Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden september-november 2025 var på 105,6 (2021=100) mot 106,6 i føregåande tremånadarsperiode. Trenden i aktivitetsnivået i industrien viser no ein utflating sidan midten på 2025, sjølv om det held fram med å vere ein del variasjon frå månad til månad (sjå figur 1).
Månadsendring: bred oppgang i industrien
For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde ein oppgang på 2,4 prosent frå oktober til november 2025. Etter ein periode med nedgang dei to førre månadane, viser tala for november vekst i dei fleste næringane. Fleire næringar hadde oppgang i denne perioden, men særleg næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri bidrog til den samla oppgangen, med ein auke på 4,6 prosent. Innanfor denne gruppa var det særleg kjemiske råvarer som markerte seg med ein kraftig vekst. Dette må sjåast i samanheng med at fleire sentrale aktørar opplyste om vedlikehaldsstans førre månad, og at produksjonen no har begynt å ta seg opp att.
Også bygging av skip og oljeplattformer, samt metallvareindustri, bidrog positivt til månadsutviklinga med ein oppgang på høvesvis 4,6 og 2,4 prosent. Vidare hadde dataindustri og elektrisk utstyrsindustri ein auke på 2,8 prosent i denne perioden.
Tremånadarsendring: nedgang i industriproduksjon
Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen gjekk ned med 0,9 prosent i perioden september-november 2025 samanlikna med førre tremånadarsperiode. Det var særleg næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest til den samla nedgangen med eit fall på 7,4 prosent. Innanfor denne gruppa var det kjemiske råvarer som trekte mest ned med ein reduksjon på 12,3 prosent. Også næringsmiddelindustrien og bygging av skip og oljeplattformer opplevde ein nedgang på høvesvis 2,3 og 3,9 prosent i denne perioden.
På den andre sida hadde metallvareindustri ein oppgang på 3,5 prosent. Dataindustri og elektrisk utstyrsindustri, samt maskinreparasjon og -installasjon, hadde også ein auke på høvesvis 4,2 og 1,5 prosent, noko som bidrog til å dempe det samla fallet i industriproduksjonen i denne tremånadersperioden.
Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 1,1 prosent i perioden september – november 2025 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode (sjå figur 2). Industri unntatt leverandørindustrien har i same periode hatt ein nedgang på 1,9 prosent.
Månadsendring: auke i industriproduksjon i Eurosona i oktober
Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. ein liten oppgang på 0,6 prosent frå september til oktober 2025. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg ned med 1,3 prosent (sjå figur 3). Sverige hadde ein nedgang på heile 6,2 prosent i denne perioden, medan produksjonen i Danmark såg ein nedgang på 3,5 prosent.
Tremånadarsendring: auke i samla produksjonsindeks
Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein auke på 2,3 prosent i perioden september – november 2025 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Det var særleg utvinning av naturgass som trekte indeksen opp med ein auke på 4,2 prosent. Utvinning av råolje hadde også ein auke på 2,3 prosent i same periode. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Sokkeldirektoratet (sodir.no)
Utvinningstenester på si side hadde ein auke på 1,1 prosent i perioden september – november 2025 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde ein nedgang på 4,0 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning var opp med 2,2 prosent (sjå figur 4).




