Tre mennesker i et hus, illustrasjon

Det er inga brei semje om korleis fattigdom skal målast, men det finst fleire ulike mål som kan seie noko om kor mange som slit økonomisk i eit samfunn. I dette undervisningsopplegget ser vi på mål og tal for låginntekt blant barn og unge i Noreg. Kort forklart dreier fattigdom seg då om å oppleve problem fordi ein har inntekt under ei viss grense.

Når vi skal måle fare for fattigdom, er det vanleg å bruke det som blir kalla ei relativ låginntektsgrense. Grensa blir då sett som ein viss prosent av eit bestemt beløp for inntekt. Personane som har ei inntekt under denne grensa, har det vi kallar låginntekt. Talet for kor mange som lever med låginntekt i ein treårsperiode, blir ofte brukt som mål på kor mange som er «fattige» i Noreg.

Her er ei kort oversikt over nokre fakta du kan lære meir om seinare:

  • I 2024 var det 98 700, eller 10,2 prosent, av alle barn og unge under 18 år i Noreg som budde i eit hushald med vedvarande låginntekt. Altså éin av ti.
  • I år 2000 var tilsvarande låginntektstal for barn og unge 4 prosent, og talet steig fram til 2020.

For å forstå det vi seinare skal seie om låginntekt og fare for å oppleve fattigdom, er det lurt å sette seg inn i kva nokre viktige omgrep betyr:

  • median
  • hushald
  • inntekt
  • forbrukseiningar
  • låginntekt
  • vedvarande
  • vedvarande låginntekt

Her finn du omgrepa.

Medianen er talet i midten i ei rekke av tal. I ei sortert rekke er medianinntekta den midtarste inntekta. Når det er to i midten, som i illustrasjonen under, er medianinntekta gjennomsnittet av dei to. Medianinntekta per månad er 39 000 kroner i vårt døme.

illustrasjon-medianinntekt.svg

Når vi lagar tal for kven som lever med så låg inntekt i Noreg at vi kan seie at dei er i fare for å oppleve fattigdom, ser vi ikkje på inntekta for kvar enkelt person, men på inntektene for hushalda dei lever i. Det er til dømes fordi det vil ha mykje å seie for barn og unge kor mykje pengar familien har. Men kva er eit hushald i statistikken?

Jo, som eit privat hushald blir rekna alle personar som bur fast i bustaden, og som har felles hushaldsøkonomi. Ofte er eit privat hushald det same som ein famile.

Inntekt er ikkje berre lønn, bonusar og liknande som du får ved å jobbe hos ein arbeidsgivar eller i di eiga bedrift. Som inntekt reknar vi også renter du får ved å spare på konto, og avkastning ved å plassere pengar i aksjar eller andre verdipapir. Inntekt er også det du får i pensjon, sjukepengar, arbeidsløysetrygd, foreldrepengar, barnetrygd, studiestipend og liknande.

Når vi skal definere vedvarande låginntekt i dette undervisningsopplegget, ser vi på inntekta til private hushald, ikkje enkeltpersonar, og vi ser på inntekter etter skatt.

Hushald er ulike. Hushald har til dømes ikkje like mange medlemmer som har inntekt, eller som skal bruke inntektene. Døme er eit hushald som berre består av éin person, og eit hushald som består av eit par med fire barn. For å kunne samanlikne inntektsnivået til ulike hushald må vi «justere» hushaldsinntekta. Det gjer vi ved hjelp av såkalla forbrukseiningar. Forbrukseiningane skal ta omsyn til at store hushald treng større inntekter enn små hushald for å ha same økonomiske velferdsnivå. Men forbrukseiningane skal også ta omsyn til at store hushald har nokre fordelar fordi dei til dømes kan fordele utgifter som straum, internett, matinnkjøp osb. på fleire personar. Den forbrukseininga som oftast blir nytta i inntekts- og formuesstatistikken, er "EU-skalaen". Sjå illustrasjonen nedanfor om korleis vi bruker forbrukseiningar for å «justere» inntekter mellom ulike typar hushald for å kunne samanlikne inntektene deira i statistikk og analyse om låginntekt.

