At talet på barn med barnevernstiltak har gått ned over 4 prosent frå 2020 til 2021 er eit av funna i offisiell statistikk for barnevern. Talet på barn med meldingar og undersøkingar frå barnevernet er også redusert i same tidsrom, med høvesvis 5 og 7 prosent.

Ei barnevernssak startar med ei melding til barnevernet, som snarast og innan ei veke må avgjere om dei skal sette i gang ei undersøking eller legge bort meldinga. Ei undersøking skal snarast og innan tre månader konkludere om det skal setjast i verk barnevernstiltak, sendast krav om tiltak og omsorgsovertaking til fylkesnemnda eller om dei skal legge bort saka.

Nedgang over fleire år

Det har stadig blitt færre barn i barnevernet etter 2017. Nedgangen kan sjåast i samanheng med det høge talet på flyktningar som kom til Noreg etter krisa i 2015. Dette gjorde at talet på barn som vart ivaretatt av barnevernet auka mykje fram til 2017. Deretter har dei av ulike grunnar gått ut av barnevernet, blant anna som følgje av at dei vert eldre. Men dette er ikkje heile forklaringa. Talet på barn utan Barn og unge med innvandrarbakgrunn. Innvandrarar er personar som er fødde i utlandet av utanlandsfødde foreldre, og som har fire utanlandsfødde besteforeldre. Norskfødde med innvandrarforeldre er personar som er fødde i Norge med to foreldre som er fødde i utlandet, og som i tillegg har fire besteforeldre som er fødde i utlandet. Til saman er desse to gruppene alle med innvandrarbakgrunn. Og resten er personar utan innvandrarbakgrunn. i barnevernet har også gått ned desse åra.

Figur 1. Barn 0-17 år med melding, starta undersøking og tiltak frå barnevernet. 2017-2021
Linjediagram med 4 linjer.
Figuren har 1 X akse som viser År.
Figuren har 1 Y akse som viser Antall. Dataene varierer fra 29231 til 51306.
Highcharts.com
Figur 1. Barn 0-17 år med melding, starta undersøking og tiltak frå barnevernet. 2017-2021
ÅrBarn med melding i løpet av åretBarn med undersøking starta i løpet av åretBarn med barnevernstiltak i løpet av åretBarn med barnevernstiltak ved utgangen av året
201751 30644 89148 45434 860
201849 74243 61847 89933 970
201950 07543 32546 72632 504
202048 69541 91544 89831 263
202146 20738 77442 40329 231

Frå 2017 har det kome færre meldingar, barnevernet har starta færre undersøkingar og det har vorte iverksett færre barnevernstiltak. Størst er nedgangen frå 2020 til 2021. Nedgangen har kome sjølv om barnevernet frå 2021 kan vidareføre hjelp til unge inntil dei blir 25 år. Før 2021 var den øvre aldersgrensa 23 år.

Talet på barn i Noreg har også gått ned frå 1 129 007 i aldersgruppa 0-17 år i 2017 til 1 108 523 i 2021, ein nedgang på 2 prosent. Men reduksjonen av barn i barnevernet er mykje større i same periode. Det har blitt 10 prosent færre barn med melding, 14 prosent færre undersøkingar som er starta og 16 prosent færre barn med barnevernstiltak ved utgangen av året i 2021 samanlikna med i 2017 for aldersgruppa 0-17 år.

Fleire meldingar og undersøkingar blir lagde bort

I tillegg til at det har kome færre meldingar til barnevernet dei siste åra, blir fleire av meldingane lagde bort. Berre siste året har talet på meldingar som ikkje blir undersøkte nærare auka med 2 prosentpoeng til 22 prosent i 2021. Og blant dei meldingane som blir undersøkte nærare blir 2 prosentpoeng fleire lagde bort utan å starte tiltak. Frå 2017 har delen meldingar og undersøkingar som blir lagde bort begge auka med 5 prosentpoeng.

