Namsen beste lakseelv dei siste fem åra

Publisert:

Både i 2020 og i snitt dei siste fem åra toppar Namsen lista over elvar og vassdrag med flest landa laks. I gjennomsnitt for perioden 2016-2020 vart det drege på land 6 890 laks i Namsen, nesten 1 000 fleire enn snittet for Tana.

Tanavassdraget har lenge vore den soleklart beste lakseelva, men i snitt for dei siste fem åra er elva passert av Namsen. Talet på laks som går opp i Tana, har dei siste åra vorte stadig mindre. Den same utviklinga har vi sett for fangsten. Noreg og Finland har difor i fellesskap teke avgjersle om at det ikkje blir opna for laksefiske i elva i 2021 i det heile. I 2020 vart det teke 3 350 laks i vassdraget, medan fangsten i 2012 var på 13 750 laks, syner statistikken elvefiske etter laksefisk.

Figur 1. Utviklinga i talet landa laks i Namsen, Gaula, Orkla og Tana

2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020
Namsenvassdraget 4660 5713 6775 6430 8117 5949 8126 5992 6893 7484
Orkla 4406 3506 2626 3781 4006 3618 5363 3863 3426 6504
Gaulavassdraget 6066 5376 2671 3457 4330 4411 4676 4939 3402 6176
Tana m/sideelvar (norsk del) 9254 13750 9794 12093 8920 8130 5552 8050 4612 3352

Gaula og Orkla på pallen i 2020

Etter Namsen og Tana følgjer Trøndelagselvane Gaula og Orkla på lista over elvar og vassdrag der fiskarane hala på land flest laks dei siste fem åra. I 2020 var Orkla og Gaula høvesvis nummer to og tre etter Namsen. I desse to vassdraga vart det landa høvesvis 6 500 og 6 200 laks i 2020, som er godt over snittet for dei fem siste åra. I både Orkla og Gaula vart godt over 60 prosent av laksen sleppt levande ut att i 2020. I Tana og Namsen var delen laks som vart sleppt ut att i følgje rapportane berre 2-3 prosent same året. Viktige årsaker til dei store skilnadene i fang og slepp er ulike fiskekvotar og fredningstider for hofisk.

Her kan du sjå kor stor fangsten var, og kor mange laks som vart sleppte ut att, i norske lakseelvar i 2020.

Figur 2. Elvar/vassdrag med flest landa laks siste fem år

Gjennomsnitt 2016-2020 2020
Namsenvassdraget 6889 7484
Tana m/bielver (norsk del) 5939 3352
Gaulavassdraget 4721 6176
Orkla 4555 6504
Numedalslågen 4245 4130
Bjerkreimselva 3668 4055
Vestre Jakobselv 3230 2998
Mandalselva 3097 3388
Målselvvassdraget 2926 3339
Altavassdraget 2835 3617

Flest storlaks tekne i Gaula

Det var også i Gaula og Orkla fiskarane drog på land flest storlaks på over 7 kg: 1 570 i Gaula og 1 350 i Orkla. Blant dei 20 elvane med størst fangst i 2020 var det likevel andre elvar som hadde større del storlaks av totalfangsten. I Tana var 33 prosent av laksen over 7 kilo, medan det same gjaldt 31 prosent av all laks fiska i Drammenselva og Beiarvassdraget.

Færre vassdrag opne for fiske i 2021

I alt vart det rapportert om fangst av laks i rundt 380 elvar og vassdrag i 2020. Frå 2021 blir det opna for fiske etter laksefisk i 440 elvar, medan det tidlegare har vore lov å fiske i 1 030 elvar og vassdrag. Det er stort sett elvar der det ikkje har vore rapportert fangst, som no er stengde.

Innsiget av smålaks mest redusert

Ifølgje Vitenskapelig råd for lakseforvaltning er innsiget av laks i elvane halvert sidan 1983. Det er innsiget av smålaks som er mest redusert. Mykje av nedgangen i innsiget kom i 1980-åra. Innsiget av villaks i 2019 var det same som gjennomsnittet for dei siste ti åra.

Faktaside

Kontakt