  1. Personane i hushald A og B har lik inntekt etter skatt
    1-eu-skalaen-lik-inntekt.svg
    Kun éin av dei hamnar under låginntektsgrensa.

  2. Omrekning med EU-skalaen
    2-eu-skalaen-forbruksenheter.svg
    Hushald B har antakeleg høgare utgifter enn hushald A, men dei har også fordelar ved at dei er fleire som kan dele på utgiftene. Forbrukseiningar sikrar at inntekt i hushald med ulikt tal på personar kan samanliknast.

    I EU-skalaen blir den første vaksne i hushaldet rekna som 1 forbrukseining. Kvar vaksen utover det blir rekna som 0,5 forbrukseiningar. Kvart barn på 17 år eller under blir rekna som 0,3 forbrukseiningar.

  3. Inntekt etter omrekning
    3-eu-skalaen-omregnet-inntekt.svg
    Inntekt etter skatt blir delt på forbrukseining for å finne samanliknbar inntekt.

  4. Låginntektsgrensa
    4-eu-skalaen-lavinntektsgrensen.svg
    Låginntektsgrensa endrar seg frå år til år, og er alltid 60 prosent av årets medianinntekt.

  5. Levestandard
    5-eu-skalaen-levestandard.svg
    For at personane i hushald A og B skal ha lik levestandard, målt ved inntekt, må inntekta i hushald B vere høgare enn i hushald A.

Årleg inntekt etter skatt per forbrukseining som er lågare enn 60 prosent av medianinntekta i befolkninga.

Her: tre år eller meir.

No har vi definert dei seks omgrepa median, hushald, inntekt, forbrukseiningar, låginntekt og vedvarande. Vi definerer då vedvarande låginntekt slik:

gjennomsnittleg treårig hushaldsinntekt per forbrukseining som er lågare enn 60 prosent av gjennomsnittet av medianinntektene i befolkninga dei same tre åra

Ein enkel måte å seie dette på er at det å ha vedvarande låginntekt betyr at ein har lite pengar i minst tre år.

Du kan slå opp omgrepa når du jobbar vidare med temaa.

Oppsummering om vedvarande låginntekt:

Vi kan seie at omgrepet «vedvarande låginntekt» er eit uttrykk som fortel at personane med slik inntekt, i alle fall i ein treårsperiode, har eit økonomisk velferdsnivå som er mykje lågare enn for resten av befolkninga. Situasjonen med å ha låge hushaldsinntekter er ikkje kortvarig, men har vart over fleire år. Det betyr ikkje nødvendigvis at alle som har vedvarande låginntekt, opplever seg som fattige. Men inntekta er då så låg at politikarar og andre som styrer landet og kommunane våre, må vere merksame på denne gruppa. Dei som har så låg inntekt, kan ha utfordringar med å skaffe seg alt dei treng av mat og andre varer og tenester, og kan vere i fare for å oppleve utanforskap.

Kahoot: Hugsar du omgrepa?

 

Kva seier levekårsstatistikken om fattigdomsproblem?

I tillegg til å lage tal for kor mange som lever i hushald med vedvarande låginntekt, lagar SSB også levekårsstatistikk om kva utfordringar låginntekt gjev for levekår, til dømes om ein opplever å mangle materielle og sosiale gode. Slik statistikk for alle personar i Noreg, altså ikkje berre for familiar med barn og unge, viser at fleirtalet av personar i låginntektsgruppa ikkje rapporterer om fattigdomsproblem.

Kven er dei som i mindre grad enn andre med låginntekt, rapporterer om opplevde fattigdomsproblem og økonomiske vanskar når vi spør om dette? Det er særleg eldre, dei som eig bustad, personar med formue, og dei som er busette i mindre sentrale strøk.

Dette reflekterer korleis fattigdom, i tillegg til storleiken på inntekta, også handlar om kva utgifter, forbruksmønster og andre ressursar hushalda har, til dømes formue. Men samstundes er det ein klar samanheng mellom hushaldsinntekt og slike vanskar: Jo lågare inntekt, jo større andel oppgjev å ha økonomiske vanskar og manglar materielle og sosiale gode.

