Det var 105 800 Stillinga må være utlyst, formelt eller uformelt. Uformelle utlysingar er til dømes oppslag i butikk eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som berre er opne for interne søkjarar, blir ikkje rekna som ledige etter denne definisjonen. Ei utlyst ledig stilling blir talt med sjølv om den på referansetidspunktet er oppteken. Talet på ledige stillingar er ein størrelse på behaldninga av ledige stillingar på referansetidspunktet, ved utgangen av midtre månad i kvartalet. i 4. kvartal 2023, ein nedgang på 9 prosent frå førre kvartal. Dette viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar.

– Talet på ledige stillingar var rekordhøgt på starten av 2023 og har avtatt jamt gjennom året. Vi ser enno ein stor etterspørsel etter arbeidskraft, seier Tonje Køber, seksjonssjef for arbeidsmarknads- og lønnsstatistikk i Statistisk sentralbyrå.

Statistikken over ledige stillingar viser behaldninga på eit gitt tidspunkt i kvartalet, og ikkje tilgangen på nye stillingar i løpet av kvartalet. Det betyr at dersom verksemder har stillingar dei ikkje klarer å fylle, så kan dei inngå i statistikken i fleire periodar.

Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte, trend og ujusterte tal
Linjediagram med 3 linjer.
Figuren har 1 X akse som viser Kvartal.
Figuren har 1 Y akse som viser Tal. Dataene varierer fra 45000 til 136200.
Highcharts.com
Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte, trend og ujusterte tal
KvartalSesongjustertTrendUjustert
4. kv. 201063 20063 70055 800
1. kv. 201165 80066 30068 900
2. kv. 201171 60069 70078 500
3. kv. 201170 10070 50068 000
4. kv. 201170 10069 30062 200
1. kv. 201266 20067 30069 200
2. kv. 201265 00064 70072 000
3. kv. 201263 40063 90060 900
4. kv. 201265 60064 60057 800
1. kv. 201364 50065 80067 600
2. kv. 201367 70065 80074 300
3. kv. 201361 50062 00059 100
4. kv. 201357 40058 20050 900
1. kv. 201458 80058 20061 800
2. kv. 201459 10058 30064 800
3. kv. 201456 80057 50054 100
4. kv. 201459 80057 30053 700
1. kv. 201557 50056 10060 400
2. kv. 201556 60053 90062 800
3. kv. 201552 10052 50049 500
4. kv. 201550 30051 50045 000
1. kv. 201653 00050 90055 300
2. kv. 201651 10052 10056 200
3. kv. 201655 00053 70052 300
4. kv. 201654 00055 60048 700
1. kv. 201755 90057 80058 300
2. kv. 201758 90059 20065 400
3. kv. 201760 00060 40056 700
4. kv. 201763 70063 40058 000
1. kv. 201865 90066 30068 400
2. kv. 201868 30068 30075 200
3. kv. 201872 30068 50068 400
4. kv. 201864 90068 90059 700
1. kv. 201972 90071 70075 700
2. kv. 201976 50074 10084 500
3. kv. 201969 80072 90065 800
4. kv. 201969 70070 10063 900
1. kv. 202069 20067 30071 600
2. kv. 202054 20055 60059 900
3. kv. 202063 50063 20059 400
4. kv. 202064 40064 10060 000
1. kv. 202172 20073 20074 600
2. kv. 202193 40092 500101 900
3. kv. 202198 00099 00092 400
4. kv. 202193 80093 60086 300
1. kv. 2022101 400103 500104 900
2. kv. 2022108 200104 500118 000
3. kv. 2022102 100109 40096 000
4. kv. 2022117 500118 200108 500
1. kv. 2023131 300124 000136 200
2. kv. 2023117 800120 800128 100
3. kv. 2023116 700113 400110 300
4. kv. 2023105 800108 40098 000

Flest ledige stillingar innan varehandel

Det var 12 700 ledige stillingar innan varehandel ved fjorårets siste kvartal. Dette er den næringa som har hatt klart flest ledige stillingar gjennom heile 2023 og utgjorde 13 prosent av alle ledige stillingar.

