Trendtal er glatta sesongjusterte tal, og representerer den langsiktige tendensen og konjunktursyklusen. Sidan berekninga av trendtala i slutten av tidsserien delvis bygger på framskrivingar, er det ekstra stor uvisse mot slutten av tidsserien.frå Arbeidskraftundersøkninga (AKU) viser at I AKU vert man rekna som arbeidslaus om man ikkje har inntektsgivande arbeid, og prøvde å skaffe seg slikt arbeid i løpet av de siste fire vekene, og kunne ha starta å arbeide i løpet av to veker om man fekk tilbod om ein jobb. Ufrivillig permitterte vert rekna som arbeidslause om dei er permittert i meir enn tre månader i samanheng og elles fyller krava om jobbsøking og tilgjenge. har halde seg stabil frå november til desember 2023. Talet på arbeidslause personar var 111 000 i desember, opp 1 000 frå førre månad. Gitt Feilmarginen seier kor stor endringa i tala må vere før vi kan vere rimeleg sikre på at det har skjedd ei reell endring. For arbeidslause er feilmarginen +/-10 000. For sysselsette er den +/-17 000 og for personar i arbeidsstyrken +/- 18 000., omtala i boks lenger ned, er denne endringa så lita at vi ikkje med sikkerheit kan seie at det faktisk har vore ei endring. 

Dei sesongjusterte førebelse tala frå statistikken arbeidsforhold og lønn indikerer òg at arbeidsmarknaden held seg stabil, sjølv med ein moderat nedgang på litt over 4 000 Jobbar og arbeidsforhold vert brukt synonymt og er definert som ein jobb som vert kompensert i form av lønn e.l. Omgrepet omfattar både hovudjobbar og bijobbar. Ein person kan ha fleire jobbar i ulike verksemder. Fleire jobbar i same verksemd for same person vert lagt saman til éin jobb..

–  Gjennom heile 2023 såg vi ein svak men jamn auke i arbeidsløysa. Samstundes har vi hatt ein meir enn tre gonger så høg auke i talet på Sysselsette er dei som utførte inntektsgjevande arbeid i minst éin time i referanseveka, og personar som har eit slikt arbeid men som var midlertidig fråverande på grunn av sjukdom, ferie, lønna permisjon eller liknande.personar som på arbeidslause personar, seier Tonje Køber, seksjonssjef for arbeidsmarknads- og lønnsstatistikk i Statistisk sentralbyrå.

Nesten heile auken i arbeidsløysa gjennom 2023 har vore blant menn, medan auken i sysselsettinga er heilt likt fordelt mellom kjønna. Dette kan ha samanheng med at fleire menn enn kvinner jobbar i konkurranseutsette næringar, som til dømes bygg og anlegg.

Det er størst statistisk uvisse i samband med dei aller nyaste trendtala. Les meir om det i boksen lengst ned i artikkelen.

Figur 1. Arbeidslause i prosent av arbeidsstyrken. Personar 15—74 år. Desember 2006—desember 2023. Trendtal og sesongjustert 3-månaders glidande gjennomsnitt

Fleire eldre som jobbar no enn for eit år sidan

I løpet av dei siste tolv månadene har det vore ei endring i aldersfordelinga på arbeidsmarknaden, viser dei førebelse Ikkje justert for sesongeffekter som til dømes sommarjobbar o.l. I slike tilfeller må ein samanlikne med same månad året før, for å kunne få ei god samanlikning av størrelsen på tala.tala på Lønnstakarar er alle som mottar kompensasjon for arbeid i form av lønn o.l. Lønnstakarar inkluderer jobbar både ordinære og maritime arbeidsforhold, samt jobbar som frilansar, oppdragstakar og personar som mottar honorar. For lønnstakarar med fleire jobbar er ein av jobbane fastsett som den viktigaste (hovudjobben).. Samanlikna med for eit år sidan, i desember 2022, var det over 15 500 fleire i jobb. 

