Talet på gjekk ned med 700 frå 3. kvartal 2021 til 4. kvartal 2021, som vi kan sjå i figur 1. Det svarer til ein nedgang på i underkant av ein prosent. Dette viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar.
‒Tala på ledige stillingar har vore rekordhøge sidan i vår, og har aldri vore høgare i eit 4. kvartal. Med 95 600 ledige stillingar er det ein auke på 36 prosent frå same kvartal 2019, seier Tonje Køber, seksjonssjef for arbeidsmarknad og løn.
Størst etterspurnad innan varehandel
Næringa varehandel har hatt flest ledige stillingar to kvartal på rad, dette kvartalet med 11 900 ledige stillingar. Dette svarer til ein auke på 23 prosent frå førre kvartal.
‒ Det har aldri vore eit høgare nivå på talet på ledige stillingar innan varehandel, og næringa stod for 12 prosent av alle ledige stillingar i Noreg dette kvartalet, seier Tonje Køber.
Dei tre siste kvartala har etterspurnaden etter arbeidskraft vore høgare enn normalt i næringane byggje- og anleggsverksemd og forretningsmessig tenesteyting. I sistnemnde inngår blant anna vakttenester, reisebyråverksemd og arbeidskrafttenester. Om lag halvparten av alle ikkje-busette lønstakarar arbeider i desse næringane. Tal frå arbeidshold og løn viser ein stor nedgang i talet på jobbar blant ikkje-busette i desse næringane, og dette kan vere med på å forklare den store etterspurnaden etter arbeidskraft.
Framleis færre utanlandske pendlarar
Tal frå arbeidsforhold og løn viser ein vekst i talet på jobbar i same periode. Som tidlegare omtalt har dei som pendlar til Noreg for å jobbe, ikkje-busette, vore hardt ramma. Gjennom hausten i fjor såg vi ein stadig auke i jobbar, og for dei busette var auken frå 4. kvartal 2019 til same kvartal i 2021 på 2,3 prosent. Dei ikkje-busette har derimot ikkje hatt den same tilbakekomsten, og i 4. kvartal 2021 er talet på jobbar framleis 17 prosent lågare enn i 4. kvartal 2019.
Nedgang i arbeidsløysa
Tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at har gått nokså raskt ned tilbake på same nivå som før koronakrisa starta. Figur 2 viser utviklinga i forholdet mellom arbeidslause i prosent av (den horisontale aksa) og (den vertikale aksa), vist ved Beveridgekurva. Kvart punkt i figuren viser eit nivå på både ledige stillingar og arbeidsløyse i eit gitt kvartal. Linjene mellom punkta indikerer utviklinga over tid.
Figur 2
Frå kurva ser vi tydeleg at nedstenginga etter utbrotet av korona gav eit høgt nivå på arbeidsløysa, medan prosentdelen ledige stillingar var lågare enn vanleg. Etter kvart som tiltaka vart oppheva har prosentdelen ledige stillingar vore høgt. I 4. kvartal ser vi ein marginal nedgang i prosentdelen ledige stillingar medan arbeidsløysa er komen ned til nivået frå før koronakrisa. Talet for ledige stillingar fangar ikkje opp effekten av nedstenginga som var i desember i fjor.
Koronakrisa påverkar statistikken over ledige stillingar på fleire vis som er viktig å ta omsyn til når ein tolkar tala. I dei sesongjusterte tala har vi følgt Eurostat sine retningslinjer som seier at effekten av koronakrisa ikkje skal inngå i grunnlaget for sesongmønsteret. Det inneber at vi frå og med 2. kvartal 2020 antar at sesongmønsteret er uendra, og at vi korrigerer for den systematiske sesongvariasjon berekna på data før koronakrisa. Vi gjer dette frå og med 2. kvartal fordi referansetidspunktet for 1. kvartal i statistikken over ledige stillingar er utgangen av februar, altså månaden før koronakrisa inntrefte. Talet på arbeidsforhold (jobbar), som vil seie størstedelen av nemnaren i prosentdelen ledige stillingar, har bevega seg mykje etter 2. kvartal 2020. Særleg gjeld dette næringar som i større grad har blitt ramma av dei nasjonale tiltaka for å redusere spreiinga av koronaviruset. Ein nedgang i talet på arbeidsforhold i perioden heng saman med oppseiingar, langvarige permitteringar (permitteringar over 90 dagar blir ikkje rekna som sysselsetting), mindre bruk av tilkallingsvikarar og færre nytilsettingar. Ein nedgang i talet på arbeidsforhold fører isolert sett til ein auke i prosentdelen ledige stillingar, medan ein auke vil føre til det motsette.