Talet på Ledige stillingar: Stillinga må være utlyst, formelt eller uformelt. Uformelle utlysingar er til dømes oppslag i butikk eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som berre er opne for interne søkjarar, blir ikkje rekna som ledige etter denne definisjonen. Ei utlyst ledig stilling blir talt med sjølv om den på referansetidspunktet er oppteken. Talet på ledige stillingar er ein størrelse på behaldninga av ledige stillingar på referansetidspunktet, ved utgangen av midtre månad i kvartalet. gjekk opp med i underkant av 5 000 frå 1. til 2. kvartal 2022. Det er ein oppgang på nesten 5 prosent, som er ein noko lågare vekst enn vi såg i førre kvartal på 8 prosent. Dette viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar.

– Tala på ledige stillingar har vore rekordhøge i årets første halvdel, med over 100 000 ledige stillingar i begge kvartal. I same periode viser andre statistikkar at arbeidsløysa har blitt lågare og at talet på jobbar har auka. Dette tyder på at det framleis er behov for meir arbeidskraft i arbeidsmarknaden, seier Tonje Køber, seksjonssjef for arbeidsmarknad og løn.

Figur 1. Ledige stillingar. Trend, sesongjusterte og ujusterte tal

Større vekst i ledige stillingar enn talet på jobbar

Prosentdelen av ledige stillingar: Ledige stillingar i prosent av det totale talet på stillingar, som består av arbeidsforhold og ledige stillingar. Ei endring i prosentdelen ledige stillingar kan dermed både komme som følgje av endringar i talet på ledige stillingar, og i talet på arbeidsforhold. fortel kor mange ledige stillingar det er i prosent av det totale nivået av stillingar, både ledige og eksisterande arbeidsforhold. Denne har auka sidan førre kvartal, og var i 2. kvartal på 3,4. Dette er, for andre gong på rad, det høgaste målt i denne statistikken.

– Frå 2021 har prosentdelen ledige stillingar økt mykje. Normalt har prosentdelen lagt på omkring 2-2,5 men har det siste året økt til over 3, seier Tonje Køber.

Figur 2. Prosentdelen ledige stillingar, sesongjustert

Tal frå statistikken arbeidsforhold og løn viste i førre kvartal ei utflating i veksten av jobbar. Dette kvartalet har derimot talet auka moderat. Fleire jobbar vil isolert sett redusere prosentdelen ledige stillingar, men veksten i ledige stillingar har auka meir enn veksten i talet på jobbar, og difor ser vi at prosentdelen ledige stillingar stig.

– Det har vore ein auke i talet på jobbar i 2. kvartal, der vi hadde over 3 millionar jobbar i Noreg. Samstundes viser tala at etterspurnaden etter arbeidskraft aukar meir enn auken i jobbar, og prosentdelen ledige stillingar har aldri vore høgare, seier Tonje Køber.

– Sjølv etter ein periode med kontinuerleg auke i talet på jobbar er etterspurnaden etter arbeidskraft fortsett stor i nokre næringar, legg ho til.

Flest ledige stillingar innan forretningsmessig tenesteyting

Det var flest ledige stillingar innan forretningsmessig tenesteyting, med 11 900 ledige stillingar. Dei ledige stillingane stod for 6,7 prosent av alle stillingar i næringa. Sesongjusterte tal frå statistikken arbeidsforhold og løn viser at talet på jobbar i denne næringa har auka med over 4 000 frå 1. til 2. kvartal. Forretningsmessig tenesteyting består blant anna av vakttenester, reisebyråverksemd og arbeidskrafttenester. Det har vore uvanleg høg etterspurnad etter arbeidskraft i denne næringa heile det siste året.

Det var også stor etterspurnad etter arbeidskraft innan varehandel og pleie- og omsorgstenester i institusjon, som hadde høvesvis 10 700 og 10 100 ledige stillingar. Samla stod dei tre nemnde næringane for 30 prosent av alle ledige stillingar.

