Talet på Stillinga må være utlyst, formelt eller uformelt. Uformelle utlysingar er til dømes oppslag i butikk eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som berre er opne for interne søkjarar, blir ikkje rekna som ledige etter denne definisjonen. Ei utlyst ledig stilling blir talt med sjølv om den på referansetidspunktet er oppteken. Talet på ledige stillingar er ein størrelse på behaldninga av ledige stillingar på referansetidspunktet, ved utgangen av midtre månad i kvartalet. Det vil seie at vi ikkje måler kor lenge stillinga er utlyst. auka med 12 100 frå 3. til 4. kvartal i 2022, som er ein auke på 12 prosent. Dette viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar.

– Veksten i talet på jobbar har vore liten og stabil siste halvdel av 2022. Samstundes har verksemder utlyst fleire stillingar. Tala kan tyde på at verksemdenes kompetansebehov ikkje samsvarer med kompetanse tilgjengeleg hos arbeidssøkarane, seier Tonje Køber, seksjonssjef for arbeidsmarknad og løn. 

Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte, trend og ujusterte tal

Stor auke i talet på ledige stillingar innan varehandel og helsetenester

Varehandel hadde 14 200 ledige stillingar i 4. kvartal 2022. Dette er det høgaste talet som er målt i ei enkeltnæring i denne statistikken. Sjølv om nivået også var høgt i førre kvartal, har talet auka med 31 prosent dette kvartalet.

Helsetenester hadde 10 300 ledige stillingar i 4. kvartal. Det er en auke på 36 prosent frå førre kvartal.

Høgast andel ledige stillingar innan forretningsmessig tenesteyting og overnatting- og serveringsverksemder 

Næringane med høgast Ledige stillingar i prosent av det totale talet på stillingar, som består av arbeidsforhold og ledige stillingar. Ei endring i prosentdelen ledige stillingar kan dermed både komme som følgje av endringar i talet på ledige stillingar, og i talet på arbeidsforhold. i 4. kvartal er overnattings- og serveringsverksemder og forretningsmessig tenesteyting, med høvesvis 6,1 og 6,6 prosent. Det vil seie at det er mange ledige stillingar i forhold til talet på jobbar totalt i næringane. Sesongjusterte tal frå arbeidsforhold og løn viser at talet på Jobbar og arbeidsforhold brukast her synonymt og er definert som jobb som kompenserast i form av løn e.l. Nemninga omfattar både hovudjobbar og bijobbar. Ein person kan ha fleire jobbar i ulike verksemder. Fleire jobbar i same verksemd for same person blir lagt saman til éin jobb. i desse næringane frå 1. til 4. kvartal har auka meir enn gjennomsnittet for alle næringar. Forretningsmessig tenesteyting består blant anna av vakttenester, reisebyråverksemd og arbeidskrafttenester. 

– Overnattings- og serveringsverksemder hadde færre jobbar under koronapandemien. I 2022 voks næringa forbi storleiken før pandemien. Overnattings- og serveringsverksemder saman med varehandel og helsetenester bidrar til at talet på ledige stillingar aukar i 4. kvartal, avsluttar Tonje Køber.

Koronakrisa påverkar statistikken over ledige stillingar på fleire vis som er viktig å ta omsyn til når ein tolkar tala. I dei sesongjusterte tala har vi følgt Eurostat sine retningslinjer som seier at effekten av koronakrisa ikkje skal inngå i grunnlaget for sesongmønsteret. Det inneber at vi frå og med 2. kvartal 2020 antar at sesongmønsteret er uendra, og at vi korrigerer for den systematiske sesongvariasjon berekna på data før koronakrisa. Vi gjer dette frå og med 2. kvartal fordi referansetidspunktet for 1. kvartal i statistikken over ledige stillingar er utgangen av februar, altså månaden før koronakrisa inntrefte. Vi avslutta handteringa av koronakrisa etter 1. kvartal 2022. Frå og med 2. kvartal 2022 inngår nye data i grunnlaget for sesongmønsteret. 

Talet på arbeidsforhold (jobbar), som vil seie størstedelen av nemnaren i prosentdelen ledige stillingar, har bevega seg mykje etter 2. kvartal 2020. Særleg gjeld dette næringar som i større grad har blitt ramma av dei nasjonale tiltaka for å redusere spreiinga av koronaviruset. Ein nedgang i talet på arbeidsforhold i perioden heng saman med oppseiingar, langvarige permitteringar (permitteringar over 90 dagar blir ikkje rekna som sysselsetting), mindre bruk av tilkallingsvikarar og færre nytilsettingar. Ein nedgang i talet på arbeidsforhold fører isolert sett til ein auke i prosentdelen ledige stillingar, medan ein auke vil føre til det motsette.