Indeksnivået for industriproduksjonen i 1. kvartal 2026 var på 106,6 (2021=100) mot 106 i førre kvartal. Trenden i aktivitetsnivået i industrien viser no ein aukande utvikling, med brei oppgang i mange næringar (sjå figur 1).
Tremånadarsendring: auke i oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri
For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde ein auke på 0,6 prosent i 1. kvartal 2026 samanlikna med kvartalet før. Det var særleg oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest til den samla auken med ein tydeleg vekst på 5,4 prosent. Innanfor denne gruppa var det særleg kjemiske råvarer som såg ein kraftig auke med heile 9,0 prosent i dette kvartalet. Auken kan sjåast i samanheng med at fleire sentrale aktørar melde om vedlikehaldsstans i 4 kvartal 2025. Det var òg auke i maskinreparasjon og -installasjon på 2,7 prosent i denne perioden.
På den motsette sida hadde maskinindustri eit fall på 2,3 prosent i 1. kvartal 2026, og bidrog til å dempe den samla auken i industrien.
Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 0,4 prosent i 1. kvartal 2026 samanlikna med kvartalet før. Industri unntatt leverandørindustrien har i same periode hatt ein vekst på 0,7 prosent (sjå figur 2).
Månadsendring: vekst i industriproduksjon i mars
Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein oppgang på 2,0 prosent frå februar til mars 2026. Det var næringa bygging av skip og oljeplattformer som bidrog mest til den samla auken i industriproduksjonen med ein vekst på heile 5,1 prosent. I tillegg hadde næringsmiddelindustri og maskinreparasjon og -installasjon ein auke på høvesvis 1,3 og 3,1 prosent i denne perioden.
På den motsette sida gjekk oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri ned med 1,9 prosent og bidrog såleis på å dempe veksten i industriproduksjonen.
Månadsendring: auke i industriproduksjon i Eurosona i februar
Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein auke på 0,8 prosent frå januar til februar 2026. I same periode industriproduksjonen i Noreg gjekk ned med 0,4 prosent (sjå figur 3).
Sverige hadde ein oppgang på 5,2 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein nedgang på 1,3 prosent.
Tremånadarsendring: auke i samla produksjonsindeks
Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein liten auke på 0,1 prosent i 1. kvartal 2026 samanlikna med førre kvartal, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein vekst på 2,8 prosent, og utvinning av naturgass gjekk ned med 0,6 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Sokkeldirektoratet (sodir.no).
Utvinningstenester på si side hadde ein auke på 0,1 prosent 1. kvartal 2026 samanlikna med førre kvartal. Bergverksdrift hadde ein oppgang på heile 15,5 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning gjekk ned med 5,5 prosent (sjå figur 4).
Det er viktig å vere klar over at det er større uvisse enn normalt i dei kalenderjusterte og sesongjusterte indeksane for mars og april grunna ulik plassering av påska frå år til år. Dette verkar òg inn på dei sesongjusterte tala for 1. og 2. kvartal. Rutinen for sesongjustering tek omsyn til påska si plassering, men det kan vere vanskeleg å korrigere for alle effektane av denne høgtida.




