Nok ein månad viser I sesongjusteringsprosessen blir serien spalta opp i tre komponentar: sesong, irregulær komponent (tilfeldig variasjon) og trend. Trenden representerer den langsiktige tendensen og konjunktursyklusen.frå Arbeidskraftundersøkninga (AKU) at arbeidsløysa er stabil. Trendtalet for mai viser ei arbeidsløyse på 3,5 prosent og 103 000 I AKU blir ein rekna som arbeidslaus viss ein ikkje har inntektsgivande arbeid, og prøvde å skaffe seg slikt arbeid i løpet av dei siste fire vekene, og kunne ha starta å arbeide i løpet av to veker. Ufrivillig permitterte blir rekna som arbeidsledige viss dei er permitterte samanhengande i meir enn tre månader og elles oppfyller kriteria om søking og tilgjengelegheit.personar, altså heilt uendra frå april månad.

– Dei siste 12 månadane har arbeidsløysa auka med 0,4 prosentpoeng. Med uendra tal tre månadar på rad er det mykje som tydar på at auken vi tidlegare har sett har bremsa opp, seier Tonje Køber, seksjonssjef for arbeidsmarknad og lønn.

Trendtalet for Personar som har utført inntektsgivande arbeid av minst ein time varigheit i den uka vi samlar inn informasjon om. I tillegg er personar som har slikt arbeid, men som var midlertidig fråverande grunna sjukdom, ferie, lønna permisjon eller liknande også definert som sysselsette.og personar i Summen av sysselsette og arbeidslause, altså personar som tilbyr arbeidskrafta si på arbeidsmarknaden. viser berre små endringar. Både arbeidsstyrkeprosenten og sysselsettingsprosenten var omtrent uendra frå førre månad.

Det sesongjusterte Sidan dei sesongjusterte månadstala frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) varierer mye frå månad til månad, glattes talene ved å rekne ut gjennomsnittet av tre månader for alle tremånaders periodar. Kvar tremånaders periode er namngitt etter månaden i midten. viser ein nedgang i arbeidsløysa på 0,2 prosentpoeng frå januar til april. Endringa er innanfor Viser kor stor endringa i AKU må være før vi kan være rimeleg sikre på at det har skjedd ei endring. For arbeidsløyse er feilmargin +/- 10 000, mens for sysselsette er den +/- 17 000. For arbeidsstyrken er feilmargin +/- 18 000. i AKU, og vi kan derfor ikkje seie med sikkerheit at det faktisk har vore ei endring.

Figur 1. Arbeidslause i prosent av arbeidsstyrken. Trend og 3-månaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte månedstal. April 2006 - mai 2023. Prosent

Liten auke i jobbar i mai

Dei sesongjusterte førebelse tala for mai viser ein liten auke på 3 600 Jobbar og arbeidsforhold vert her brukt som synonym og er definert som arbeid som vert kompensert med lønn o.l. Omgrepet inkluderar både hovudjobbar og bi-jobbar. Ein person kan ha fleire jobbar i ulike verksemder. Fleire jobbar i same verksemd for same person blir lagt saman til éin jobb. , ein vekst på 0,1 prosent frå april. Ser ein nærmare på dei ulike næringane var det helse- og sosialtenester, undervisning og varehandel som bidrog til veksten, medan overnattings- og serveringsverksemd og forretningsmessig tenesteyting (som hovudsakleg består av utleie av arbeidskraft og tenester tilknytte eigendomsdrift, som blant anna reingjering) opplevde ein nedgang.

Figur 2. Førebelse tal på jobbar. Sesongjusterte og ujusterte tal. Januar 2016 - mai 2023. Tal

Dei førebelse sesongjusterte tala for Lønnsmottakarar omfattar alle sysselsette personar som mottar kompensasjon for arbeid i form av lønn o.l. Lønnsmottakarar omfattar arbeidsforhold av typen ordinære og maritime samt arbeidsforhold som frilansar, oppdragstakar og personar som mottar honorar. For lønnsmottakarar med fleire jobbar er éin av jobbane fastsett som den viktigaste (hovudarbeidsforholdet). Lønnsmottakarar som har vore permitterte i inntil tre månader er med i statistikken.viser ein liten auke på 2 300, eller 0,1 prosent frå april til mai.

Det publiserast både førebelse og endelege tal frå statistikken tal på arbeidsforhold og lønn, les om forskjellane i boksen «Om usikkerheit i månadleg registerbasert statistikk».