I perioden desember 2022 til desember 2023 har det kome både fleire av dei yngste og dei eldste i jobb. Om lag 16 000 fleire blant personar i alderen 55 år og eldre, og 3 000 fleire blant dei under 25 år. Talet på lønnstakarar har derimot gått ned blant personar mellom 40 og 54 år, med 5 000 færre lønnstakarar. 

– Det har aldri tidlegare vore så mange av dei yngste og dei eldste i jobb i løpet av desember. Sommaren er høgtid for dei unge, medan dei eldre faktisk har sin topp kvart år i desember, så fleire eldre enn det som var i desember har det faktisk aldri vore på arbeidsmarknaden i Noreg, kommenterer Tonje Køber.

Figur 2. Endring i talet på lønnstakarar frå desember 2022 til desember 2023. Etter alder. Tal.

Dei sesongjusterte og dei ujusterte tala for jobbar, lønnstakarar og gjennomsnittleg kontantlønn frå statistikken arbeidsforhold og lønn vert òg publisert i visualisert form

 

Trendtala har alltid ei viss revisjonsuvisse, særleg i slutten av tidsserien. Trendtala representerer den meir langsiktige tendensen i datamaterialet, og det omfattar òg konjunkturane. Trenden kan ofte verte revidert noko når nye observasjonar vert tatt med, særleg mot slutten av tidsserien. Dette heng saman med at berekninga av trendtala i slutten av tidsserien delvis bygger på framskrivingar, som det alltid vil vere uvisse rundt. Sidan desse framskrivingane kan endre seg når vi får inn nye data og gjer trendberekningane på nytt, kan retninga som trendtala indikerer ved ei publisering for ein gitt månad endre seg ved publiseringa for den neste månaden. Både sesongjusterte tal og trendtal kan bli endra, også bakover i tid, når det kjem til nye observasjonar – men slik revisjonsuvisse er klart størst for trendtala i slutten av tidsserien. 

I tillegg til revisjonsuvissa er det òg utvalsuvisse i resultata frå AKU fordi dei bygger på opplysningar som er gjevne av eit utval av befolkninga. For dei tre månaders glidande gjennomsnitta av sesongjusterte månadstal tar vi utgangspunkt i feilmarginar på +/- 10 000 for arbeidslause og +/- 18 000 for sysselsette. Feilmarginane viser kor stor endringa i AKU må vere før vi kan vere nokså sikre på at det har skjedd ei endring. 

I tillegg kan resultata frå månad nummer éin og to i kvartalet verte endra noko ved publiseringa av påfølgjande månad. Desse to månadene vert berekna på nytt påfølgjande månad i kvartalet fordi datamaterialet vert supplert med intervju som SSB ikkje rakk å få med innan publiseringsfristen for månad éin og to. Vi nyttar da òg meir oppdatert informasjon om heile populasjonen frå A-ordninga og Folkeregisteret. 
 

Månadstala inneheld både førebels og endelege tal. I «første versjon» av månadstala frå a-ordningen er det enkelte jobbar/lønnsmottakarar vi ikkje fangar opp på grunn av tidsforsinkingar i rapporteringa. Vi omtaler derfor tala basert på denne versjonen som førebelse tal. I endelege tal nyttar vi ein «andre versjon» frå a-ordningen som er tilgjengeleg ein månad seinare og der de ovannemnte jobbane/lønnsmottakarane er med. Dei ordinære arbeidsmarknadsstatistikkane frå a-ordningen er alle basert på andre versjon frå a-ordningen. Å nytte første versjon frå a-ordningen medfører at vi ikkje fangar opp alle jobbar/lønnsmottakarar i tråd med sysselsettingsdefinisjonen, men det mogleggjer tidlegare publisering.

Lønnsmottakarar/jobbar vi ikkje fangar opp som følgje av at vi nyttar første versjon frå a-ordningen er forsinka meldingar, erstatningsmeldingar for tidlegare månadar samt jobbar med ulike tidsforsinkingar. Det siste omfattar a) jobbar med fersk startdato utan lønn i statistikkmånadens referanseveke, men med utbetalt lønn månaden etter, samt b) jobbar utan lønn i statistikkmånadens referanseveke, men med utbetalt lønn både månaden før og etter. Statistikkmånadens referanseuke er den tredje veka i månaden (veka som inneheld datoen den 16).

