Det vart starta 45 500 undersøkingar for 42 600 barn på bakgrunn av meldingar som kom inn til barnevernet i løpet av 2020. Størst var reduksjonen i undersøkingar blant dei yngste barna, 0-5 år, med nesten 5 prosent. Men også i dei andre aldersgruppene var det færre undersøkingar. Minst reduksjon er det i aldersgruppa 13-17 år.

Ei barnevernssak startar med ei melding til barnevernet, som snarast og innan ei veke må avgjere om dei skal sette i gang ei undersøking eller legge bort meldinga. Ei undersøking skal snarast og innan tre månader konkludere om det skal setjast i verk barnevernstiltak, sendast krav om tiltak og omsorgsovertaking til fylkesnemnda eller om dei skal legge bort saka.

Færre undersøkingar dei siste åra

Etter at det i 2017 vart registrert 48 700 undersøkingar for 45 700 barn, har det dei påfølgjande åra blitt starta stadig færre undersøkingar. Det er derfor grunn til å tru at reduksjonen frå 2019 til 2020 ikkje berre er ein effekt av pandemien.

Også når vi ser talet på undersøkingar i høve til talet på barn i alderen 0-17 år, har det vore ein reduksjon. Medan det i 2017 vart starta vel 42 undersøkingar per 1 000 barn i alderen 0-17 år, var tilsvarande tal 40 per 1 000 barn i 2020.

Kven melder?

Dei fleste meldingane som vart undersøkte i 2020 kom frå barnevernstenesta sjølv, politiet eller skolen, noko som ikkje skil seg frå tidlegare år. Men det er tydeleg at 2020 har vore eit annleis år for mange, med endringar i kontaktflater for barn og unge. Den største auken frå 2019 til 2020 er i undersøkingar starta på grunn av meldingar frå andre privatpersonar og barnevernsvakta. Samstundes har talet på meldingar frå instansar som NAV, PPT, helsestasjon/skulehelsetenesta, familievernkontor, skole og psykisk helsevern gått ned.

Figur 1. Undersøkingar starta av barnevernet, etter kven som melde saka. 2019-2020

Kvifor melder dei?

Foreldra sine manglande foreldreferdigheiter er den kategorien som oftast blir oppgitt som grunn i meldinga når undersøkingar blir starta. Vidare er andre forhold ved foreldra, som rusmisbruk og psykiske problem, ofte oppgitt i tillegg til konflikt heime og vald i heimen.

Figur 2. Undersøkingar starta av barnevernet, etter innhald i meldinga. 2020

Kva skjer etter undersøkinga?

I løpet av 2020 vart 45 600 undersøkingar avslutta, dei aller fleste innan fristen på tre månader. Gjennomsnittleg handsamingstid gjekk ned frå 85 dagar i 2019 til 82 i 2020.

Det har i løpet av dei siste åra vorte ein stadig mindre del av dei avslutta undersøkingane som konkluderer med at barnevernet skal sette i gang med tiltak eller be om tiltak frå fylkesnemnda. Frå 42 prosent i 2015 til vel 38 prosent i 2020.

Omtrent halvparten av dei avslutta undersøkingane i 2020 vart konkludert av barnevernstenesta med at tiltak ikkje var naudsynt. Vidare ville ikkje barna/parten ta i mot tiltak i ni prosent av dei avslutta undersøkingane, medan under tre prosent av undersøkingane vart lagde bort fordi barna flytta.

Kvifor vart det konkludert med tiltak?

I over halvparten av undersøkingane som vart avslutta med konklusjon om tiltak eller tiltak frå fylkesnemnda i 2020, er foreldra sine manglande foreldreferdigheiter registrert som grunn. Høg grad av konflikt i heimen, foreldra sine psykiske problem og vald i heimen er også ofte registrert.

Det er i stor grad samsvar mellom grunnane for å melde til barnevernet i dei undersøkingane som vart starta og grunnane for å setje i verk tiltak.

52 900 barn og unge med tiltak

Vel tre prosent færre barn og unge fekk tiltak frå barnevernet i 2020 samanlikna med 2019. Som for undersøkingane har det sidan 2017 stadig blitt færre barn og unge med tiltak frå barnevernet. I 2020 var det nesten 3 000 færre barn og unge med tiltak enn i 2017.

Talet på barn med Omsorgstiltak er etter lov om barneverntjenester grunngjeve i § 4-12 (og § 4-8). Alle vedtak om å overta omsorg for eit barn og plassere det til oppfostring utanfor heimen blir avgjort i fylkesnemnda. Eit barn kan vere under omsorg til det er 18 år. Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker er eit domstolsliknande forvaltingsorgan som har avgjerdsmakt i blant anna saker om omsorgsovertaking av barn. har gått mest ned siste året, med fem prosent. Det er likevel også nesten tre prosent færre barn med hjelpetiltak i 2020. Ved utgangen av 2020 var det 8 144 barn med omsorgstiltak, ned frå 8 600 barn ved utgangen av 2019. Det var størst nedgang blant barna under 13 år. Spesielt i aldersgruppa 0-5 år var det ein stor reduksjon, med nesten 16 prosent færre små barn under omsorg ved utgangen av 2020 samanlikna med 2019. Også talet på hjelpetiltak var i denne gruppa redusert med over 5 prosent.

Den einaste aldersgruppa med auke i barnevernstiltak, var dei unge i alderen 18-22 år. Og det var særleg dei aller eldste som ved utgangen av 2020 i aukande grad fekk tiltak. Dette kan ha samanheng med at barnevernet frå 2021 skal vidareføre tiltak til unge fram til dei blir 25 år. I 2020 var aldersgrensa 23 år, og det kan sjå ut til at barnevernstenestene i 2020 i større grad enn tidlegare har heldt fram med tiltak for dei eldste.

Færre innvandrarar fekk tiltak

Medan det blant norskfødde barn og unge med innvandrarforeldre er uendra tal med tiltak i 2020 samanlikna med 2019, er reduksjonen stor blant innvandrarar. Vel fem prosent færre innvandrarar fekk tiltak i 2020. Reduksjonen er ikkje i omsorgstiltak, men blant innvandrarar som fekk hjelpetiltak.

Delen barn og unge med Barn og unge med innvandrarbakgrunn. Innvandrarar er personar som er fødde i utlandet av utanlandsfødde foreldre, og som har fire utanlandsfødde besteforeldre. Norskfødde med innvandrarforeldre er personar som er fødde i Norge med to foreldre som er fødde i utlandet, og som i tillegg har fire besteforeldre som er fødde i utlandet. Til saman er desse to gruppene alle med innvandrarbakgrunn.] med tiltak frå barnevernet er uendra med 28 prosent, noko den har vore sidan 2017.

500 færre var plasserte utanfor heimen

Ved utgangen av 2020 budde nesten 14 200 barn og unge utanfor heimen. Det er 500 færre enn ved utgangen av 2019. Tre av fire av dei som er plasserte bur i fosterheimar. 14 prosent i bustad med oppfølging, og rett under 8 prosent i barnevernsinstitusjon og dei siste 4 prosentane i beredskapsheim.

Figur 3. Barn og unge med plasseringstiltak per 31. desember 2020, etter plasseringsstad. Prosent