Færre lønnsmottakarar i april

Dei endelege sesongjusterte tala for lønnsmottakarar viser ein liten nedgang på 1 900 frå mars til april, ei endring på 0,1 prosent. Det er fyrste gong sidan august 2022 at vi ser ein nedgang i dei sesongjusterte tala for lønnsmottakarar. Frå mai 2021 har vi sett stadig positive endringstal for lønnsmottakarar, med den største veksten i 2021, før den minka ut i 2022 og har bremse ytterlegere opp i 2023.

Figur 3. Endring i lønnsmottakarar frå førre månad. Sesongjusterte endelege tal. 2016M2-2023M4. Prosent

Gjennom starten av 2023 har talet på lønnsmottakarar vore aukande, men det er snakk om få totalt sett. Sidan desember i fjor har talet på lønnsmottakarar auka med i underkant av 10 000.

Det er to næringar som har færre lønnsmottakarar samanlikna med desember 2022; forretningsmessig tenesteyting (som hovudsakleg består av utleie av arbeidskraft og tenester tilknytte eigendomsdrift, som blant anna reingjering) og bygge- og anleggsverksemd, med ein nedgang på 2 700 og 250 lønnsmottakarar. For dei resterande næringane med vekst er det moderate endringar.

– Det er mogleg at vi begynner å sjå effektane av innstrammingane i regelverket for utleienæringa, seier Tonje Køber.

– Dei tre siste månadane har talet på lønnsmottakarar i forretningsmessig tenesteyting gått ned kvar månad og nedgang i utleie av arbeidskraft er hovudårsaken, legg ho til. 

Innvandrarar bidrog sterkt til vekst i tal på lønnsmottakarar

For å kunne seie meir om kva slags grupper som står bak utviklinga i tala kan vi sjå på ujusterte tal som er fordelt på fleire eigenskapar. Tala er ikkje sesongjustert og må derfor samanliknast med tilsvarande periode året før.

Dei ujusterte tala viser at talet på lønnsmottakarar har auka med omtrent 45 000 sidan april 2022. Personar som er født i utlandet av utenlandsfødte foreldre, og som er registrert busett i Noreg ifølgje "Det sentrale folkeregisteret". Blant innvandrarane reknes både flyktnignar, arbeidsinnvandrarar, familieinnvandrarar m. fl.. Norskfødte med innvandrarforeldre reknes ikkje som innvandrar. står for over 55 prosent av denne veksten, med nesten 25 000 fleire lønnsmottakarar i april 2023 enn på same tid i fjor. Det svarar til ein vekst på 5,3 prosent. Av disse var drygt 3 000 frå Polen og i underkant av 3 000 frå Ukraina (som var ein auke på 66,9 prosent frå 2022).  

Det er utvalsusikkerheit i resultata frå AKU fordi resultata bygger på opplysningar gitt av et utval av befolkninga. For dei tre månaders glidande gjennomsnitta av sesongjusterte månadstal tar vi utgangspunkt i feilmarginar på +/-10 000 for arbeidsledige og +/-17 000 for sysselsette. Feilmarginane viser kor stor endringa i AKU må være før vi kan være nokså sikre på at det har skjedd en endring.

Trendtala representerer den meir langsiktige tendensen i data, inkludert konjunktur. Trenden kan ofte bli litt revidert når nye observasjonar blir innarbeida, særleg mot slutten av tidsserien, kalla revisjonsusikkerheit.

Dei sesongjusterte tala kan bli endra viss det kommer til nye observasjonar eller tidlegare rådata blir endra. Dette kallar vi revisjon. 

Månadstala inneheld både førebels og endelege tal. I «første versjon» av månadstala frå a-ordningen er det enkelte jobbar/lønnsmottakarar vi ikkje fangar opp på grunn av tidsforsinkingar i rapporteringa. Vi omtaler derfor tala basert på denne versjonen som førebelse tal. I endelege tal nyttar vi ein «andre versjon» frå a-ordningen som er tilgjengeleg ein månad seinare og der de ovannemnte jobbane/lønnsmottakarane er med. Dei ordinære arbeidsmarknadsstatistikkane frå a-ordningen er alle basert på andre versjon frå a-ordningen. Å nytte første versjon frå a-ordningen medfører at vi ikkje fangar opp alle jobbar/lønnsmottakarar i tråd med sysselsettingsdefinisjonen, men det mogleggjer tidlegare publisering.

