Fagforeiningsmedlemmer og streikar

Oppdatert: 26. mai 2023

Neste oppdatering: 14. mai 2024

Arbeidsdagar tapt som følge av arbeidskonfliktar
Arbeidsdagar tapt som følge av arbeidskonfliktar
2022
188 230
Streikar og lockoutar
Streikar og lockoutar
202020212022Endring siste to år
Arbeidskonfliktar7125-2
Arbeidstakarar i arbeidskonflikt9 37723 99713 8614 484
Tapte arbeidsdagar135 768116 250188 23052 462
Standardteikn i tabellar

Utvalde tabellar og figurar frå denne statistikken

  • Fagforeiningsmedlemmer
    Fagforeiningsmedlemmer
    202020212022Endring siste år1
    Alle arbeidstakarorganisasjonar1 941 0681 972 8682 017 26644 398
    Landsorganisasjonen i Norge i alt970 054978 338992 76314 425
    Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund i alt228 824230 348235 6495 301
    UNIO Hovedorganisasjon for universitets- og høyskoleutdannede380 803388 220396 3308 110
    Akademikerne i alt231 000243 293255 00611 713
    Andre arbeidstakarorganisasjonar i alt130 387132 669137 5184 849
    1Det varierer noko frå år til år kva for fagforeiningar som svarar på undersøkinga, særleg når det gjeld små foreiningar ikkje tilslutta nokon av dei fire store hovudsamanslutningane. Endringstal for gruppa «Andre fagforeiningar i alt» må derfor tolkast med varsemd.
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Statistikken gir tal på fagforeiningsmedlemmer, medlemmer av arbeidsgivarorganisasjonane samt arbeidskonfliktar (streikar og lockouts). Den er basert på frivillig rapportering frå fagforeiningane og frå arbeidsgivarorganisasjonane.

Tilsette i arbeidsgivarorganisasjonane

Tilsette i medlemsverksemdene omfattar alle tilsette uavhengig av om dei faktisk er sysselsette på teljingstidspunktet eller ikkje.

Medlemer i arbeidstakarorganisasjonane

Tal på medlemer i arbeidstakarorganisasjonar omfattar alle registrerte medlemer, også ikkje-yrkesaktive som studentar, pensjonistar med vidare per 31.12.

Hovudsamanslutning

Med hovudsamanslutning meinast ein samanslutning av fleire organisasjonar enten på arbeidstakar- eller arbeidsgivarsida.

Arbeidskonflikt

Med arbeidskonflikt meinast ein mellombels arbeidsstans av minst ein dags varigheit. Talet på konfliktar per år blir rekna ut frå talet på forbund som har hatt grupper av arbeidstakarar i ein arbeidskonflikt. Ein konflikt som er avbrote, men som seinare vert oppatt teke av same grunn, blir talt som ein konflikt om ikkje avbrotet går over to månadar. Over denne tid skal den telle som ny konflikt. Ein konflikt som er oppstått eit år og som fortsett neste år skal tas med i begge åra. I utgangspunktet skiljes det mellom to ulike hovudtypar av arbeidskonfliktar, streik og lockout. Med streik meinast nedlegging av arbeidet frå dei tilsette si side. Streik er et middel som vanlegvis brukast i ein konflikt mellom ein fagforeining o.l. og ein eller fleire arbeidsgivarar for å presse frem bere lønns- og arbeidsvilkår. Følgjande typar streikar er med i statistikken: Lovlege streikar, ulovlege streikar, sympatistreikar, politiske eller proteststreikar, generalstreikar, arbeidsstopp sett i stand av tilsette. Lockout som konfliktmiddel er arbeidsgivarsidas svar på streikar. Ein lockout inneber at arbeidstakarar blir utestengt frå arbeidet inntil partane er blitt einige om ein måte å løyse usemje på.

Arbeidstakarar

Med tal på arbeidstakarar som blir involverte av konflikten meinast fast tilsette, mellombels tilsette, sesongarbeidarar og deltidstilsette. Deltidstilsette blir talt som individ på same måte som heiltidstilsette. Tilsette som er fråverande grunna sjukdom eller permisjonar samt ubetalte familiemedlemmer er ikkje med i statistikken.

Talet på tapte arbeidsdagar

Varigheita av ein konflikt blir målt i talet på tapte arbeidsdagar, dvs. vyrkedagar per uke for den aktuelle gruppa i konflikt, ikkje kalenderdagar.

Navn: Fagforeiningsmedlemmer og streikar

Emne: Arbeid og lønn

14. mai 2024

Seksjon for arbeidsmarkeds- og lønnsstatistikk

Nasjonalt nivå

Årleg. Tala publiserast normalt 20 veker etter utløpet av året.

SSB rapporterer tall fra statistikken til Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO).

SSB lagrar innsamla og reviderte data på ein sikker måte, i tråd med gjeldande lovverk for databehandling.

SSB kan gje tilgang til datagrunnlaget (avidentifiserte eller anonymiserte mikrodata) som statistikken byggjer på, til forskarar og til offentlege myndigheiter som skal utarbeide statistiske resultat og analysar. Tilgang kan bli gjeven etter søknad og på vilkår. Sjå meir om dette på Tilgang til data fra SSB.

