Elvefiske

Oppdatert: 28. januar 2022

Neste oppdatering: Foreløpig ikkje fastsett

Pukkellaks avliva
Pukkellaks avliva
2021
111 657
Elvefiske etter laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks. Førebelse tal
Elvefiske etter laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks. Førebelse tal
20212019 - 202120212019 - 2021
StkEndring, prosentKgEndring, prosent
Avliva fisk
I alt195 29546,8416 37018,5
Atlantisk laks56 939-31,5197 018-32,9
Sjøaure22 397-27,725 476-23,1
Sjørøye4 132-14,62 986-18,2
Regnbogeaure17037,120498,1
Pukkellaks111 657701,8190 686803,2
Fisk sleppt ut att
I alt33 5261,6105 105-0,5
Atlantisk laks21 3570,991 733-1,8
Sjøraure11 1243,412 81910,4
Sjørøye1 045-2,2553-13,1
Standardteikn i tabellar

Utvalde tabellar og figurar frå denne statistikken

Fylkesfordelt fangst av avliva laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks. Førebelse tal
Fylkesfordelt fangst av avliva laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks. Førebelse tal1
Fangst i altAtlantisk laks, vektklasserSjøaure og sjørøyeRegnbogeaurePukkellaks
I altUnder 3 kg3 - 7 kgOver 7 kg
Kg
2021
Heile landet2 416 370197 01854 84192 22449 95328 462204190 686
Oslo og Viken6 2475 2481 2602 0541 9348620137
Vestfold og Telemark15 28215 1122 9668 2083 938140030
Agder20 52819 6836 98610 9281 7696503192
Rogaland28 57228 0796 96915 5635 54716284247
Vestland12 95410 4391 8616 0732 5052 11933363
Møre og Romsdal17 51316 1954 3398 4173 4391 12616176
Trøndelag - Trööndelage50 05348 2368 41123 28016 5451 6582157
Nordland20 65210 7785 4383 9641 3768 227461 601
Troms og Finnmark - Romsa ja Finnmárku2 244 56943 24816 61113 73712 90013 51820187 783
1Omfattar ikkje fisk som er sleppt ut att.
2Det blei ikkje opna for laksefiske i Tanavassdraget i 2021.
Standardteikn i tabellar
Fangst av laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks i utvalde elvar/vassdrag. Førebelse tal
Fangst av laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks i utvalde elvar/vassdrag. Førebelse tal
KgStk
I altAvliva fiskFisk sleppt ut attI altAvliva fiskFisk sleppt ut att
2021
Drammenselva4 1234 12301 1511 1510
Numedalslågen14 70214 5181843 6123 55953
Otra3 8683 7151531 5701 47991
Mandalselva10 0529 1568963 4393 084355
Bjerkreimselva6 3355 9703652 5402 344196
Ogna1 9291 9101987185714
Håelva1 7331 553180697597100
Figgjo2 2872 14714089282171
Etneelva1 6681 308360481316165
Lærdalselva2 1921342 05885657799
Bondalselva72672602172170
Drivavassdraget3 3792 809570867601266
Surna m/Rinna4 8643 4071 4571 213709504
Stordalselva i Åfjord1 3241 2962861159615
Orkla23 2818 63114 6505 2931 8813 412
Gaulavassdraget24 48410 28114 2035 0521 8543 198
Namsenvassdraget18 67315 4973 1765 5824 1551 427
Stjørdalsvassdraget10 2185 4554 7632 6321 2201 412
Årgårdsvassdraget82472210248940881
Vefsnavassdraget7 1292 1484 9811 8555941 261
Beiarvassdraget7 3302 0865 2442 0519861 065
Målselvvassdraget12 91511 6951 2204 4713 912559
Reisavassdraget (Nordreiselva)5 7703 6402 1302 1541 745409
Vestre Jakobselv25 55723 6961 86111 94011 398542
Altavassdraget17 51413 4724 0427 2106 221989
Repparfjordelva m/Skaidijohka13 30512 0471 2587 0646 615449
Stabburselva Vesterbotn2 2551 8354201 046926120
Lakselva i Porsanger6 5363 5792 9571 8911 321570
Tana m/bielver (norsk del)1 834241342014
Neidenelva (norske del)27 03826 45358516 19316 058135
1Det blei ikkje opna for laksefiske i Tanavassdraget i 2021. Uttaksfiske etter pukkellaks er ikkje medrekna.
Standardteikn i tabellar
Fylkesfordelt fang og slepp av laks, sjøaure og sjørøye. Førebelse tal
Fylkesfordelt fang og slepp av laks, sjøaure og sjørøye. Førebelse tal1
Fangst i altAtlantisk laks, vektklasserSjøaure og sjørøye
I altUnder 3 kg3 - 7 kgOver 7 kg
Stk
2021
Heile landet2 33 52621 3579 3727 9354 05012 169
Oslo og Viken22615233398074
Vestfold og Telemark53401420613
Agder1 01864241320920376
Rogaland1 572839348345146733
Vestland3 3891 2854425243192 104
Møre og Romsdal2 7811 5038844211981 278
Trøndelag - Trööndelage11 0468 4373 4233 4101 6042 609
Nordland6 4943 9361 5771 6087512 558
Troms og Finnmark - Romsa ja Finnmárku2 6 9474 5232 2381 3599262 424
1Omfattar ikkje fisk som er avliva.
2Det blei ikkje opna for laksefiske i Tanavassdraget i 2021.
Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Statistikken gjev ei oversikt over fangst av laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks i elvar og vassdrag. Det er skilt mellom fisk som er avliva og fisk som er sett levande ut i elva att.