Færre innvandrarar fekk tiltak

Noko av nedgangen i barnevernet kan vere knytt til mindre innvandring. Nesten 7 prosent færre innvandrarar fekk tiltak i 2021. Men også blant dei utan innvandrarbakgrunn er det ein reduksjon på omtrent 5 prosent for barn og unge med tiltak.

Samstundes er det blant norskfødde barn og unge med innvandrarforeldre uendra tal på barn og unge med tiltak i 2021 samanlikna med 2020.

Figur 2. Barn og unge med barnevernstiltak i løpet av året, etter innvandringskategori. 2020-2021
Liggende søylediagram med 2 linjer.
Figuren har 1 X akse som viser Innvandringskategori.
Figuren har 1 Y akse som viser Antall. Dataene varierer fra 7155 til 37825.
Highcharts.com
Figur 2. Barn og unge med barnevernstiltak i løpet av året, etter innvandringskategori. 2020-2021
Innvandringskategori20202021
Innvandrarar7 6557 155
Norskfødde med innvandrarforeldre7 2127 204
Barn og unge utan innvandrarbakgrunn37 82535 995

Heilt sidan 2017 har delen barn og unge med innvandrarbakgrunn vore rundt 28 prosent av alle barn og unge som får tiltak frå barnevernet. Det vil seie at nesten 3 av 10 barn og unge med tiltak frå barnevernet har innvandrarbakgrunn.

Det er grunn til å tru at noko av reduksjonen i talet på barn og unge med tiltak blant dei som ikkje har innvandrarbakgrunn, har med pandemien å gjere. I ein periode med stenging av landet kan det ha vore vanskeleg å nå alle dei som treng hjelp frå barnevernstenesta.

Fleire unge får ettervern frå barnevernet

Den primære målgruppa for barnevernet er barn fram til dei fyller 18 år. Men barnevernet følgjer opp også etter 18 år, og dei gjer det i stadig større grad. Unge 18-24 år er den einaste aldersgruppa der fleire får tiltak frå 2020 til 2021. Tala syner at det er dei i alderen frå 21 år og oppover som fekk fleire ettervernstiltak i 2021 enn året før.

Færre barn er plasserte av barnevernet

Ved utgangen av 2021 budde om lag 13 500 barn og unge i fosterheim, institusjon, beredskapsheim eller bustad med oppfølging. Dette er nesten 700 færre barn og unge enn året før. Det er fosterheim som er det klart mest brukte plasseringstiltaket, og utgjer heile 74 prosent av alle plasseringstiltak.

Figur 3. Barn og unge med plasseringstiltak per 31. desember 2021, etter plasseringsstad. Prosent
Sektordiagram med 4 sektorer.
Highcharts.com
Figur 3. Barn og unge med plasseringstiltak per 31. desember 2021, etter plasseringsstad. Prosent
PlasseringsstadProsent
Barnevernsinstitusjonar (7 %)7
Fosterheim (74 %)74
Beredskapsheim/Mellombels heim (4 %)4
Bustad med oppfølging (inkluderer bufellesskap) (14 %)14

Delen barn som bur i fosterheim i familie og nære nettverk er aukande samanlikna med barn som bur i fosterheim utanom familie og nære nettverk. Ved utgangen av 2021 budde 30 prosent av alle som bur i fosterheim (inkludert blant anna beredskapsheim) i fosterheim i familie og nære nettverk, dette er 4 prosentpoeng fleire enn ved utgangen av 2017.

Talet på tilsette aukar

Det var 6 431 årsverk i den kommunale barnevernstenesta ved utgangen av 2021. Dette er 2 prosent fleire årsverk enn året før. Også sett i samanheng med talet på barn i alderen 0-17 år har talet på tilsette auka, frå 5,7 tilsette per 1 000 barn i 2020 til 5,8 i 2021. Auken er i tilsette barnevernspedagogar og tilsette med annan høgskole- og universitetsutdanning. Når det gjeld sosionomar går talet ned i same periode.