Norsk industriproduksjon var uendra frå desember 2023 til januar 2024, viser sesongjusterte tal. For perioden november 2023 - januar 2024 fall aktiviteten med 0,1 prosent samanlikna med førre tremånadarsperiode.
Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden november 2023-januar 2024 var på 100,1 (2021=100) mot 100,2 i føregåande tremånadarsperiode. Trenden viser at aktivitetsnivået i industrien dei seinaste månadane har hatt ein stabil utvikling (sjå figur 1).
Månadsendring: Nedgang i oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk
For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at aktiviteten i industrien var uendra frå desember 2023 til januar 2024. Det var næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest i negativ retning med eit fall på 1,7 prosent. Også metallindustri såg ein nedgang denne perioden med eit fall på 2,5 prosent.
På den motsette sida var det dataindustri og elektrisk utstyrsindustri som bidrog mest i positiv retning med ein vekst på 1,6 prosent.
Tremånadarsendring: marginalt fall i aktiviteten
Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein marginal nedgang på 0,1 prosent i perioden november 2023-januar 2024 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Næringsmiddel- og drikkevareindustrien bidrog mest til nedgangen i industriproduksjonen med eit fall på 1,4 prosent. Den nedgåande trenden fortsett i trelast- og trevareindustrien med eit fall på 4,3 prosent i perioden. Samanlikna med same tremånadarsperiode året før hadde næringa eit kalenderjustert fall på heile 11,5 prosent.
På den anna side hadde næringsgruppa bygging av skip og oljeplattformer ein sterk oppgang på 5,2 prosent og bidrog såleis til å dempe fallet i industriproduksjonen. Fleire verksemder innanfor næringa melde om gode marknadsforhold og prosjekt i perioden som årsak til auke.
Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 1,4 prosent i perioden november 2023-januar 2024 samanlikna med førre tremånadersperiode. Aktiviteten i denne delen av industrien har auka mykje sidan starten på 2022. Industriproduksjonen unntatt leverandørindustrien er ned 0,6 prosent i same periode og trenden har jamt over vore fallande dei siste to åra (sjå figur 2).
Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2021=100
Linjediagram med 2 linjer.
Figuren har 1 X akse som viser Månad.
Figuren har 1 Y akse som viser Indeks. Dataene varierer fra 93.8 til 102.6.
Glattet sesongjusterte
Sesongjusterte
Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2021=100
Månad
Glattet sesongjusterte
Sesongjusterte
Jan. 2019
100
99,8
Feb. 2019
100,2
99,8
Mar. 2019
100,5
98,9
Apr. 2019
100,7
101
Mai 2019
100,9
101,9
Juni 2019
101
100,8
Juli 2019
101
101,5
Aug. 2019
101
100,5
Sep. 2019
100,9
101
Okt. 2019
100,8
100,7
Nov. 2019
100,8
100,7
Des. 2019
100,7
100,9
Jan. 2020
100,6
100,7
Feb. 2020
100,6
100,4
Mar. 2020
97,8
Apr. 2020
95,6
Mai 2020
93,9
Juni 2020
93,8
Juli 2020
95,1
Aug. 2020
98,3
Sep. 2020
97,5
Okt. 2020
97,7
Nov. 2020
99,8
Des. 2020
99,7
Jan. 2021
101,7
Feb. 2021
101,2
Mar. 2021
102,6
Apr. 2021
100
Mai 2021
100,9
Juni 2021
101,5
Juli 2021
100,3
Aug. 2021
100,5
Sep. 2021
101,1
Okt. 2021
99,3
Nov. 2021
100,3
Des. 2021
98,9
Jan. 2022
101,5
Feb. 2022
99,1
Mar. 2022
100,6
100,6
Apr. 2022
100,5
102,4
Mai 2022
100,5
99,1
Juni 2022
100,5
99,2
Juli 2022
100,6
101,6
Aug. 2022
100,7
99,6
Sep. 2022
100,7
101,1
Okt. 2022
100,8
101
Nov. 2022
100,7
100,5
Des. 2022
100,6
99,5
Jan. 2023
100,5
100,5
Feb. 2023
100,5
100,5
Mar. 2023
100,5
100,3
Apr. 2023
100,5
99,2
Mai 2023
100,4
100,6
Juni 2023
100,4
100,5
Juli 2023
100,2
99,3
Aug. 2023
100,1
100,9
Sep. 2023
100
99,6
Okt. 2023
100
100,2
Nov. 2023
100
99,9
Des. 2023
100,1
100,2
Jan. 2024
100,2
100,2
¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.
Tremånadarsendring: oppgang i samla produksjonsindeks
Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein oppgang i perioden november 2023-januar 2024 samanlikna med førre tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein oppgang på 0,5 prosent, medan utvinning av naturgass auka med heile 17,4 prosent. Oppgangen for naturgass kan sjåast i samanheng med ein omfattande vedlikehaldsperiode i september 2023. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Sokkeldirektoratet (sodir.no)
Utvinningstenester på si side hadde ein auke på 1,3 prosent i perioden november 2023-januar 2024 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde ein nedgang på 1,6 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning hadde eit fall på 6,3 prosent (sjå figur 3).
Frå og med publiseringa av januarindeksen er referanseåret endra til 2021=100. Inntil desember 2023 var referanseåret 2005=100.
Merk at oppdatert referanseår ikkje påverkar endringar i indeksseriane over tid, utover avrundingseffektar som kan flytte enkelte endringsratar på desimalen.
Vekter i produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (PII) er oppdaterte no ved overgangen til nytt år. Grunnlaget for vektene er tilverkingsverdi til faktorpris frå årleg strukturstatistikk for olje- og gassutvinning, industri, elektrisitet og fjernvarme for 2022. Desse blir framskrivne til situasjonen ved utgangen av 2023 med endringstal frå kvartalsvis nasjonalrekneskap og kvantumsopplysningar frå Sokkeldirektoratet.
For industrinæringane var det vekta til metallindustri som gjekk mest opp medan trelast- og trevarenæringen gjekk mest ned frå 2023 til 2024. Samla sett for totalaggregatet (PII) fall vekta til industrien, medan vekta for utvinning og utvinningstenester gjekk opp.
Oppdaterte produktivitetsfaktorar for produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (PII) blir tekne i bruk frå og med januar 2024. Desse opplysningane er henta frå årleg nasjonalrekneskap. Faktorane bygger på årleg volumendring i bruttoprodukt per utført timeverk for dei næringane der ein nyttar timeverk som indikator, og er eit gjennomsnitt for årene 2017 til og med 2021.
Sesongjustering brukes for å fjerne det vi kaller sesongvariasjoner, som for eksempel ferieavvikling eller julehandel, fra månedlige eller kvartalsvise statistiske tidsserier.
Mye statistikk publiseres som indekser. De hjelper oss å tyde utvikling i tall over tid, samt sammenligne fenomener som måles på svært ulike måter. I denne artikkelen får du vite hva en indeks er, hva den måler, og hvordan den kan brukes.