Mange av Senterpartiet sine veljarar røysta på valdagen
Senterparti-veljarar venta i større grad enn andre med å røyste til valdagen. Medan veljarane til Miljøpartiet Dei Grøne, Raudt, Sosialistisk Venstreparti og Høgre var dei ivrigaste til å røyste på førehand ved stortingsvalet i år.
58 prosent av røystene vart gjevne på førehand ved stortingsvalet i år, syner tal frå statistikken Stortingsvalet. Det er ny rekord. I 2017 røysta 36 prosent på førehand og i det siste kommunestyrevalet i 2019 røysta 34 prosent på førehand.
Figur 1. Stortingsval. Gjevne røyster etter røystetidspunkt
Linjediagram med 2 linjer.
Figuren har 1 X akse som viser År.
Figuren har 1 Y akse som viser Prosent. Dataene varierer fra 3 til 97.
Valting
Førehand
Figur 1. Stortingsval. Gjevne røyster etter røystetidspunkt
Fram til 1980-talet røysta under 10 prosent på førehand. Frå 1980-talet vart det lagt betre til rette for å kunne røyste på førehand, og frå slutten av 1990-talet og fram til 2009 røysta rundt 20 prosent på førehand. Ved siste val var det talet auka til 58 prosent. No er det altså meir vanleg å røyste på førehand enn på valdagen. Om denne trenden med at det blir vanlegare å røyste på førehand vil halde fram eller om det i stor grad er ein koronaeffekt, veit vi fyrst ved dei neste vala.
Andelen som røysta på førehand er over 50 prosent blant alle partia sine veljarar. Veljarane til MDG, Raudt, SV og Høgre er dei som i størst grad røysta før sjølve valdagen i 2021. Veljarane til Senterpartiet og Framstegspartiet var dei som i størst grad venta til valdagen.
Figur 2. Stortingsvala 2013-2021. Andel røyster på førehand per parti. Sortert etter andel i valår. Prosent
Søylediagram med 30 søyler.
Figuren har 1 X akse som viser Parti.
Figuren har 1 Y akse som viser Prosent. Dataene varierer fra 21 til 70.
Figur 2. Stortingsvala 2013-2021. Andel røyster på førehand per parti. Sortert etter andel i valår. Prosent
Samla sett er skilnaden i partifordelinga mellom dei som røysta på førehand og dei som røysta på valdagen auka samanlikna med 2017 og 2013. I 2017 var skilnaden på 6,2 prosentpoeng. Ved årets val steig han til 14,1 prosentpoeng.
Figur 3. Stortingsvalet 2021. Andel som førehandsrøysta etter ulike grupper
Søylediagram med 2 serier.
Figuren har 1 X akse som viser Gruppe.
Figuren har 1 Y akse som viser Prosent. Dataene varierer fra 48.31 til 72.
Menn
Kvinner
Figur 3. Stortingsvalet 2021. Andel som førehandsrøysta etter ulike grupper
60 prosent av kvinnene røysta på førehand, mens 56 prosent av mennene gjorde det same. Blant menn mellom 18 og 19 er andelen lågast. Også blant menn med grunnskole og vidaregåande skule er andelen relativt låg.
Samlet gikk valgdeltakelsen ned fra 78,2 til 77,2 prosent ved høstens stortingsvalg sammenlignet med 2017. Dette må betegnes som en beskjeden nedgang, og deltakelsen er høyere enn for eksempel stortingvalget i 2009.
Det er etterspørsel etter mer detaljerte opplysninger om blant annet partivalg etter kjønn, alder, utdanning og yrke. For å imøtekomme dette har utvalget til velgerundersøkelsene i forbindelse med stortingsvalget 2017 og kommunestyre- og fylkestingsvalget i 2019 blitt utvidet.
Både subjektiv klassetilhørighet og inntektsklasser er fremdeles relevant for å forklare de ulike partienes oppslutning ved stortingsvalg. Partienes velgere har ulike økonomiske ressurser, og det bidrar til en viss grad til å ordne dem etter en høyre-venstreakse i norsk politikk.