Talet på Ledige stillingar: Stillinga må være utlyst, formelt eller uformelt. Uformelle utlysingar er til dømes oppslag i butikk eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som berre er opne for interne søkjarar, blir ikkje rekna som ledige etter denne definisjonen. Ei utlyst ledig stilling blir talt med sjølv om den på referansetidspunktet er oppteken. Talet på ledige stillingar er ein størrelse på behaldninga av ledige stillingar på referansetidspunktet, ved utgangen av midtre månad i kvartalet. gjekk opp med 13 500 frå 4. kvartal 2022 til 1. kvartal 2023. Det svarer til ein oppgang på 12 prosent. Dette viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar

- Talet på ledige stillingar held seg på eit høgt nivå og vi ser ein auke i årets første kvartal. Eit høgt tal på ledige stillingar kan tyde på at bedriftene ikkje finn riktig kompetanse til å fylle dei utlyste stillingane, seier Tonje Køber, seksjonssjef for arbeidsmarknad og løn.  

SSB sine tal viser behaldninga av ledige stillingar på eit gitt tidspunkt i kvartalet, og ikkje tilgangen på nye stillingar i løpet av kvartalet. 

Samanliknar vi det ujusterte talet på ledige stillingar med same kvartal i fjor så har ledige stillingar auka med 30 prosent. Det er ein stor auke som må tolkast med forsiktigheit på grunn av ein auke i usikkerheita. 

Statistikken over ledige stillingar baserer seg på data rapportert av eit utval verksemder som blir trekt slik at utvalet sikrar god representasjon i alle næringar og blant store og små verksemder. Basert på tala verksemdene i utvalet har rapportert, blir talet på ledige stillingar estimert for heile populasjonen.  

Estimeringa bereknar også ei usikkerheit som tolkast frå konfidensintervallet til estimatet på talet på ledige stillingar. Konfidensintervallet er samansett av ei øvre og nedre grense som bereknast frå variasjonen i estimatet. Lengda på konfidensintervallet fortel om usikkerheita i estimatet. Eit større konfidensintervall tydar på ei høgare usikkerheit. 

Vi ser at lengda på konfidensintervallet har auka frå same kvartal i fjor. Talet på ledige stillingar har eit konfidensintervall frå 124 200 til 145 900 i 1. kvartal 2023. I same kvartalet året før var konfidensintervallet frå 98 800 til 110 400. Det tydar på at usikkerheita i estimeringa har auka. 

Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte, trend og ujusterte tal

Aukande arbeidsløyse og prosentdel ledige stillingar

Personar 15-74 år utan inntektsgivande arbeid som prøvde å skaffe seg slikt arbeid i løpet av dei siste fire vekene, og som kunne ha starta å arbeide i løpet av to veker vert rekna som arbeidslause. Ufrivillig permitterte vert rekna som arbeidslause dersom dei har vore permitterte samanhengande i minst tre månader og elles oppfyller kriteria om søking og tilgjengelegheit. var stabilt låg gjennom 2022, men tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at ho auka til 3,7 prosent i 1. kvartal. Tala viser at auken i stor grad skuldast at ungdom ser etter deltidsjobb

Ledige stillingar i prosent av det totale talet på stillingar, som består av arbeidsforhold og ledige stillingar. Ei endring i prosentdelen ledige stillingar kan dermed både komme som følgje av endringar i talet på ledige stillingar, og i talet på arbeidsforhold. fortel kor mange ledige stillingar det er i prosent av det totale nivået av stillingar, både ledige stillingar og eksisterande arbeidsforhold. Denne var 4,1 prosent i 1. kvartal. 

- Arbeidsløysa har auka det siste halve året. I same periode har prosentdelen ledige stillingar auka til det høgaste nivået som er målt sidan 2010, seier Køber.  

Figur 2 viser utviklinga i forholdet mellom arbeidslause i prosent av Summen av dei sysselsette og dei arbeidslause, dvs. personar med tilknytning til arbeidsmarknaden, slik nemningane vert nytta i AKU.(den horisontale aksa) og prosentdelen ledige stillingar (den vertikale aksa), vist ved Beveridgekurva. Kvart punkt i figuren viser eit nivå på både ledige stillingar og arbeidslause i eit gitt kvartal. Linjene mellom punkta indikerer utviklinga over tid.  

At Beveridgekurva forskyver seg utover tydar på ein mindre match mellom arbeidssøkjarar og arbeidskrafta som er etterspurt av verksemdene. Verksemdene må utlyse fleire stillingar før dei finn dei riktige søkjarane for stillingane. På andre sida brukar arbeidssøkjarane lengre tid på å finne ny jobb, det viser nyaste tal frå AKU. Årsakene er ikkje eintydige, og fleire aspektar enn våre tal kan fortelje spelar inn.

Talgrunnlag for figur 2: Ledige stillingar (Statistikkbank-tabell 11587) og Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal (Statistikkbank-tabell 07458)

Koronakrisa påverkar statistikken over ledige stillingar på fleire vis som er viktig å ta omsyn til når ein tolkar tala. I dei sesongjusterte tala har vi følgt Eurostat sine retningslinjer som seier at effekten av koronakrisa ikkje skal inngå i grunnlaget for sesongmønsteret. Det inneber at vi frå og med 2. kvartal 2020 antar at sesongmønsteret er uendra, og at vi korrigerer for den systematiske sesongvariasjon berekna på data før koronakrisa. Vi gjer dette frå og med 2. kvartal fordi referansetidspunktet for 1. kvartal i statistikken over ledige stillingar er utgangen av februar, altså månaden før koronakrisa inntrefte. Vi avslutta handteringa av koronakrisa etter 1. kvartal 2022. Frå og med 2. kvartal 2022 inngår nye data i grunnlaget for sesongmønsteret. 

Talet på arbeidsforhold (jobbar), som vil seie størstedelen av nemnaren i prosentdelen ledige stillingar, har bevega seg mykje etter 2. kvartal 2020. Særleg gjeld dette næringar som i større grad har blitt ramma av dei nasjonale tiltaka for å redusere spreiinga av koronaviruset. Ein nedgang i talet på arbeidsforhold i perioden heng saman med oppseiingar, langvarige permitteringar (permitteringar over 90 dagar blir ikkje rekna som sysselsetting), mindre bruk av tilkallingsvikarar og færre nytilsettingar. Ein nedgang i talet på arbeidsforhold fører isolert sett til ein auke i prosentdelen ledige stillingar, medan ein auke vil føre til det motsette.