Indeksnivået for industriproduksjonen i 3. kvartal 2026 var på 107,5 (2021=100) mot 107,4 i føregåande kvartal. Trenden i aktivitetsnivået i industrien har vist ein aukande utvikling i 2026, men har flata noko ut dei siste månadene (sjå figur 1).

Tremånadarsendring: blanda utvikling blant industrinæringane

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. tal viser at industriproduksjonen hadde ein marginal oppgang på 0,1 prosent i 3. kvartal 2026, samanlikna med førre tremånadsperiode. Det var særleg næringsgruppa bygging av skip og oljeplattformer som bidrog til den samla oppgangen i industriproduksjonen, med ein auke på 2,4 prosent. Næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri bidrog òg til oppgangen, med ein auke på 2,1 prosent.

Auken i industrien i 3. kvartal blei dempa av lågare aktivitet innanfor kjemiske råvarer og metallindustri med ein nedgang på høvesvis 3,8 og 2,1 prosent. Nedgangen innan metallindustri kjem etter høg aktivitet i førre tremånadsperiode.

Samla sett hadde Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 1,2 prosent i 3. kvartal 2026 samanlikna med førre kvartal, medan industriproduksjonen unntatt leverandørindustrien heldt seg på same nivå (sjå figur 2).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte tal og trend¹. 2021=100
¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2021=100
¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: inga endring i industriproduksjon i september

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at aktiviteten i industrien låg flat frå august til september 2026, men det var store skilnader mellom næringane. Næringsmiddelindustri samt dataindustri og elektrisk utstyrsindustri var dei største bidragsytarane til samla oppgang, begge med ein auke i produksjonen på 1,6 prosent.

Det var metallindustri som bidrog mest i negativ retning med ein nedgang på 5,1 prosent. Også bygging av skip og oljeplattformer såg ein nedgang i denne perioden på 3,9 prosent.

Månadsendring: fall i industriproduksjon i Eurosona i august

Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 21 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein nedgang på 0,4 prosent frå juli til august 2026. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg også ned med 0,4 prosent (sjå figur 3).

Sverige hadde ein auke på 6,4 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein auke på 0,6 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2021=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: nedgang i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein nedgang på 1,8 prosent i 3. kvartal 2026 samanlikna med førre kvartal, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde eit fall på 4,3 prosent, medan utvinning av naturgass auka med 1,4 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Sokkeldirektoratet (sodir.no).

Utvinningstenester på si side auke med 0,3 prosent i 3. kvartal 2026 samanlikna med førre kvartal. Bergverksdrift hadde eit fall på heile 10,1 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning gjekk ned med 2,8 prosent (sjå figur 4).

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2021=100
¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.