Fiske og fangst
Statistikk
Statistikk fra andre enn SSB
Analyser, artikler og publikasjoner
Framleis liten laksefangst i elvane
I alt vart det teke 67 100 atlantiske laks i elvane i 2025. Av dei blei 26 400 sleppte levande ut att. Fangsten i 2025 er den nest lågaste så langt vi har tal, berre 2024 var lågare.
Minste fangsten i sjøfisket etter laks nokon gong
I alt blei det fiska 70 tonn laks i sjøfisket etter laksefisk i 2025. Det er den minste fangsten som er registrert og ein nedgang på 5 tonn samanlikna med 2024.
Svært lav laksefangst i elvane
Laksefiskarane tok opp 45 200 atlantisk laks frå dei norske elvane i 2024. Det er ein nedgang på 36 prosent frå året før, og den lågaste laksefangsten som er registrert.
Rekordlåg laksefangst i sjøen
Det blei fiska 75 tonn laks i norske fjordar i 2024. Det er 33 prosent mindre enn året før, og den lågaste laksefangsten som er registrert i sjølaksefisket.
Redusert laksefangst i elvane
Laksefiskarane tok opp 70 600 atlantisk laks frå dei norske elvane i 2023. Det er ein nedgang på 28 prosent frå året før. 27 prosent av laksen blei sleppt levande ut i elva igjen.
Nytt rekordår for fangst av pukkellaks
I 2023 blei det for første gong fanga meir pukkellaks, både i tal fisk og vekt, enn atlantisk laks i norske fjordar. Det vart fanga til saman 183 tonn pukkellaks, ein auke på 112 tonn frå 2021. Samtidig gjekk fangsten av atlantisk laks ned med 21 tonn frå 134 tonn i 2022.
Auka fangst av atlantisk laks
Laksefiskarane tok opp 97 300 atlantisk laks frå dei norske elvane i 2022. Det er ein auke på 24 prosent frå året før. 28 prosent av laksen blei sleppt levande ut i elva igjen.
Liten laksefangst i sjøen
Det blei fiska 134 tonn laks i norske fjordar i 2022. Det er 37 prosent meir enn i botnåret 2021, men likevel den nest lågaste laksefangsten som er registrert.
Tok meir pukkellaks enn vanleg laks i 2021
Om lag 65 000 laksefiskarar freista å overliste storlaksen i 2021. I alt blei 229 100 fisk drege på land i elvefiske etter laksefisk i 2021, og av det utgjorde atlantisk laks 78 200 fisk og pukkellaks 111 800 fisk.
191 tonn pukkellaks tatt i elvane
I alt vart det avliva 416 tonn laksefisk i elvane i 2021. 191 tonn av dette var pukkellaks som dermed utgjorde 46 prosent av all avliva laksefisk.
Eldre analyser, artikler og publikasjoner
for delområdet fiske og fangst.
Eldre analyser, artikler og publikasjoner
for delområdet akvakultur.
SSB har digitalisert alle eldre utgivelser av publikasjoner fra 1828-2000, over 22 000 stk.