Lønnsmottakarar/jobbar vi ikkje fangar opp som følgje av at vi nyttar første versjon frå a-ordningen er forsinka meldingar, erstatningsmeldingar for tidlegare månadar samt jobbar med ulike tidsforsinkingar. Det siste omfattar a) jobbar med fersk startdato utan lønn i statistikkmånadens referanseveke, men med utbetalt lønn månaden etter, samt b) jobbar utan lønn i statistikkmånadens referanseveke, men med utbetalt lønn både månaden før og etter. Statistikkmånadens referanseuke er den tredje veka i månaden (veka som inneheld datoen den 16).

Gruppa vi ikkje fangar opp varierer frå om lag 20 000 til 90 000 jobbar, altså rundt 1-3 prosent av alle jobbar. At talet ein ikkje fangar opp varierer såpass mykje frå månad til månad betyr at både endringstal og nivåtal i de førebelse tala vil være forskjellig frå dei endringstala og nivåtala ein får ved å nytte dei endelege talane.

Det er fleire skilnader mellom dei to statistikkane som gjer at tala kan avvike noko frå kvarandre. Til dømes omfattar registertala både busette og ikkje-busette lønnstakarar i alle aldersgrupper som jobbar i verksemder som høyrer heime i Noreg. AKU-tala viser derimot tal for personar i alderen 15-74 år som er busette i private hushald i Noreg. AKU inkluderer dermed også sjølvstendig næringsdrivande, men ikkje grensependlarar til Noreg.

I tillegg kan utviklinga i tala i dei to statistikkane vise ulike mønster frå tid til anna. Nokre faktorar som påverkar dette: 
1) Etter fleire år med datainnsamling har vi erfart at AKU nokon gonger fangar opp endringar på arbeidsmarknaden før det blir synleg i registertala (statistikken «Tal på arbeidsforhold og lønn»)
2) Sesongmønsteret i registertala er tydelegare enn det vi ser i AKU. Dette fører til at dei sesongjusterte tala til tider kan vise noko ulik utvikling. 
3) Dei sesongjusterte tala for AKU er 3-måneders glidande gjennomsnitt (talet for april er t.d. et gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala for mars, april og mai), medan dei sesongjusterte tala for «Tal på arbeidsforhold og lønn» for same periode gjelder ein referanseuke i denne månaden (talet for april er status i uka i april som inneheld den 16.) 
4) Trendtala i AKU representerer den langsiktige tendensen og konjunktursyklusen. Trendserien frå AKU er derfor typisk glattare enn dei sesongjusterte seriane frå AKU og «Antall arbeidsforhold og lønn»

Frå januar 2023 ble permisjonsbeskrivingane i a-ordningen endra, for å få frem om ein permisjon er lovfesta eller ikkje, sjå: https://www.skatteetaten.no/bedrift-og-organisasjon/arbeidsgiver/a-meldingen/veiledning/arbeidsforholdet/opplysninger-om-arbeidsforholdet/permisjon/

Dette fekk to konsekvensar for statistikken «antall arbeidsforhold og lønn»:
- I første omgang fanget ikkje produksjonssystemet opp dei nye beskrivingane då førebelse tal for januar og februar vart produserte, samt dei endelege tala for januar. Dette medførte at talet på personar som har permisjon med varigheit under 90 dagar (og som dermed er klassifiserte som lønnsmottakarar) gjekk ned. Resultatet er ei underestimering av talet på jobbar i førebelse og endelege tal for januar og førebelse tal for februar på om lag 3-4000.
- Den andre konsekvensen er at mange opplysningspliktige som endra på permisjonstypen, samstundes endra start- og stoppdato for permisjonen, ved å rapportere stoppdato for tidlegare permisjonstype og ny startdato for ny permisjonstype. Dette medførte ein auke i talet på personar med permisjon under 90 dagar. Resultatet er at talet på jobbar er overestimert for førebelse tal for mars og endelege tal for februar.

Oppsummert er dette effektane på de ulike månadene:
Førebelse tall:
Januar 2023: Det ujusterte talet på jobbar og lønnsmottakarar er noko underestimert (rundt 3-4000)
Februar 2023: Det ujusterte på jobbar og lønnsmottakarar er noko underestimert (rundt 3-4000)
Mars 2023: Det ujusterte på jobbar og lønnsmottakarar er noko overestimert (rundt 1000-2000)

Endelege tall:
Januar 2023: Det ujusterte på jobbar og lønnsmottakarar er noko underestimert (rundt 3-4000)
Februar 2023: Det ujusterte på jobbar og lønnsmottakarar er noko overestimert (rundt 3-4000)