsk nettoinnflytting. Akershus hadde ei innanlandsk nettoinnflytting på 5 700. I høve til folketalet var nettoinnflyttinga frå utlandet størst i Finnmark og Sogn og Fjordane.

Som einaste fylke hadde Rogaland negativ nettoflytting dersom vi ser på innanlandsk og utanlandsk flytting under eitt. Fødselsoverskotet hjå rogalendingane var likevel stort nok til at det vart vekst i folketalet.

Auke i levealderen for menn

Det døydde 40 700 i 2016, som er om lag det same talet som året før. Levealderen for menn var 80,6 år, som er tre månader lenger enn i 2015. For kvinner heldt levealderen seg uendra på 84,2 år.

58 900 born vart fødd i 2016, mest like mange som året før. Samla fertilitetstal (SFT) var 1,71, noko lågare enn i 2015. Fertilitetstalet har gått ned kvart år dei siste seks åra. I 2009 var talet 1,98. Fødselsoverskotet i 2016 var på 18 200, om lag 100 mindre enn året før.

Opprydding i folkeregisteretÅpne og lesLukk

Personar som er i landet kortare enn seks månader vert ikkje registrerte og er difor ikkje medrekna i desse tala. Ein tredel av utvandringane siste året gjeld personar som har flytta frå landet for lengre tid sida utan å melde frå til folkeregisteret. Skattedirektoratet har ein pågåande opprydding i Det sentrale folkeregisteret som utregistrerar desse personane.

Asylsøkjarar utan opphaldsløyve kjem ikkje med i statistikkenÅpne og lesLukk

Asylsøkjarar som enno ikkje har fått opphaldsløyve i Noreg vert ikkje registrerte som busette i folkeregisteret og er difor ikkje registrerte som innvandra. Ein må vente til Utlendingsdirektoratet (UDI) har fått handsama søknadene deira før dei vert synlege i befolkningsstatistikken.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB