Artikler om barnevern
Artiklar, analysar og publikasjonar
2026
Ein liten auke i bekymringsmeldingar Artikkel 3. juni
I løpet av 2025 kom det nokon fleire bekymringsmeldingar til barnevernet, medan det var færre undersøkingar, samanlikna med året før. Det var 42 550 barn og unge som fekk tiltak frå barnevernet i 2025, litt fleire enn i 2024.
2025
Noko fleire meldingar til barnevernet Artikkel 4. juli
I løpet av 2024 auka talet på meldingar og undersøkingar i barnevernet, medan talet på barn og unge som fekk barnevernstiltak gjekk ned også i 2024. Det var 42 400 barn og unge som fekk tiltak frå barnevernet i 2024, nesten 4 prosent færre enn året før.
2024
7 prosent færre fekk tiltak frå barnevernet Artikkel 4. juli
I 2023 fekk 44 000 barn og unge tiltak frå barnevernet. Det er 3 100, eller nesten 7 prosent, færre enn året før. I løpet av dei siste to åra er talet på barn og unge med barnevernstiltak redusert med 6 600 barn og unge.
2023
Færre barn og unge med tiltak frå barnevernet Artikkel 6. juli
I 2022 fekk 47 000 barn og unge tiltak frå barnevernet. Det er 3 500, eller om lag 7 prosent, færre enn året før. Dei siste fem åra har det blitt stadig færre barn og unge som har motteke barnevernstiltak.
2022
Stadig færre barn i barnevernet Artikkel 6. juli
Talet på barn i barnevernet gjekk ned i 2021. Det var 50 520 barn og unge som fekk tiltak frå barnevernet i løpet av 2021. Det er om lag 2 300 færre barn og unge enn året før.
2021
Barn som bur i fosterheim utanom familie, flyttar meir Artikkel 19. november
I 2020 budde om lag 6 600 barn i fosterheim utanom familie. Blant desse barna var det 76 prosent i alderen 0-5 år som flytta minst ein gong etter at dei først blei plasserte utanfor heimen av barnevernet.
Færre unge med barnevernserfaring i høgare utdanning Artikkel 29. oktober
Halvparten av alle unge utan barnevernserfaring som avslutta grunnskolen i 2014 er i høgare utdanning i 2020. Det same gjeld berre for 1 av 5 unge som har teke imot tiltak frå barnevernet.
Noko færre meldingar til barnevernet i 2020 Artikkel 22. september
Barnevernstenestene fekk melding om uro kring 1 450 færre barn i 2020 samanlikna med året før. Dei fekk i alt 56 800 meldingar om 49 700 barn i løpet av 2020.
Mindre aktivitet i barnevernet - størst reduksjon for dei minste barna Artikkel 2. juli
Barnevernstenestene starta 3 prosent færre undersøkingar, og vel 3 prosent færre barn og unge fekk barnevernstiltak i 2020 enn året før. Det er størst reduksjon blant barn under skolealder.