Anadrome laksefisk : Laksefisk som vandrar mellom sjø og ferskvatn og som er avhengig av ferskvatn for å reprodusere seg, samt rogn og ungar av slik fisk. Rømt eller utsett oppdretta laksefisk som kan vandre frå sjø til ferskvatn reknast som anadrom laksefisk når dei lever fritt i sjø eller vassdrag.

Vekt : Vekta av fisken gjeld kilo rund fisk.

Fang og slepp: Fisk som blir fanga og sett levande ut i elva igjen.

Pukkellaks: Pukkellaks er ein stillehavslaks som blei sett ut på Kolahalvøya frå 1956 til 1998. Den spreidde seg fyst til dei nordlege elvane i Noreg, der det no er påvist sjølvreproduserande bestandar. Den har ein toårig livssyklus og kjem tilbake til vassdraga annakvart år.

Før 1993 er talet på Atlantisk laks og vekta av laksen spesifisert på gruppene laks under 3 kg og laks 3 kg og over. Frå og med 1993 er laksen fordelt etter desse gruppene: Laks under 3 kg, laks mellom 3 og 6,9 kg og laks 7 kg og over

Elvefiske

Foreløpig ikkje fastsett

426 Seksjon for eiendoms-, areal- og primærnæringsstatistikk

Tal for kvar enkelt elv og fylkestal.

Årleg. Førebelse tal blir publisert i januar året etter fisket har gått føre seg. Statistikkbanken blir oppdatert med endelege tal i april.

Miljødirektoratet rapporterer til NASCO (North Atlantic Salmon Conservation Organization).

Grunnmaterialet blir langtidslagra i Statistisk sentralbyrå. Registerdata og fangstdata ligg i Oracle-tabellar. Endeleg datafil lagrast på Linux.

Statistikken representerer ein tidsserie frå 1876 og er eit sentralt element i det nasjonale og internasjonale overvakings- og forvaltningsarbeidet med anadrome laksefisk.

Fangststatistikken er ei viktig informasjonskjelde for naturforvaltning, presse, interesseorganisasjonar og andre aktørar. Forskingsmiljø nyttar statistikken til mellom anna å vurdere bestandsutvikling og til å gjere utrekningar av den samfunnsøkonomiske verdien av laksefiske.

Noreg har også forplikta seg til årleg å rapportere fangststatistikk til NASCO (North Atlantic Salmon Conservation Organization).

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før han er publisert til same tid for alle kl. 08.00 på ssb.no etter førhandsvarsling seinast tre månader før i Statistikkalenderen. Les meir om prinsippet for lik handsaming av statistikkbrukarar på ssb.no.

Talet på registrerte fiskarar i vassdraga henta frå DN si oversikt over betalt fiskaravgift.

2008: 7 5 000

2009: 75 300

2010: 6 8 000

2011: 69 900

Tal for sjøfiske etter laks og sjøaure blir presenterte i eigne artiklar frå SSB.

Offentleg register, Statistikkloven §§ 2-2, 3-2

Ikkje relevant

Statistikken til og med 2018 omfattar fangst av laks, sjøaure og sjørøye teke med stong i elvane. Rømt oppdrettsfisk skal reknast med i statistikken. Frå og med 2009 er det rapportert tal for gjenutsett fisk (fang og slepp). Frå og med 2019 skal all fangst av avliva regnbogeaure og pukkellaks rapporterast. Desse artane skal ikkje settast ut i elva igjen.

