I befolkninga utanom innvandrarane var 79,5 prosent i arbeid. I begge befolkningsgrupper var det ein svak nedgang i andel Personar som utførte inntektsgjevande arbeid på minst éin time  i referanseuka, samt personar som har eit slikt arbeid, men som var midlertidig fråverande pga. sjukdom, ferie, permisjon e.l. Dei som er inne til førstegongs militær- eller sivilteneste, reknast som sysselsette. Personar på sysselsettingstiltak med lønn frå arbeidsgivar reknast og som sysselsette. Sysselsette omfattar både lønnstakarar og sjølvstendig næringsdrivande. Definisjonen av sysselsette gjeld heile befolkninga og ikkje berre innvandrarar.på 0,2 prosentpoeng. Dette viser tal frå statistikken Sysselsetting blant innvandrere, registerbasert.

Personar som er født i utlandet av utanlands fødde foreldre, og som er registrert busett i Noreg ifølge Det sentrale folkeregisteret. Blant innvandrarar reknast både flyktningar, arbeidsinnvandrar, familieinnvandrarar m. fl. Norskfødde med innvandrarforeldre reknast ikkje som innvandrar.frå EU-landa (både før og etter 2004) hadde ein nedgang på litt under 2 prosentpoeng kvar frå 4. kvartal 2024 til 4. kvartal 2025, medan det var heilt marginale endringar blant dei frå Afrika og Asia. Gruppa frå Europa utanom EU/EFTA hadde den største auken, på 4  prosentpoeng. 

– Auken i andel sysselsette på 4 prosentpoeng blant innvandrarar frå Europa utanom EU skuldast mellom anna at flyktningane frå Ukraina hadde ein stor auke på 10 prosentpoeng, til 47 prosent sysselsette. Dette må antakeleg sjåast i samanheng med at mange i denne gruppa har avslutta introduksjonsprogrammet i 2025, seier Christoffer Berge, seniorrådgjevar i Statistisk sentralbyrå.

Innvandrarane bidrog til auke i talet på sysselsette

Sjølv om prosentdelen sysselsette gjekk svakt ned, var det likevel ein auke i underkant av 11 000 sysselsette blant innvandrarane frå 2024 til 2025. Av dei var 7 100 frå Ukraina. I befolkninga utanom innvandrarane var det ein nedgang på 6 900 sysselsette. Innvandrarane bidrog dermed til ein netto auke på omtrent 4 000 sysselsette totalt i heile befolkninga. Dette er ein trend vi har sett over lengre tid.

Framleis lågast sysselsetting blant dei frå Europa utanom EU/EFTA

Trass i at prosentdelen gjekk ein del opp i gruppa frå Europa utanom EU/EFTA, har dei framleis den lågaste sysselsettingsandelen blant innvandrarane, på 58,3 prosent. Deretter kjem innvandrarane frå Afrika og Asia med høvesvis 62,3 og 64,3 prosent. Innvandrarane frå EU-landa (både før og etter 2004) låg på rundt 73 prosent. Som vanleg hadde nordiske innvandrarar høgast sysselsetting, på 79,3 prosent.

Figur 1. Sysselsette 20-66 år etter innvandrerbakgrunn og verdsregion. I prosent av busette i alt i kvar gruppe. 4. kvartal 2025

Noko lågare heiltidsdel blant innvandrarar

Heiltidsdelen – dvs. delen av dei sysselsette som arbeider 100 prosent eller meir – er noko lågare blant innvandrarar enn hos sysselsette elles. I 4. kvartal 2025 arbeidde 74,4 prosent av dei sysselsette innvandrarane heiltid, mot 79,2 prosent blant sysselsette elles. Desse tala er altså rekna som prosent av alle sysselsette i kvar gruppe. 

Det er det store skilnadar mellom innvandrargruppene. Sysselsette frå Norden, EU-landa (begge grupper) samt Nord-Amerika og Oseania ligg på mellom 80 og 82 prosent i heiltidsarbeid. Deretter ser vi eit tydeleg skilje til dei frå Latin Amerika, Asia og Europa utanom EU/EFTA, som har andelar i heiltid på mellom 69 og 71 prosent. Innvandrarar frå Afrika hadde lågaste heiltidsandel, på 64,2 prosent. 

– Dei lågare andelane i heiltid blant innvandrarar frå Asia, Afrika og Europa utanom EU har vore stabile over lengre tid og heng mellom anna saman med at desse innvandrarane i større grad jobbar i sals- og serviceyrke enn andre innvandrarar og sysselsette elles, seier Christoffer Berge.

