Det var 100 400 Stillinga må være utlyst, formelt eller uformelt. Uformelle utlysingar er til dømes oppslag i butikk eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som berre er opne for interne søkjarar, blir ikkje rekna som ledige etter denne definisjonen. Ei utlyst ledig stilling blir talt med sjølv om den på referansetidspunktet er oppteken. Talet på ledige stillingar er ein størrelse på behaldninga av ledige stillingar på referansetidspunktet, ved utgangen av midtre månad i kvartalet. i 1. kvartal 2025. Det er ein auke på 13,1 prosent sidan førre kvartal, viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar.
– Gjennom 2024 har talet på ledige stillingar heldt seg på eit høgt nivå, men sank med 26 700 stillingar frå starten til slutten av året, i 2025 har talet igjen auka, seier Rakel Gading, seniorrådgivar i Statistisk sentralbyrå.
Tala for ledige stillingar viser behaldninga på eit gitt tidspunkt i kvartalet, og ikkje tilgangen på nye stillingar i løpet av kvartalet. Det betyr at dersom verksemder har stillingar dei ikkje klarer å fylle, så kan dei inngå i statistikken i fleire periodar.
61 prosent fleire ledige stillingar i helsetenester
I 1. kvartal 2025 var det 14 næringar med auke og 5 med nedgang. Nokre næringar skil seg ut:
- Helsetenester, som blant anna inkluderer sjukehus og heimesjukepleie, auka med 61 prosent eller 3 900 stillingar.
- Forretningsmessig tenesteyting, som blant anna inkluderer utleie av arbeidskraft, auka med 37 prosent eller 2 600 stillingar.
- Byggje- og anleggsverksemd auka med 23 prosent eller 1 700 ledige stillingar.
Blant dei næringane som fekk færre ledige stillingar var offentleg administrasjon og undervisning, der talet på ledige stillingar gjekk ned med 6 og 9 prosent, eller 300 og 500 stillingar.