Areal av land og ferskvatn

Oppdatert: 19. januar 2021

Neste oppdatering: 20. januar 2022

Fastlands-Noreg er

Om statistikken

Statistikken gir tal for arealet av dei grunnleggjande administrative og statistiske einingane fylke, kommune og grunnkrins. Statistikken gir tal for areal både på land og ferskvatn.

Kommuneinndelinga er ei administrativ inndeling av Noreg og representerer det lokale sjølvstyret. Kommune er nemninga både på eit politisk og forvaltningsmessig nivå og nemninga på eit regionalt nivå i statistikken. (Sjå NOS C513 Regionale inndelingar for nærare utgreiing.)

Landet er delt inn i ca. 14 000 grunnkrinsar. Føremålet med å dele kommunane inn i grunnkrinsar er å lage små, stabile geografiske einingar som kan gje eit fleksibelt grunnlag for å arbeide med og presentere regionalstatistikk. Føremålet med dette er igjen å gje eit meir effektivt statistisk grunnlag for kommunal og regional analyse, forvaltning og planleggjing.

I tillegg til at grunnkrinsar skal vere stabile over ein rimeleg tidsperiode, skal die også bestå av eit geografisk samanhengande område. Eit anna hovudkriterium er at grunnkrinsane bør vere mest mogleg einsarta når det gjeld natur og næringsgrunnlag, kommunikasjonsforhold og bygningsmessig struktur. (Sjå NOS C513 Regionale inndelingar for nærare utgreiing.)

Areal vert oppgjeve i kvadratkilometer.

Landarealet er alt areal av fastland og øyer unntatt ferskvatn slik det er kartlagt i Statens kartverks N50:

"Alle øyer som er større enn 300 m2; og bredere enn 15 m tas med. Øyer under minstemålet som anses så viktige at de bør beholdes, skal overdrives slik at minstemålet overholdes."

Ferskvatn omfattar innsjøer og elveflater slik dei er avgrensa i N50:

"Innsjøer som er større enn 300 m2 og bredere enn 15 m tas med. Øyer i innsjø som er større enn 300 m2 og bredere enn 15 m tas med. Innsjøer og øyer som er under minstemålet som anses så viktige at de beholdes, skal overdrives slik at minstemålet overholdes. Innsjøkonturen legges av etter normalvannstand. Ved oppdemte og regulerte innsjøer benyttes høyeste regulerte vannstand (HRV).

Elver bredere enn 15 m og lengre enn 100 m danner elveflater. Mellom to innsjøer kan elveflaten være kortere. Øy i elv som er større enn 300 m2 og bredere enn 15 m, beholdes. Øyer under minstemålet som anses så viktige at de bør beholdes, skal overdrives slik at minstemålet overholdes."

Landareal, areal av ferskvatn (innsjø og større elver). Statistikken kan verte utvida med fleire klasser.

Navn: Areal av land og ferskvatn

Emne: Natur og miljø

20. januar 2022

426 Seksjon for eiendoms-, areal- og primærnæringsstatistikk

Fylke, kommunar, grunnkrinsar

Årleg

Ingen

Statistikken vert levert av Kartverket og grunnmaterialet er lagra hos dei. Det same gjeld for Svalbard og Norsk polarinstitutt.

Føremålet med statistikken er å fylgje endringar i arealet av kommunar og grunnkrinsar, og å kunne kople arealtal til annan statistikk.

Offentleg forvaltning, forskingsmiljø, presse, kringkasting og privatpersonar.

Ikkje relevant

Tal for kommunar og fylke vert også publiserte i statistikken over arealressursar og arealbruk. I den statistikken er grunnlaget med enda meir nøyaktige kartdatabasar og totalsummen for kommunar og fylke vil kunne avvike frå tala som vert gitt for arealdekke her.

Bruker registeropplysningar ( Statistikkloven )

Ingen

Statistikken omfattar alle kommunar og grunnkrinsar i Noreg. Svalbard og Jan Mayen er også med i statistikken. Statistikken omfattar landareal og ferskvatn, dvs. hav og fjordar er ikkje med.

Grensedata frå Matrikkelen og digitalt kartverk for Noreg i målestokk 1 : 50 000 (N50). Kartverket. Og digitalt kartverk over Jan Mayen og Svalbard i målestokk 1 : 100 000 (S100). Norsk polarinstitutt.

Fullteljing

Vi får tala ferdig berekna frå Kartverket og Norsk polarinstitutt.

Kontrollrutinar hos Kartverket og Norsk polarinstitutt.

Ikkje relevant

Ingen

Tala for 2003 er delvis berekna ut frå eldre kartmateriale i målestokk 1: 100 000 med manuelle metodar; endring frå 2003 og framover har samanheng med dette.

Tal frå og med 2010 er berekna frå grensedata i Matrikkelen. I samband med dette er det endringar som følge av forbetringar i grunnlaget.

Kvart år vil nokon endringar kunne førast tilbake til betring i kvalitet.

Tal over Svalbard og Jan Mayen oppdaterast om lag kvart tiande år.

N50 kartdata har eit innhald som tilsvarar kartserien Norge 1: 50 000 (M711). Produktet er kartografisk redigert med tanke på presentasjon i målestokk 1: 50 000. Grannsemda knytta til fotogrammetrisk konstruerte elementer er +/- 10 meter, medan tilsvarande for digitaliserte element er oppgjeve å vere +/- 50 meter.

Ikkje relevant

Kontakt