Artiklar om ledige stillingar

Artiklar, analysar og publikasjonar

2025

  1. Det var 11 600 fleire ledige stillingar i 1. kvartal 2025 enn kvartalet før. Dette kjem etter ein nedgang på 11 800 ledige stillingar i førre kvartal.

  2. Etter rekordmange ledige stillingar i fleire år, ser vi no ein nedgang på nesten 12 prosent frå førre kvartal.

2024

  1. Med over 100 000 ledige stillingar i 3. kvartal er etterspørselen etter arbeidskraft framleis høg.

  2. I 2. kvartal gjekk talet på ledige stillingar ned med 15 prosent, men nivået er framleis høgt.

  3. Det var 117 600 ledige stillingar i årets første kvartal. Heile to tredjedelar av dei ledige stillingane var i privat sektor.

  4. Talet på ledige stillingar har vore høgt i 2023, med over 100 000 ledige stillingar i alle årets kvartal. Nivået var rekordhøgt i første kvartal og har deretter avtatt.

2023

  1. Det sesongjusterte talet på ledige stillingar var stabilt frå 2. til 3. kvartal 2023. Samstundes er talet på ledige stillingar i prosent av alle jobbar uendra.

  2. Etter at det har vore rekordmange ledige stillingar i over eitt år, ser vi no ein nedgang på 10 prosent frå førre kvartal.

  3. Etter eit rekordår i fjor med over 100 000 ledige stillingar i alle årets kvartal, ser vi no ein ytterlegare auke. Det var 130 400 ledige stillingar i 1. kvartal.

  4. Det var 114 500 ledige stillingar i 4. kvartal 2022. Med over 100 000 ledige stillingar i alle årets kvartal har etterspørselen etter arbeidskraft vore unormalt høg heile året.

2022

  1. I 3. kvartal 2022 var det 100 200 ledige stillingar. Etterspørselen etter arbeidskraft er framleis høg, sjølv om den er lågare enn den var i førre kvartal.

  2. I 2. kvartal 2022 var det 107 800 ledige stillingar. Dette er den tredje rekorden på eitt år.

  3. I 1. kvartal 2022 var det over 100 000 ledige stillingar. Dette er det høgaste som er målt i statistikken si historie. Samstundes er arbeidsløysa på det lågaste nivået sidan 2009.

  4. I 4. kvartal 2021 var talet på ledige stillingar framleis høgt, og arbeidsløysa var tilbake på same nivå som før koronakrisa. Flest ledige stillingar finn vi innan varehandel.

2021

  1. Medan arbeidsløysa i 3. kvartal 2021 var tilbake på om lag same nivå som før koronakrisa, var talet på ledige stillingar 96 200 i same periode, det høgaste på over ti år.