Sals- og serviceyrke er yrkesgrupper der deltidsarbeid er særleg utbreidd. Vi ser óg at lang deltid (80-99 prosent stilling) er den mest vanlege deltidsvarianten i alle grupper. Deltidsarbeid på under 20 prosent er minst utbreidd i alle grupper av sysselsette. 

Figur 2. Sysselsette 20-66 år etter stillingsprosent, innvandrarbakgrunn og verdsregion. I prosent av sysselsette i alt i kvar gruppe. 4. kvartal 2025

Mindre skilnadar i gjennomsnittleg stillingsprosent

Når vi i staden ser på gjennomsnittleg stillingsprosent i kvar gruppe, vert skilnadane mykje mindre enn når vi berre ser på heiltidsandelar. Sidan det som nemnd er mange med lang deltid, vil dei dermed trekkje opp snittet totalt. Vi ser da berre ein marginal skilnad mellom sysselsette innvandrarar og sysselsette elles. Begge grupper ligg på rundt 91 prosent. 

Elles har innvandrarane frå Norden, EU-landa (begge grupper) samt Nord-Amerika og Oseania gjennomsnittlege stillingsprosentar som alle ligg litt over sysselsette innvandrarar i alt og sysselsette elles. Skilnaden til dei fire andre innvandrargruppene vert heller ikkje så stor. Dei ligg alle mellom 87,4 og nesten 90 prosent. 

Figur 3. Sysselsette 20-66 år etter gjennomsnittleg stillingsprosent, innvandrarbakgrunn og verdsregion. 4. kvartal 2025

Store variasjonar i kjønnsskilnadar blant sysselsette

Skilnadane i andel sysselsette mellom menn og kvinner er ganske varierande i dei ulike innvandrargruppene. Skilnaden er størst i den afrikanske gruppa der menn ligg nesten 10 prosentpoeng over kvinner. Deretter kjem den asiatiske gruppa med ein skilnad på 7,3 prosentpoeng. 

Blant innvandrarar i alt og i resten av befolkninga ligg kjønnsskilnaden på om lag 4,5 prosentpoeng, i begge populasjonar. Alle dei nemnde skilnadane er i favør av menn. Det er berre innvandrarar frå nye EU land etter 2004 som skil seg ut med ein skilnad i andel sysselsette i favør av kvinner på 4,4 prosent. Dette heng saman med ein nedgang blant menn i denne gruppa frå 2024 til 2025. 

Det finnast elles døme på store avvik frå desse tala når vi ser på einskilde land. Dette gjeld ikkje minst den asiatiske gruppa der vi kan sjå skilnadar i favør av menn på mellom 24 og 30 prosentpoeng blant dei frå Syria, Afghanistan og Pakistan. På den anna sida ser vi ein marginal skilnad i favør av kvinner blant innvandrarar frå Thailand og elles berre ein skilnad på rundt 2 prosentpoeng i favør av menn blant dei frå Vietnam og Filippinane. 

Figur 4. Sysselsette 20-66 år etter innvandrarbakgrunn, verdsregion og kjønn. I prosent av busette i alt i kvar gruppe. 4. kvartal 2025

Store skilnadar i gjennomsnittleg stillingsprosent hos innvandrarkvinner

Når vi ser på dei gjennomsnittlege stillingsprosentane hos menn og kvinner, er det nokså små skilnadar mellom innvandrargruppene blant menn. Samstundes er dei gjennomsnittlege stillingsprosentane hos innvandrarmenn i alt og sysselsette menn elles nærmast like.

Hos kvinner er det derimot mykje større skilnadar mellom innvandrargruppene. Når vi ser på den gjennomsnittlege stillingsprosenten hos innvandrarkvinner i alt og sysselsette kvinner elles, er det ein moderat differanse på eit par prosentpoeng i favør av sistnemnde gruppe. 

Når det gjeld skilnad mellom kjønna, er han størst blant dei afrikanske innvandrarane, på 14,5 prosentpoeng, medan dei frå Asia og Europa utanom EU ligg på 8-9 prosentpoeng. Dei frå Norden har minst kjønnsskilnad, på 5 prosentpoeng. Blant innvandrarar i alt er det ein differanse i gjennomsnittleg stillingsandel på 8,5 prosentpoeng og blant sysselsette elles, 6,6 prosentpoeng. Alle dei nemnde skilnadane er i favør av menn. 

Figur 5. Sysselsette innvandrere 20-66 år etter verdensregion, kjønn og gjennomsnittleg stillingsprosent. 4. kvartal 2025