Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden mai – juli 2025 var på 106,3 (2021=100) mot 106,2 føregåande tremånadarsperiode. Trenden i aktivitetsnivået i industrien viser no ein utflating etter aukande utvikling sidan starten på 2024 (sjå figur 1).
Månadsendring: auke for næringsmiddelindustri
For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen samla sett var uendra frå juni til juli 2025. Næringsmiddelindustri bidrog mest til å holde industriproduksjonen oppe med ein auke på 3,1 prosent i denne perioden.
På den motsette sida hadde metallvareindustri eit fall på 7 prosent og bidrog såleis til å dempe den samla aktiviteten i industrien.
Tremånadarsendring: bransjevise skilnader i industrien
Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein marginal auke på 0,1 prosent i perioden mai – juli 2025, samanlikna med føregåande tremånadarsperiode. Samstundes var det fleire næringar som hadde endringar som trakk i ulik retning i denne perioden. Det var næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest til å trekke industriproduksjonen ned, med eit fall på 2,3 prosent. Møbelindustri og anna industri bidrog også på nedsida med eit fall på 6 prosent.
Næringar som bidrog mest til å holde den samla produksjonen oppe var næringsmiddelindustri og bygging av skip og oljeplattformar med auke på høvesvis 1,5 og 2,6 prosent.
Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 1,2 prosent i perioden mai – juli 2025 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode (sjå figur 2). Industri unntatt leverandørindustrien hadde i same periode ein nedgang på 0,1 prosent.
Månadsendring: fall i industriproduksjon i Eurosona i juni
Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein nedgang på 1,6 prosent frå mai til juni 2025. I same periode var industriproduksjonen i Noreg tilnærma uendreta med ein marginal nedgang på 0,1 prosent (sjå figur 3).
Sverige hadde ein auke på heile 6,1 prosent i same periode, medan industriproduksjonen i Danmark såg ein oppgang på 2,7 prosent.
Tremånadarsendring: vekst i samla produksjonsindeks
Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein oppgang på 1,0 prosent i perioden mai – juli 2025 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein klår auke på 6,2 prosent, og utvinning av naturgass ein nedgang på 2,6 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Sokkeldirektoratet (sodir.no)
Utvinningstenester på si side hadde ein auke på 0,5 prosent i perioden mai – juli 2025 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde eit fall på 2,0 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning var ned med 4,3 prosent (sjå figur 4).