Fabrikk med tre piper som slipper ut gasser, illustrasjon

Gå til sida global Carbon Atlas på globalcarbonatlas.org. Klikk på knappen "Fossil Fuels" i venstremargen. Vi ser på tala for 2022.

I høgremargen: klikk på «Ranking» og svar på spørsmåla under.

  1. Kva for ni land hadde høgast utslepp totalt av CO2 frå fossile brensel i 2022? Bruk første kolonne i visninga, med vala «Territorial» og MtCO2.
  2. Korleis var dei ni landa si rangering når du ser på den andre kolonnen i visninga, som gjev deg tala for utslepp per innbyggar? Du kan gjere dette ved å halde musepeikaren på kvart av dei ni landa med høgast totale utslepp i den første kolonnen og lese av korleis landet plasserer seg for utslepp per innbyggar i den andre kolonnen.
  3. Gå tilbake til kartet ved å trykke på "Map view"øvst i høgremargen. Klarer du også å finne korleis Noreg er plassert i utslepp totalt?
  4. Finn du noko anna du synest er interessant å seie om tala i punkt 1) og 2)?