Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden juni-august 2025 var på 107,0 (2021=100) mot 106,7 i føregåande tremånadarsperiode. Trenden i aktivitetsnivået i industrien viser no ein svak aukande utvikling (sjå figur 1).

Tremånadarsendring: bransjevise skilnader

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde ein liten auke på 0,3 prosent i perioden juni-august 2025 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Det var særleg metallindustri som bidrog til den samla oppgangen i industriproduksjonen med ein auke på 3,3 prosent. Det var òg ein auke i næringsmiddelindustri og i maskinreparasjon og -installasjon i denne perioden.

På den anna side trekte næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri den samla utviklinga i motsett retning i perioden med eit fall på 2,5 prosent.

Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 1,2 prosent i perioden juni-august 2025 samanlikna med førre tremånadarsperiode, medan industriproduksjonen unntatt leverandørindustrien var uendra samanlikna med førre tremånadarsperiode (sjå figur 2).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal ¹. 2021=100

¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: auke i metallvareindustri

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen auka med 0,7 prosent frå juli til august 2025. Det var næringsgruppa metallvareindustri som bidrog mest i positiv retning med ein klår auke på heile 11,7 prosent. Det var òg ein vekst i næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk i denne perioden.

På den anna side hadde næringsmiddelindustri ein nedgang på 3,7 prosent og bidrog såleis til å dempe den samla aktiviteten i industrien.

Månadsendring: auke i industriproduksjon i Eurosona i juli

Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein liten auke på 0,7 prosent frå juni til juli 2025. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg opp med 0,4 prosent (sjå figur 3).

Sverige hadde eit fall på heile på 6,3 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein auke på 1,2 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2021=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: auke i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein auke på 1,3 prosent i perioden juni-august 2025 samanlikna med førre tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje auka med heile 5,8 prosent, medan utvinning av naturgass gjekk ned med 1,0 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Sokkeldirektoratet (sodir.no).

Utvinningstenester på si side fall med 2,1 prosent i perioden juni-august 2025 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde ein nedgang på heile 5,1 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning fall med 2,6 prosent (sjå figur 4).

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Ujustert produksjonsindeks for juli 2025 for næringane «oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk» og «papir- og papirvareindustri» er revidert opp på grunn av feil i innarbeidinga av grunnlagsdata frå enkelte einingar. Revisjonen påverkar også kalender- og sesongjusterte tal for desse næringane, samt aggregat dei inngår i.