Formålet med statistikken er å gje ein oversikt over kor stor del av befolkninga som er organisert i ein arbeidstakarorganisasjon og gje et oversyn over talet på konfliktar, tapte arbeidsdagar og talet på tilsette som er involverte i konfliktane. I tillegg for arbeidsgivarorganisasjonane å gje ein oversikt over tal på medlemsverksemder totalt og med tariffavtale, samt tal på tilsette i disse verksemdene. SSB har sidan 1977 utarbeidd årleg statistikk over medlemer i arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar og sidan 1922, med unntak av årene 1940-1944, utarbeidd årleg statistikk over arbeidskonfliktar.

Sentrale brukarar er forskings- og utredningsinstitusjonar samt media.

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Ikkje relevant

Statistikken blir utvikla, utarbeidd og formidla med heimel i lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikkloven, lovdata.no).

Statistikken inngår i nasjonalt program for offisiell statistikk, hovudområde Arbeid og løn, delområde Arbeidsmiljø, sjukefråvær og arbeidskonfliktar.

Det er ein frivillig undersøkelse.

Nei.

Populasjonen definerast av SSBs Verksemd- og føretaksregister (VoF) og omfattar for føretak i næringsgruppene "Næringslivs- og arbeidsgivarorganisasjonar" (SN94.110), og "Arbeidstakarorganisasjonar" (SN94.200), sjå Standard for næringsgruppering 2007 (SN2007).

Populasjonen omfattar landsomfattande arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar som hjelper sine medlemer med tariffavtalar og lønnsforhandlingar samt hovudsamanslutningane dei einskilde organisasjonane tilhøyrar. Organisasjonar som avgrensar si verksemd til spørsmål av reint fagleg art er ikkje med i populasjonen.

Statistikken omfattar arbeidskonfliktar som involverer tilsette eller ein eller fleire arbeidsgivarar. Ein arbeidskonflikt definerast som ein mellombels arbeidsstans bevisst sett i verk av ei gruppe arbeidarar (streik) eller av ein eller fleire arbeidsgivarar (lockout) for å tvinga gjennom eit krav.

Det er arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane som rapporterer inn informasjon om sine medlemmer og konflikter deira medlemmer har vore involvert i. Hovudorganisasjonane rapporterer tal for medlemsorganisasjonane sine.

SSB sitt Verksemd- og føretaksregister blir nytta for å kartlegge populasjonen via næringskoden.

Totalteljing for alle føretak som omfattast av populasjonen. SSB sender sitt skjema "Medlemstal og konfliktar" til alle arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane som hjelper sine medlemer med tariffavtalar og lønnsforhandlingar samt hovudsamanslutningane dei einskilde organisasjonane tilhøyrar.

Statistikken er ein frivillig skjemaundersøking med teljingstidspunkt 31.12. i det året statistikken gjelder for. SSB sender ut skjema til alle organisasjonane som skal vera med i undersøkinga. Rapporteringa skjer via Altinn.

Med editering meiner vi kontroll, gransking og endring av data.

Det blir føretatt manuelle kontrollar for å sikre konsistens i datamaterialet frå år til år i dei ulike organisasjonane. Ved tvil om dei oppgitte tala vert organisasjonane kontakta. Statistikken vert i tillegg kontrollert opp mot opplysningar om arbeidskonfliktar som Riksmeklingsmannen har registrert og mekla i.

På grunn av usikkerheit knytta til tala på tapte arbeidsdagar blir desse avrunda for hovudnæringsområda. Dei avrunda delsummane blir summert opp til ein total for alle næringar. Tal under 100 blir avrunda til nærmaste 5. Tal mellom 100 og 10 000 blir avrunda til nærmaste 10 og tal over 10 000 blir avrunda til nærmaste 100.

Ikkje relevant.

Intervjuarar og alle som arbeider i Statistisk sentralbyrå har teieplikt. SSB har utnemnt eige personvernombod.

SSB offentleggjer ikkje tal som medfører fare for avsløring av einskildopplysningar om personar.

For å sikre dette blir metoden "avrunding" nytta i denne statistikken.

Meir informasjon finn du i avsnittet ‘Konfidensialitet’ på SSBs side om metodar i offisiell statistikk.

Statistikken er samanliknbar attende til 1977.

Ein mogleg feilkjelde er feilrapportering frå oppgåvegivar. Det vil seie at organisasjonane enten kan føra feil tal på medlemer på skjema (skrivefeil) eller at dei sjølve er usikre på medlemstalet, talet på tilsette som streikar og tapte arbeidsdagar. Arbeidsgivarorganisasjonar kan rapportere årsverk i staden for tilsette (personar) og dei kan tolke omgrepet «medlemsverksemd» ulikt. Ei anna usikkerheit eller feilkjelde er når organisasjonar ikkje svarar, sjølv om det høyrer til sjeldanheitene.

Statistikken byggjer på ei totalteljing og vi unngår dermed usikkerheit med utvalsvarians og fråfall i utvalsundersøkingar.

Registerfeil. Ei mogeleg feilkjelde er at alle organisasjonane ikkje har korrekt næringskode i Verksemd- og føretaksregisteret, og av den grunn ikkje kjem med i teljinga.

Revisjon er planlagd endring av tal som allereie er publiserte, for eksempel ved publisering av endelege tal der det tidlegare har vore publisert førebelse tal. Sjå også SSBs prinsipp for revisjon.

Kontakt

Arbeidsmarked og lønn

arbeidsmarked@ssb.no

Magnus Berglund Johnsen

magnus.johnsen@ssb.no

40 90 23 75