Nedgangen i Personar som utførte inntektsgjevande arbeid på minst éin time  i referanseuka, samt personar som har eit slikt arbeid, men som var midlertidig fråverande pga. sjukdom, ferie, permisjon e.l. Dei som er inne til førstegongs militær- eller sivilteneste, reknast som sysselsette. Personar på sysselsettingstiltak med lønn frå arbeidsgivar reknast og som sysselsette. Sysselsette omfattar både lønnstakarar og sjølvstendig næringsdrivandeblant Personar som er født i utlandet av utanlands fødde foreldre, og som er registrert busett i Noreg ifølge Det sentrale folkeregisteret. Blant innvandrarar reknast både flyktningar, arbeidsinnvandrar, familieinnvandrarar m. fl. Norskfødde med innvandrarforeldre reknast ikkje som innvandrarheng saman med den store flyktningstraumen frå Ukraina. I løpet av 2022 og 2023 vart 36 000 ukrainske flyktningar i alderen 20-66 år busette i Noreg. Av dei var 16,9 prosent sysselsette ved utgangen av 2023. Eit stort fleirtal av nyleg busette flyktningar deltar på introduksjonsprogrammet den fyrste tida i Noreg og er difor ikkje på arbeidsmarknaden.  Viss vi held krigsflyktningane frå Ukraina utanfor innvandrargruppa, får vi ei auke i sysselsettinga frå 70,4 prosent i 2022 til 70,8 prosent i 2023.

Innvandrarar bidro til vekst i talet på sysselsette

Sjølv om prosentdelen gjekk ned, var det 21 100 fleire innvandrarar i jobb i 4. kvartal 2023 enn året før. I befolkninga elles var det ein nedgang på litt under 3 000 sysselsette. Med andre ord veide innvandrar opp for denne nedgangen og bidro til ei netto auke på om lag 18 000  sysselsette totalt i aldersgruppa 20-66 år i 2023.

Stor nedgang i gruppa frå Europa utanfor EU

I dei ulike innvandrargruppene basert på verdsregionar var det størst nedgang i prosentdelen sysselsette blant dei frå Europa utanom EU på heile 6,5 prosentpoeng som følgje av det store talet på flyktningane frå Ukraina. Det var elles berre marginale aukar og blant innvandrar frå EU/EFTA-landa, både nye og gamle, var sysselsettinga heilt uendra.

Liten kjønnsskilnad blant dei frå Norden og EU-land etter 2004

Når vi ser på prosentdelane sysselsette for menn og kvinner i dei ulike innvandrargruppene, er skilnadane ganske varierande. Den er størst i den afrikanske gruppa, på 11,6 prosentpoeng i favør av menn. Innvandrarane frå Asia og Europa utanom EU etc. har ein skilnad på rundt 7 prosentpoeng i kvar gruppe som er omtrent den same skilnaden vi finn blant innvandrarar i alt. Dei andre innvandrargruppene ligg noko under dette snittet.

Blant innvandrarar frå Norden var det berre 1,6 prosentpoeng i skilnad, og i gruppa frå nye EU-land etter 2004 var det berre ein heilt marginal skilnad på 0,3 prosentpoeng. Til samanlikning var det i befolkninga utanom innvandrarane ein skilnad på 4 prosentpoeng. Alle dei omtala skilnadane er i favør av menn.

Figur 1. Sysselsette 20-66 år etter innvandrarbakgrunn, landbakgrunn og kjønn. I prosent av busette i alt i kvar gruppe. 4. kvartal 2023
Søylediagram med 2 serier.
Figuren har 1 X akse som viser Innvandrer- og landbakgrunn.
Figuren har 1 Y akse som viser Prosent. Dataene varierer fra 48.7 til 81.8.
Highcharts.com
Figur 1. Sysselsette 20-66 år etter innvandrarbakgrunn, landbakgrunn og kjønn. I prosent av busette i alt i kvar gruppe. 4. kvartal 2023
Innvandrer- og landbakgrunnKvinnerMenn
Europa utanom EU/EFTA/Storbritannia48,755,6
Afrika55,567,1
Asia60,968,5
Nord-Amerika og Oseania65,872,8
Latin-Amerika og Karibia69,975,4
Nye EU-land etter 20047777,3
EU/EFTA fram til 2004 utenom Norden73,178,9
Norden utanom Norge79,681,2
 
