, som Statistisk sentralbyrå første gong registrerte fangst av i 2019, utgjorde på landsbasis nesten halvparten av all laksefisk som vart landa i 2021. Det meste vart teke i Troms og Finnmark, men det vart rapportert fangst av denne uynskte arten i alle fylka. I Troms og Finnmark blei det opna for utvida fangst av pukkellaks i 2021. Vesterelva i Nesseby og den norske delen av Neidenelva toppar lista over elvar med mest fangst av pukkellaks i 2021 med høvesvis 20 200 og 15 400 fisk.

Her finn du talet på landa laks, sjøaure og pukkellaks i alle elvar med registrert fangst i 2021

Vi har fiska laks sidan laksen etablerte seg i elvane etter siste istid. Fram til midten av 1800-talet var laksefisket ein viktig del av naturalhushaldet. I 1860-åra kom dei første britiske lakselordane til Vestlandet. Desse gjorde laksefiske til ein sport. Alt i 1876 vart det sett i gang innsamling av statistikk over fangsten i norske elvar.

Stadig fleire elvar har kome til

Frå registreringane tok til i 1876 til omkring 1970 heldt det samla utbytet i elvane seg på om lag same nivået. Samstundes auka talet på elvar med registrert fangst frå 54 elvar i 1876 til omkring 170 elvar i 1960-åra. I 2021 vart det registrert fangst av laksefisk i 427 elvar.

Det skal vere mogeleg å fiske etter laksefisk i bortimot 1 200 norske elvar og bekker. Om lag 400 elvar har ein laksebestand, medan resten av dei har sjøaure og sjørøye.

Figur 1. Fangst av avliva laksefisk i tonn og talet på elvar med fangst

Tok flest atlantisk laks i 2000

Av alle år det har vore registrert fangst av atlantisk laks i elvane, blei flest drege på land og avliva i 2000. Då vart det landa 189 400 atlantisk laks. Etter det har trenden synt ein jamn nedgang i fangsten, men med årlege variasjonar. I 2021 vart det avliva 56 900 atlantisk laks.

Talet på laksefiskarar har gått ned

I 2021 var det om lag 65 000 fiskarar i sving i norske elvar syner utrekninga til Miljødirektoratet. Talet er basert på innbetalt fiskaravgift, og det er litt færre enn i 2020. I perioden frå 2000 til 2009 var det årleg rundt 80 000 fiskarar. Etter det har trenden synt ein nedgang. Ein viktig årsak til nedgangen i talet på fiskarar er stadig fleire reguleringar av fiske og kortare fisketid i mange elvar. Dei siste to åra har koronapandemien ført til færre utanlandske fiskarar.

Tana, Namsen og Gaula var dei beste lakseelvane siste tiåret

Tana toppar statistikken over størst gjennomsnittleg fangst av atlantisk laks det siste ti-året, sjølv om elva var stengt for fiske i 2021. Laksebestanden i Tana har blitt stadig mindre dei siste åra. Det blir likevel opna for avgrensa fiske i 2022. I gjennomsnitt har elvefiskarane i den norske delen av Tana landa 7 400 atlantisk laks kvart år. Deretter kjem Namsen og Gaula, med eit årleg gjennomsnitt på 6 600 og 4 400 landa atlantiske laks i siste tiårsperiode.

Fang og slepp gjev meir fiskelykke

Det har blitt stadig meir vanleg å sleppe ut att fisk etter at han er landa. I 2021 blei det rapportert at i alt 21 400 atlantisk laks blei sleppt levande ut i elva etter at dei var landa. Flest fisk blir sleppte ut att i Orkla og Gaula. I snitt for dei siste 10 åra er 2 700 laks sleppte ut att årleg i kvart av desse vassdraga. Dette gjev fleire fiskeopplevingar, men er også omdiskutert.

Innsamlinga av fangststatistikk i norske elvar tok til i 1876. Initiativtakar var dåverande fiskeriinspektør Landmark. I innleiinga til laksestatistikken frå 1876-1879 skreiv han at han

… «… vil sørge at give en samlet Oversigt over disses Afkastning i den heromhandlede Periode. Da Oppgave herover aldrig forhen har været meddelt, vil en saadan selvfølgelig være af stor Interesse ikke blot for den nærværende Tid, men ogsaa for al Fremtid …»

Han var fullstendig klar over at det var ei krevjande oppgåve å lage god fangststatistikk og skreiv vidare:

«Idet jeg saaledes ingenlunde tør tillegge de framstillede resultater af mine Undersøgelser nogen høi Grad af Nøyaktighed, tør jeg dog med Sikkerhet antage, at mine Tallstørrelsers Afvigelse fra det Sande ikke er større, end at de i Hovedtrækkene frembyde et korrekt Billede af Forholdene.» F

Fram til 1993 vart statistikken samla inn av laksestyra, og statistikken var knytt til innbetaling av lakseskatt. Dette gjorde at det var vanskeleg å få inn rapportar ein kunne lite på. Frå 1993 vart lakseskatten borte, og fylkesmennene overtok ansvaret for å samle inn fangstrapportane og rapportere vidare til Statistisk sentralbyrå. Etter det er det grunn til å tru at kvaliteten har vorte betre. Undersøkingar har likevel synt at den reelle fangsten er noko høgare enn den offisielle statistikken syner. Dels kjem det av manglande eller forseinka fangstrapportering frå fiskarane og fiskerettshavarane, og dels på grunn av ulovleg fangst. Frå 2009 vart det påbod om innrapportering av fisk som blir sett ut att etter at han er fanga, og kvaliteten på denne statistikken har stadig blitt betre.