Veljarane til MDG og Raudt ivrigast til å førehandsrøyste

Publisert:

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt sine veljarar var dei ivrigaste til å røyste på førehand ved stortingsvalet i år. Senterpartiet-veljarar venta i størst grad til valdagen med å røyste.

Figur 1. Stortingsval. Gjevne røyster etter røystetidspunkt

Valting Førehand
1945 97 3
1949 96 4
1953 97 3
1957 97 3
1961 96 4
1965 94 6
1969 94 6
1973 94 6
1977 93 7
1981 91 9
1985 90 10
1989 90 10
1993 90 10
1997 81 19
2001 80 20
2005 82 18
2009 76 24
2013 70 30
2017 64 36

36 prosent røystene vart gjevne på førehand ved stortingsvalet i år, syner tal frå statistikken Stortingsvalet. Det er ny rekord. I 2013 røysta 30 prosent på førehand.

Fram til 1980-talet røysta under 10 prosent på førehand. Frå 1980-talet vart det lagt betre til rette for å kunne røyste på førehand, og frå slutten av 1990-talet og fram til 2009 røysta rundt 20 prosent på førehand. Ved siste val var det talet auka til 36 prosent, fortel statistikkrådgjevar Øyvin Kleven i SSB.

I 2017 var det veljarane til Miljøpartiet dei grøne og Raudt som i størst grad røysta før sjølve valdagen. Blant veljarane til Kristeleg Folkeparti og Venstre var det òg eit lite fleirtal som røysta på valdagen.

– Men samla sett er skilnaden mellom dei som røysta på førehand og dei som røysta på valdagen liten. Denne skilnaden var større ved tidlegare stortingsval da det var færre som røysta på førehand, seier Kleven.

Figur 2. Stortingsvalet 2017. Røyster på førehand/valting

Valting Førehand
Arbeiderpartiet 27.3 27.5
Fremskrittspartiet 15.2 15.2
Høyre 25.0 25.2
Kristelig Folkeparti 4.4 3.9
Senterpartiet 11.2 8.7
Sosialistisk Venstreparti 5.9 6.2
Venstre 4.5 4.1
Miljøpartiet de Grønne 2.8 4.0
Rødt 2.1 3.0

– Skilnaden er mindre enn tidlegare. I 2013 var skilnaden på 10,4 prosentpoeng, medan han i 2017 var nede i 8,6 prosentpoeng, påpeikar Kleven.

Høgare valdeltaking i ti av fylka

Den samla valdeltakinga i 2017 vart 78,2 prosent – det same som ved førre stortingsval. Men i 10 av fylka steig valdeltakinga. Størst var auken i Finnmark, her røysta 72,6 prosent i 2017 i høve til 71,3 i 2013.

– Valdeltakinga i fylka følgde elles det vanlege mønsteret med Akershus på topp med 81,2 prosent og Finnmark på botn, seier Kleven.

Ap tilbake i alle fylker og nær alle kommunar

Arbeidarpartiet (Ap) hadde ein tilbakegang på 3,5 prosentpoeng i høve til valet i 2013, Høgre hadde ein tilbakegang på 1,8 prosentpoeng. Senterpartiet (Sp) gjekk fram med 4,8 prosentpoeng medan Sosialistisk Venstreparti (SV) gjekk fram med 1,9 prosentpoeng. Dette var dei største endringane frå 2013.

Oppslutninga om Ap gjekk ned i alle dei 19 fylka som utgjer valdistrikta. Det var òg ein tilbakegang for Ap i 413 av dei 426 kommunane. Høgre gjekk tilbake i 304 kommunar. Senterpartiet hadde framgang i alle fylka og i alle kommunar unnateke éin: Fosnes i Nord-Trøndelag. SV gjekk fram i 383 kommunar.

Figur 3. Stortingsvalet 2013 og 2017. Mandat etter parti

Distriktsmandater Utjavningsmandatar
Arbeiderpartiet 2017 49 0
Arbeiderpartiet 2013 54 1
Fremskrittspartiet 2017 27 0
Fremskrittspartiet 2013 29 0
Høyre 2017 42 3
Høyre 2013 47 1
Kristelig Folkeparti 2017 3 5
Kristelig Folkeparti 2013 5 5
Senterpartiet 2017 18 1
Senterpartiet 2013 8 2
Sosialistisk Venstreparti 2017 5 6
Sosialistisk Venstreparti 2013 2 5
Venstre 2017 4 4
Venstre 2013 4 5
Miljøpartiet de Grønne 2017 1 0
Miljøpartiet de Grønne 2013 1 0
Rødt 2017 1 0
Rødt 2013 0 0

Ny kvinnerekord på Stortinget

Det vart vald inn 69 kvinner til Stortinget, det er 2 representantar fleire enn i 2013, og delen kvinner er no 41 prosent. Senterpartiet har høgast kvinnerepresentasjon med 53 prosent. Av partia over sperregrensa har Venstre lågast kvinnerepresentasjon, 1 kvinne blant 8 representantar. 

Faktaside

Kontakt