Dei siste åra har det vore ein auke i talet på 15–19-åringar som Registrert (1) under utdanning per 1. oktober og (2) med jobb som lønnstakar i veka med den 16. november eller sjølvstendig næringsdrivande i året før statistikkåret. Datagrunnlaget inkluderer elevar og studentar på både del- og heiltid. Lærlingar blir rekna som å kombinere jobb og skole. – frå i overkant av 87 000 i 2016 til nesten 115 000 i 2024.

Samtidig har den gjennomsnittlege Ved å samanstille informasjon om stillingsprosent og talet på timar i full stilling per veke, blir det berekna ei avtalt arbeidstid per veke for kvar person. per person i veka gått ned frå 19,6 til 15,3 timar i perioden. Det viser dei foreløpige tala for 2024 frå statistikken om tilknyting til arbeid, utdanning og velferdsytingar.

– Også lærlingar blir rekna som å kombinere jobb og utdanning, og dei har høgare arbeidstid enn vidaregåandeelevar generelt. Prosentdelen som lærlingane utgjer av gruppa 15–19-åringar som kombinerer, har blitt mindre dei siste åra når mange andre unge har komme i jobb. Det har gjort at den gjennomsnittlege arbeidstida har gått ned, seier seniorrådgjevar Christoffer Berge i Statistisk sentralbyrå.

Figur 1. Personar i alderen 15–19 år som kombinerer arbeid og utdanning, og gjennomsnittleg avtalt arbeidstid per person i veka. 4. kvartal 2016–2024

Frå og med statistikkåret 2019 publiserer SSB foreløpige tal i statistikken om tilknyting til arbeid, utdanning og velferdsytingar. Bakgrunnen for dette er eit ønske om å betre aktualiteten i statistikken og gjere tala tilgjengelege for brukarane på eit tidlegare tidspunkt.

I motsetning til dei endelege tala, er dei foreløpige tala delvis baserte på informasjon frå året før statistikkåret. Dette gjeld særleg sjølvstendig næringsdrivande som blir identifiserte ved hjelp av opplysningane i skattemeldinga. Skattemeldingsregisteret har lang produksjonstid, og derfor blir registeret frå året før brukt til produksjon av foreløpige tal. Det betyr at skattemeldingsregisteret frå 2023 blir brukt i dei foreløpige tala for 2024.

Som følgje av denne forskyvinga er det noko større uvisse i tala. Nokre personar kan bli feilklassifiserte som sysselsette, sjølv om dei var utanfor arbeid i statistikkåret. På den andre sida kan nokre også bli rekna som ikkje-sysselsette, sjølv om dei starta næringsverksemd i statistikkåret.

No jobbar dei mindre enn 20–24-åringane

I perioden 2016–2021 hadde aldersgruppene 15–19 år og 20–24 år omtrent same snitt på i underkant av 20 timar i veka blant dei som kombinerte jobb og utdanning.

For begge dei yngste aldersgruppene gjekk arbeidstida ned etter denne perioden, men frå og med 2022 fekk 15–19-åringane tydeleg lågare arbeidstid enn 20–24-åringane også. I 2024 var forskjellen mellom aldersgruppene blitt på nesten 2 timar.

Figur 2. Gjennomsnittleg avtalt arbeidstid for 15–29-åringar som kombinerer arbeid og utdanning, etter aldersgrupper. 4. kvartal 2016–2024. Timar per veke

Høgast arbeidstid for 25–29-åringane

Dei knappe 59 000 i alderen 25–29 år som kombinerte jobb og studiar i 2024, jobba i snitt over 26 timar i veka. Det er ein auke på 1,7 timar sidan 2016. Hovudvekta av denne auken kom frå 2016 til 2017 og frå 2023 til 2024.

Aldersgruppa 25–29 år er nok enda meir samansett enn dei yngre aldersgruppene. Her kan vi for eksempel i større grad finne personar som var

  • registrerte som under utdanning i oktober, men var komme i heiltidsjobb i november
  • i jobb mens dei tok fagskoleutdanning eller anna utdanning på lågare nivå enn universitet- og høgskolenivå
  • i heiltidsjobb og studerte på universitet eller høgskole på deltid
  • ph.d.-studentar

Alle desse eksempla vil trekke opp gjennomsnittleg arbeidstid samanlikna med heiltidsstudentar som har ein deltidsjobb og samanlikna med yngre aldersgrupper.

Vi finn eit høgare nivå på arbeidstida enn i ein analyse basert på 2022-tal frå utvalsundersøkinga Eurostudent, særleg blant 25–29-åringane. Ein av hovudgrunnane er at det i analysen blir sett på heiltidsstudentar som tar bachelor-, masterutdanningar eller andre utdanningar på høgare nivå. I tala henta frå registerstatistikken om tilknyting til arbeid, utdanning og velferdsytingar ser vi på alle som kombinerer jobb og utdanning, uavhengig av studiebelastning og nivå på utdanninga. I tillegg blir Eurostudent gjennomført på vårsemesteret og respondentane svarar på om dei jobbar heile eller delar av semesteret, mens vi her måler eit tverrsnitt på hausten. Sjølvrapportering og utvalsundersøkingar kan også gje andre tal enn registerdata.

Prosentdelen 15–19-åringar som kombinerer jobb og utdanning har stagnert

Prosentdelen som kombinerte jobb og skole blant 15–19-åringane gjekk ned med eitt prosentpoeng frå 2019 til koronaåret 2020, før ei bratt stigning i åra etterpå til eit toppår i 2022 med 34 prosent.

Frå og med 2022 har prosentdelen som kombinerte vore omtrent uendra. Dette skjer trass i ein vekst i talet på personar i alderen 15–19 år som både jobbar og er under utdanning.

– Det har vore ein vekst i storleiken på alderskulla som har blitt 15–19 år dei siste åra, og auken i talet på dei som kombinerer jobb og skole har ikkje halde tritt. Dermed stagnerte utviklinga i prosentdelen som kombinerte, seier Christoffer Berge.

Figur 3. Personar i alderen 15–29 år som kombinerer arbeid og utdanning, etter aldersgrupper. 4. kvartal 2016–2024. Personar og i prosentdel av aldersgruppa

Også blant 20–24-åringane har det vore ei utflating i prosentdelen som kombinerer etter auken i etterkant av korona – sjølv om vi ser ein liten auke frå 2023 til 2024. Samtidig har det vore ei jamn stigning blant dei eldste i aldersgruppa 25–29 år.

Til saman gjer utviklinga i dei ulike aldersgruppene at det har vore ein liten auke for aldersgruppa 15–29 år samla når det kjem til prosentdelen som kombinerer jobb og utdanning. Både i 2022 og 2023 var denne prosentdelen på 26,4 prosent, mens den i 2024 var på 26,6 prosent.

Sidan 2016 har det vore ein vekst på heile 5,1 prosentpoeng i prosentdelen unge under 30 år som både jobbar og er under utdanning, og denne var tydelegast etter koronaåret 2020 og drive av dei aller yngste.

Ny faktaside om unge utanfor

Tal på unge utanfor arbeid, utdanning og arbeidsretta tiltak finn du på den nye faktasida vår «Hva er NEET?».