I dei tre Med arbeidskonflikt meinast ein førebels arbeidsstans av minst ein dags varigheit som følgje av streik og/eller lockout. i 2025 gjekk totalt 360 arbeidsdagar tapt, viser statistikken Fagforeiningsmedlemmer og streikar. Konfliktane involverte til saman 80 arbeidstakarar. Faktaboksen nedst i artikkelen gir ei oversikt over dei av konfliktane som er registrert hos Riksmeklaren.

Ved dei to førre mellomoppgjera, i 2021 og 2023, var det uvanleg mange og store arbeidskonfliktar. I mellomoppgjeret i 2025 var omfanget av arbeidskonfliktar svært lågt. Førre gang det var færre tapte arbeidsdagar enn i 2025 var i 2009. 

– Det var berre 360 arbeidsdagar som gjekk tapt på grunn av konflikt i mellomoppgjeret i 2025. Fleirtalet av desse tilhøyrde lønnsoppgjeret frå 2024, fortel Tonje Køber, seksjonssjef i Statistisk sentralbyrå.

Figur 1. Arbeidstakarar i arbeidskonflikt og tapte arbeidsdagar. År med mellomoppgjer 1993-2025

Medlemsauke i hovudsamanslutningane

Talet på medlemmer i arbeidstakarorganisasjonar auka med 28 750 frå 2024 til 2025, til i overkant av 2 140 000. Det er ein auke på 1,4 prosent. Talet på Yrkesaktive medlemmer inkluderer sysselsatte og arbeidsledige medlemmer. auka samtidig med omtrent 17 700, eller 1,2 prosent. 

Av dei fire hovudsamanslutningane for arbeidstakarar, LO, UNIO, Akademikerne og YS, hadde Akademikerne størst auking i talet på medlemmer, på om lag 4,5 prosent. YS sine medlemstal gjekk ned med 13 prosent, men det må sjåast i samanheng med at Finansforbundet melde seg ut av YS i 2025 (finansforbundet.no).

Figur 2. Medlemmer i hovudsamanslutningane for arbeidstakarar, 2005-2025

Nedgang i organisering i arbeidstakarorganisasjonar i OECD siste 20 åra

OECD publiserer tal for andelen lønnstakarar som er medlem i arbeidstakarsamanslutningar for sine medlemsland. Tala viser at andelen lønstakarar som er medlemmer i arbeidstakarsamanslutningar er betydeleg høgare i Norden enn i andre OECD-land.

Figur 3 viser organiseringsgraden i utvalde OECD-land i 2005 og i 2024, som er det siste året dei har publisert tal for. I fleire OECD-land, og spesielt i fleire nordiske land, har andelen organiserte gått ned dei siste 20 åra. I Noreg har derimot organiseringsgraden vore stabil i denne tidsperioden. I 2005 hadde Noreg 23 prosentpoeng lågare organiseringsgrad enn Finland, medan i 2024 var desse omtrent like. Dette kjem av at Finland har hatt ein stor nedgang, medan organiseringa blant lønnstakarar har vore stabil over tid i Noreg på 50 prosent.

Figur 3. Andel lønnstakarar som er medlemmer i arbeidstakarsamanslutningar. Utvalde OECD-land. 2005 og 2024. Prosentpoeng endring frå 2005 til 2024