Gruppa vi ikkje fangar opp varierer frå om lag 20 000 til 90 000 jobbar, altså rundt 1-3 prosent av alle jobbar. At talet ein ikkje fangar opp varierer såpass mykje frå månad til månad betyr at både endringstal og nivåtal i de førebelse tala vil være forskjellig frå dei endringstala og nivåtala ein får ved å nytte dei endelege talane.

Det er fleire skilnader mellom dei to statistikkane som gjer at tala kan avvike noko frå kvarandre. Til dømes omfattar registertala både busette og ikkje-busette lønnstakarar i alle aldersgrupper som jobbar i verksemder som høyrer heime i Noreg. AKU-tala viser derimot tal for personar i alderen 15-74 år som er busette i private hushald i Noreg. AKU inkluderer dermed også sjølvstendig næringsdrivande, men ikkje grensependlarar til Noreg.

I tillegg kan utviklinga i tala i dei to statistikkane vise ulike mønster frå tid til anna. Nokre faktorar som påverkar dette: 
1) Etter fleire år med datainnsamling har vi erfart at AKU nokon gonger fangar opp endringar på arbeidsmarknaden før det blir synleg i registertala (statistikken «Tal på arbeidsforhold og lønn»)
2) Sesongmønsteret i registertala er tydelegare enn det vi ser i AKU. Dette fører til at dei sesongjusterte tala til tider kan vise noko ulik utvikling. 
3) Dei sesongjusterte tala for AKU er 3-måneders glidande gjennomsnitt (talet for april er t.d. et gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala for mars, april og mai), medan dei sesongjusterte tala for «Tal på arbeidsforhold og lønn» for same periode gjelder ein referanseuke i denne månaden (talet for april er status i uka i april som inneheld den 16.) 
4) Trendtala i AKU representerer den langsiktige tendensen og konjunktursyklusen. Trendserien frå AKU er derfor typisk glattare enn dei sesongjusterte seriane frå AKU og «Antall arbeidsforhold og lønn»

Frå januar 2023 ble permisjonsbeskrivingane i a-ordningen endra, for å få frem om ein permisjon er lovfesta eller ikkje, sjå: https://www.skatteetaten.no/bedrift-og-organisasjon/arbeidsgiver/a-meldingen/veiledning/arbeidsforholdet/opplysninger-om-arbeidsforholdet/permisjon/

Dette fekk to konsekvensar for statistikken «antall arbeidsforhold og lønn»:
- I første omgang fanget ikkje produksjonssystemet opp dei nye beskrivingane då førebelse tal for januar og februar vart produserte, samt dei endelege tala for januar. Dette medførte at talet på personar som har permisjon med varigheit under 90 dagar (og som dermed er klassifiserte som lønnsmottakarar) gjekk ned. Resultatet er ei underestimering av talet på jobbar i førebelse og endelege tal for januar og førebelse tal for februar på om lag 3-4000.
- Den andre konsekvensen er at mange opplysningspliktige som endra på permisjonstypen, samstundes endra start- og stoppdato for permisjonen, ved å rapportere stoppdato for tidlegare permisjonstype og ny startdato for ny permisjonstype. Dette medførte ein auke i talet på personar med permisjon under 90 dagar. Resultatet er at talet på jobbar er overestimert for førebelse tal for mars og endelege tal for februar.

Oppsummert er dette effektane på de ulike månadene:
Førebelse tall:
Januar 2023: Det ujusterte talet på jobbar og lønnsmottakarar er noko underestimert (rundt 3-4000)
Februar 2023: Det ujusterte på jobbar og lønnsmottakarar er noko underestimert (rundt 3-4000)
Mars 2023: Det ujusterte på jobbar og lønnsmottakarar er noko overestimert (rundt 1000-2000)

Endelege tall:
Januar 2023: Det ujusterte på jobbar og lønnsmottakarar er noko underestimert (rundt 3-4000)
Februar 2023: Det ujusterte på jobbar og lønnsmottakarar er noko overestimert (rundt 3-4000)