Talet på ledige stillingar avtok i dei aller fleste næringane frå 1. til 4. kvartal 2023. Dette såg vi også innan varehandel, som hadde ein nedgang på 37 prosent i perioden.

Nedgang i prosentdelen ledige stillingar

Ledige stillingar i prosent av det totale talet på stillingar, som består av arbeidsforhold og ledige stillingar. Ei endring i prosentdelen ledige stillingar kan dermed både komme som følgje av endringar i talet på ledige stillingar, og i talet på arbeidsforhold. fortel kor mange ledige stillingar det er i prosent av det totale nivået av stillingar, både ledige stillingar og eksisterande arbeidsforhold.

Statistikken arbeidsforhold og lønn viser at talet på arbeidsforhold har auka med 0,6 prosent frå 3. til 4. kvartal 2023. Samstundes har nivået på ledige stillingar gått ned med 9 prosent. Kvar av desse endringane fører aleine til at prosentdelen ledige stillingar går ned, og dette kvartalet bidrog begge størrelsane til dette. I 4. kvartal 2023 var prosentdelen ledige stillingar 3,3. Dette en ein nedgang på 0,3 prosentpoeng frå førre kvartal.

Samanhengen mellom ledige stillingar og arbeidsløyse

Statistikken Arbeidskraftsundersøkinga (AKU) viser at Personar 15-74 år utan inntektsgivande arbeid som prøvde å skaffe seg slikt arbeid i løpet av dei siste fire vekene, og som kunne ha starta å arbeide i løpet av to veker vert rekna som arbeidslause. Ufrivillig permitterte vert rekna som arbeidslause dersom dei har vore permitterte samanhengande i minst tre månader og elles oppfyller kriteria som søking og tilgjengelegheit. har hatt ein svak auke siste kvartalet.

Når prosentdelen ledige stillingar går såpass kraftig ned samstundes som arbeidsløysa i AKU berre har ein svak auke, kan det tyde på at ein raskare finn riktig kompetanse til å fylle dei ledige stillingane enn før.

– Sidan koronanedstenginga har det vore ein aukande mismatch mellom etterspørselen etter arbeidskraft og kompetansen tilgjengeleg i arbeidsmarknaden. No ser vi antyding til at arbeidssøkjarar fylle dei ledige stillingane raskare enn tidlegare kvartal i 2023, men mismatchen er framleis høg, avsluttar Køber.

Talgrunnlag for Beveridgekurva: Ledige stillingar (Statistikkbank-tabell 11587) og Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal (Statistikkbank-tabell 07458)

Koronakrisa påverkar statistikken over ledige stillingar på fleire vis som er viktig å ta omsyn til når ein tolkar tala. I dei sesongjusterte tala har vi følgt Eurostat sine retningslinjer som seier at effekten av koronakrisa ikkje skal inngå i grunnlaget for sesongmønsteret. Det inneber at vi frå og med 2. kvartal 2020 antar at sesongmønsteret er uendra, og at vi korrigerer for den systematiske sesongvariasjon berekna på data før koronakrisa. Vi gjer dette frå og med 2. kvartal fordi referansetidspunktet for 1. kvartal i statistikken over ledige stillingar er utgangen av februar, altså månaden før koronakrisa inntrefte. Vi avslutta handteringa av koronakrisa etter 1. kvartal 2022. Frå og med 2. kvartal 2022 inngår nye data i grunnlaget for sesongmønsteret. 

Talet på arbeidsforhold (jobbar), som vil seie størstedelen av nemnaren i prosentdelen ledige stillingar, har bevega seg mykje etter 2. kvartal 2020. Særleg gjeld dette næringar som i større grad har blitt ramma av dei nasjonale tiltaka for å redusere spreiinga av koronaviruset. Ein nedgang i talet på arbeidsforhold i perioden heng saman med oppseiingar, langvarige permitteringar (permitteringar over 90 dagar blir ikkje rekna som sysselsetting), mindre bruk av tilkallingsvikarar og færre nytilsettingar. Ein nedgang i talet på arbeidsforhold fører isolert sett til ein auke i prosentdelen ledige stillingar, medan ein auke vil føre til det motsette.