Innvandrarar i alt64,471,9
Befolkninga eksklusive innvandrarar77,781,8

Noko lågare heiltidsdel blant innvandrarar

Heiltidsdelen, det vil seie dei som har ein stillingsprosent på 100 eller meir, er noko lågare blant sysselsette innvandrarar (74,2 prosent) enn hos sysselsette elles (78,5 prosent). Men det er det store skilnadar innanfor innvandrargruppa. Sysselsette frå Afrika har den lågaste heiltidsdelen, på 61,7 prosent, medan dei frå Asia og Latin-Amerika og Karibia ligg like under 70 prosent.  Deretter kjem sysselsette frå Europa utanom EU etc. med ein heiltidsdel på 73 prosent. Dei sysselsette frå Norden og EU-landa har tilsvarande tal på mellom 79 og 82 prosent, det vil seie noko over snittet for sysselsette utanom innvandrarane.

Det må elles leggjast til at blant dei som jobbar deltid, så er det lang deltid på 80-99 prosent som er mest vanleg. Deltidsarbeid på under 20 prosent er minst utbreidd  i alle grupper av sysselsette.

Figur 2. Sysselsette 20-66 år etter stillingsprosent, innvandrarbakgrunn og landbakgrunn. 4. kvartal 2023
Søylediagram med 6 serier.
Figuren har 1 X akse som viser Innvandrer- og landbakgrunn.
Figuren har 1 Y akse som viser Prosent. Dataene varierer fra 2.4 til 100.10000000000001.
Highcharts.com
Figur 2. Sysselsette 20-66 år etter stillingsprosent, innvandrarbakgrunn og landbakgrunn. 4. kvartal 2023
Innvandrer- og landbakgrunnUnder 20 prosent20-39 prosent40-59 prosent60-79 prosent80-99 prosent100 prosent eller meir
Afrika6,27,57,97,19,661,7
Asia4,65,57,15,77,569,6
Latin-Amerika og Karibia4,55,46,76,17,669,8
Europa utanom EU/EFTA/Storbritannia4,64,65,85,16,873
Nye EU-land etter 20042,52,94,64,46,179,4
EU/EFTA fram til 2004 utanom Norden2,73,24,33,95,680,4
Nord - Amerika og Oseania3,73,54,23,34,780,5
Norden2,42,83,73,55,382,3
 
Sysselsette innvandrarar i alt3,84,45,756,874,2
Sysselsette eksklusive innvandrarar3,93,94,53,85,378,5

Lågare del i faste stillingar blant innvandrarar

Tal for sysselsette etter tilsetjingsform syner at innvandrarar har noko lågare prosentdel i faste stillingar enn sysselsette elles, høvesvis 80,6 mot 85,4 prosent. Men det er store skilnadar innanfor innvandrargruppa. Sysselsette frå Afrika har den lågaste delen, på 73 prosent. Deretter kjem dei frå Asia med 77,5 prosent i faste stillingar. Innvandrar frå EU-landa (begge grupper) og Norden ligg på den anna side på mellom 83 og 86 prosent, medan dei andre gruppene har rundt 79 prosent i faste stillingar.

Figur 3. Sysselsette 20-66 år etter tilsetjingsform, innvandrarbakgrunn og landbakgrunn. 4. kvartal 2023
Søylediagram med 3 serier.
Figuren har 1 X akse som viser Innvandrer- og landbakgrunn.
Figuren har 1 Y akse som viser Prosent. Dataene varierer fra 73.1 til 100.1.
Highcharts.com
Figur 3. Sysselsette 20-66 år etter tilsetjingsform, innvandrarbakgrunn og landbakgrunn. 4. kvartal 2023
Innvandrer- og landbakgrunnFast stillingMidlertidig stillingUoppgitt
Afrika73,122,34,6
Asia77,515,96,6
Europa utanom EU/EFTA/Storbritannia78,916,84,3
Latin-Amerika og Karibia78,915,95,2
Nord-Amerika og Oseania79,313,37,4
EU/EFTA fram til 2004 utanom Norden82,6125,4
Nye EU-land etter 200484,79,85,6
Norden utanom Norge86,58,25,3
 
Sysselsette innvandrarar i alt80,613,85,6
Sysselsette eksklusive innvandrarar85,495,6