Fortsett låg arbeidsløyse

Også dette kvartalet held den låge Arbeidsløysa: Personar 15-74 år utan inntektsgivande arbeid som prøvde å skaffe seg slikt arbeid i løpet av dei siste fire vekene, og som kunne ha starta å arbeide i løpet av to veker vert rekna som arbeidslause. Ufrivillig permitterte vert rekna som arbeidslause dersom dei har vore permitterte samanhengande i minst tre månader og elles oppfyller kriteria om søking og tilgjengelegheit.fram. Tal frå Arbeidskraftsundersøkinga (AKU) viser at arbeidsløysa har falt til 3,2 prosent, det lågaste nivået som er målt sidan 2008. Figur 3 viser utviklinga i forholdet mellom arbeidslause i prosent av Arbeidsstyrken: summen av dei sysselsette og dei arbeidslause, dvs. personar med tilknytning til arbeidsmarknaden, slik begrepa blir benytta i AKU.(den horisontale aksa) og Prosentdelen av ledige stillingar: Ledige stillingar i prosent av det totale talet på stillingar, som består av arbeidsforhold og ledige stillingar. Ei endring i prosentdelen ledige stillingar kan dermed både komme som følgje av endringar i talet på ledige stillingar, og i talet på arbeidsforhold. (den vertikale aksa), vist ved Beveridgekurva. Kvart punkt i figuren viser eit nivå på både ledige stillingar og arbeidsløyse i eit gitt kvartal. Linjene mellom punkta indikerer utviklinga over tid.

Talgrunnlag for figur 3: Ledige stillingar (Statistikkbank-tabell 11587) og Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal (Statistikkbank-tabell 07458)

Frå kurva ser vi tydeleg at nedstenginga etter utbrotet av korona gav eit høgt nivå på arbeidsløysa, medan prosentdelen ledige stillingar var lågare enn vanleg. I løpet av årets første kvartal vart alle restriksjonar i forbindelse med koronapandemien oppheva som medførte høg aktivitet på arbeidsmarknaden. Utviklinga vi har sett dei siste kvartala held fram, og vi ser framleis ein avtakande arbeidsløyse og aukande prosentdel ledige stillingar, sjølv om endringstala har flata ut dette kvartalet samanlikna med endringa mellom 4. kvartal i fjor til 1. kvartal i år.

– I 2. kvartal er arbeidsløysa rekordlåg medan etterspurnaden etter arbeidskraft aukar. Denne utviklinga har vi sett det siste halvåret. Det blir spennande å sjå om det er næringane med flest ledige stillingar som vil vokse framover eller om det er ein mismatch i tilbodet og etterspurnaden på den norske arbeidsmarknaden, avsluttar Køber.

Koronakrisa påverkar statistikken over ledige stillingar på fleire vis som er viktig å ta omsyn til når ein tolkar tala. I dei sesongjusterte tala har vi følgt Eurostat sine retningslinjer som seier at effekten av koronakrisa ikkje skal inngå i grunnlaget for sesongmønsteret. Det inneber at vi frå og med 2. kvartal 2020 antar at sesongmønsteret er uendra, og at vi korrigerer for den systematiske sesongvariasjon berekna på data før koronakrisa. Vi gjer dette frå og med 2. kvartal fordi referansetidspunktet for 1. kvartal i statistikken over ledige stillingar er utgangen av februar, altså månaden før koronakrisa inntrefte. Vi avslutta handteringa av koronakrisa etter 1. kvartal 2022. Frå og med 2. kvartal 2022 inngår nye data i grunnlaget for sesongmønsteret.

Talet på arbeidsforhold (jobbar), som vil seie størstedelen av nemnaren i prosentdelen ledige stillingar, har bevega seg mykje etter 2. kvartal 2020. Særleg gjeld dette næringar som i større grad har blitt ramma av dei nasjonale tiltaka for å redusere spreiinga av koronaviruset. Ein nedgang i talet på arbeidsforhold i perioden heng saman med oppseiingar, langvarige permitteringar (permitteringar over 90 dagar blir ikkje rekna som sysselsetting), mindre bruk av tilkallingsvikarar og færre nytilsettingar. Ein nedgang i talet på arbeidsforhold fører isolert sett til ein auke i prosentdelen ledige stillingar, medan ein auke vil føre til det motsette.