 

Kor mange barn og unge lever med vedvarande låginntekt? Antal og andel

Er det fleire barn no enn før som lever i hushald med lite pengar? 

Svaret er færre i 2022–2024 enn i treårsperiodane i åra 2016–2023, men fleire enn i treårsperiodane i 2006–2015. 

I dei nyaste tala, som er for 2022–2024, ser vi at 98 700 barn i Noreg levde i hushald som hadde vedvarande låginntekt, eller lite pengar i minst tre år (Normann, 2026). Dette var 10,2 prosent av alle barn, og litt fleire enn i 2021–2023. Auken kjem i stor grad av at  ukrainske familiar i 2024 hadde budd lenge nok i Noreg til å bli med i statistikken sine treårsperiodar. 7 700 barn frå Ukraina blei talde med, og heile 78,1 prosent kom frå familiar med vedvarande låginntekt. 

For andre grupper gjekk utviklinga i 2022–2024 faktisk i retning av at færre barn levde med låginntekt enn i dei siste åra. Det heng saman med at mange barnefamiliar har fått betre inntekter, spesielt einslege foreldre, og at barnetrygda har auka. Dette hjelpte enkelte familiar over låginntektsgrensa i den siste treårsperioden som vi har tal for i statistikken. 

Dei nyaste tala viser altså at trenden med nedgang i andel og antal barn i familiar med vedvarande låginntekt som vi hadde i dei tre periodane før 2022–2024, no har stoppa opp. 

Det er likevel eit stykke opp til den hittil største andelen barn med vedvarande låginntekt, som var på 11,7 prosent i 2018–2020.  

I figur 1 ser de at:

  • Andelen barn og unge under 18 år som lever med vedvarande låginntekt i Noreg, var 7 prosent i treårsperioden som slutta i år 2006.
  • Andelen steig vidare og blei tosifra, altså over 10 prosent, i treårsperioden som slutta med 2015.
  • Andelen fortsette å stige fram til treårsperioden som slutta med 2019, men var uendra i 2020.
  • Så sokk andelen i periodane som slutta med 2021, 2022 og 2023, før han igjen steig litt i treårsperioden som slutta i 2024. 

Figur 1. Barn under 18 år med vedvarende lav husholdningsinntekt (EU60), 2004-2006 til 2022-2024. Prosent og antall

No kan de løyse oppgåve A.

Normann, T. M. (2026, 3. februar). Flere barn med vedvarende lavinntekt i 2024. SSB. https://www.ssb.no/inntekt-og-forbruk/inntekt-og-formue/artikler/flere-barn-med-vedvarende-lavinntekt-i-2024

Statistisk sentralbyrå. (2025, 26. november). Fattigdomsproblemer, levekårsundersøkelsen. https://www.ssb.no/sosiale-forhold-og-kriminalitet/levekar/statistikk/fattigdomsproblemer-levekarsundersokelsen

Statistisk sentralbyrå. (2026, 16. januar). Inntekt og formue for husholdninger. https://www.ssb.no/inntekt-og-forbruk/inntekt-og-formue/statistikk/inntekts-og-formuesstatistikk-for-husholdninger

Statistisk sentralbyrå. (2026, 3. februar). Tabell 10498: Vedvarende lavinntekt. Treårsperiode, etter region, intervall (år), statistikkvariabel og alder [Statistikk]. https://www.ssb.no/statbank/table/10498

With, M. L. (2025, 26. November). Færre har økonomiske vansker. Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/sosiale-forhold-og-kriminalitet/levekar/statistikk/fattigdomsproblemer-levekarsundersokelsen/artikler/faerre-har-okonomiske-vansker

With, M. L., & Rustad, L. T. (2018, 26. februar). Materielle og sosiale mangler i den norske befolkningen. Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/inntekt-og-forbruk/artikler-og-publikasjoner/_attachment/339727?_ts=161bdb9a620