Fiskerettshavarane samlar inn fangstmelding frå den enkelte fiskar.

Totaltelling. Alle som fiskar etter laksefisk i elvane skal rapportere.

Fangstmelding frå den enkelte fiskar samlast inn av fiskerettshavar. Fiskerettshavar sender samla fangstmelding til fylkesmannen eller legg tala inn i rapporteringsløysinga for elvefangst i Lakseregisteret. Fylkesmannen er ansvarleg for at det blir registrert rapportar for kvar elv i Lakseregisteret (tidlegare Elvefangstregisteret). Frå og med 2004 kan fiskerettshavar eller fiskeforvaltar nytte elektronisk rapportering via Internettadressa http://www.fangstrapp.no.

Data frå Lakseregisteret blir lasta ned og overført til eit kontroll og rettesystem. For å identifisere feilføring og feiltasting er det lagt inn maskinelle kontrollar. På dette grunnlaget blir det gjort opprettingar for logiske feil og uriktige oppgåver. Om naudsynt, blir fylkesmennene kontakta for å drøfte datagrunnlaget.

Ikkje relevant
Ikkje relevant

Fram til 1993 vart statistikken samla inn av laksestyra, og statistikken var knytt til innbetaling av lakseskatt. Dette gjorde at det var vanskeleg å få inn rapportar ein kunne lite på. Frå 1993 vart lakseskatten borte, og fylkesmennene overtok ansvaret for å samle inn fangstrapportane og rapportere vidare til Statistisk sentralbyrå. Etter det er det grunn til å tru at kvaliteten har vorte betre.

Kor mange elvar og vassdrag det blir fiska i har variert over tid. Frå byrjinga av 1800-talet omfatta statistikken berre 54 av dei viktigaste elvane. Talet på elvar med registrert fangst auka monnaleg på midten av 1900-talet, og det var omkring 170 elvar med registrert fangst i 1960-åra. Dei seinare åra har det vore registrert fangst i om lag 350 elvar.

I 1989 var 15 prosent av laksevassdraga i Noreg stengt for fiske av laks av ulike årsaker. I 2011 var 25 prosent av elvane stengt for fiske. I tillegg til freding er det dei siste åra teke i bruk døgnkvoter, vanlegvis på ein til tre fiskar per døgn.

Også lenger tilbake i tid har det vore endringar som kan ha verka inn på fangstmengda. Etter ei sterk avkorting av fisketida for bruk av fast fangstreiskap som laksekasser, garn og teiner i elv etter laks frå 1850 til 1900 var lengda på fiskesesongen nærmast uforandra frå 1900 til 1960. Denne typen fiske vart forbode i nesten heile landet i 1980. Berre i nokre få elvar i Finnmark og i Numedalslågen har det vore opent for bruk av fast fangstreiskap etter 1980. Allereie i 1930 var det forbode å fiske i laksetrappene, og alt fiske vart forbode rett ovanfor og nedanfor dei. Den gjennomsnittlege perioden for stong- og handsnørefiske i elv etter laks er redusert frå vel 200 dagar i 1850 til om lag 75 dagar i 2010.

Denne statistikken gir eit bilete av den registrerte innrapporteringa av fangsten. Undersøkingar har vist at den reelle fangsten er noko høgare. Miljødirektoratet estimerer eit tillegg for urapportert fangst i si rapportering til NASCO.

Manglande eller forseinka fangstrapportering frå fiskarane og fiskerettshavarane kan vere eit problem for fangststatistikken i vassdraga. Det er også mangelfull statistikk frå ein del småvassdrag der fisket er dårleg organisert. Statistikken er difor ikkje så fullstendig som ein skulle ønske.

2009 var første året med påbod om innrapportering av gjenutsett fisk, og kvaliteten på denne statistikken er derfor noko usikker dei første åra.

2019 er første året med rapportering av regnbogeaure og pukkellaks, og kvaliteten på desse opplysningane kan derfor vere noko usikre.

Undersøkingar har synt at den reelle fangsten er noko høgare enn den offisielle statistikken syner. Dels kjem det av manglande eller forseinka fangstrapportering frå fiskarane og fiskerettshavarane, og dels på grunn av ulovleg fangst.

Ikkje relevant

Kontakt