Norsk industriproduksjon hadde ein nedgang på 1,5 prosent frå desember 2024 til januar 2025, viser sesongjusterte tal. For tremånadersperioden november 2024–januar 2025 auka aktiviteten med 1,5 prosent, samanlikna med førre tremånadarsperiode.
Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden november 2024–januar 2025 var på 103,6 (2021=100) mot 102,1 i føregåande tremånadarsperiode. Trenden i aktivitetsnivået i industrien viser no ein aukande utvikling sidan starten på 2024, sjølv om det held fram med å vere ein del variasjon frå månad til månad (sjå figur 1).
Månadsendring: nedgang i dataindustri og elektrisk utstyrsindustri
For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde ein nedgang på 1,5 prosent frå desember 2024 til januar 2025. Det var dataindustri og elektrisk utstyrsindustri som bidrog mest til den samla nedgangen i industriproduksjonen med eit fall på 4,5 prosent. Også oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri såg eit fall i denne perioden.
På den motsette sida hadde næringsmiddelindustri ein auke på 1,2 prosent og bidrog såleis til å dempe nedgangen i industriproduksjonen.
Tremånadarsendring: auke i industriproduksjonen
Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein auke på 1,5 prosent i perioden november 2024–januar 2025 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode. Høg aktivitet i desember 2024 bidrog til å trekke tremånadersperioden opp. Det var oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest til den samla oppgangen med ein auke på 2,0 prosent. Det var òg vekst i dataindustri og elektrisk utstyrsindustri på 3,0 prosent i denne perioden.
Auken i industrien blei dempa av lågare aktivitet innanfor metallindustri som hadde eit fall på 2,3 prosent.
Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 1,0 prosent i perioden november 2024–januar 2025 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode (sjå figur 2). Industri unntatt leverandørindustrien har i same periode hatt ein vekst på 1,7 prosent.
Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2021=100
Linjediagram med 2 linjer.
Figuren har 1 X akse som viser Månad.
Figuren har 1 Y akse som viser Indeks. Dataene varierer fra 93.7 til 105.2.
Glattet sesongjusterte
Sesongjusterte
Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal¹. 2021=100
Månad
Glattet sesongjusterte
Sesongjusterte
Jan. 2020
100,8
100,9
Feb. 2020
100,9
100,7
Mar. 2020
97,4
Apr. 2020
96,1
Mai 2020
93,7
Juni 2020
93,9
Juli 2020
95,3
Aug. 2020
98,2
Sep. 2020
97,6
Okt. 2020
97,8
Nov. 2020
99,8
Des. 2020
100,1
Jan. 2021
101,7
Feb. 2021
101,4
Mar. 2021
101,8
Apr. 2021
100,7
Mai 2021
100,9
Juni 2021
101,5
Juli 2021
100,6
Aug. 2021
100,4
Sep. 2021
101,3
Okt. 2021
99,1
Nov. 2021
100,4
Des. 2021
99,3
Jan. 2022
101,6
Feb. 2022
99,6
Mar. 2022
100
100,2
Apr. 2022
99,9
103,1
Mai 2022
99,8
99,3
Juni 2022
100
99,4
Juli 2022
100,2
100,6
Aug. 2022
100,4
98,8
Sep. 2022
100,7
101,2
Okt. 2022
100,8
101
Nov. 2022
100,7
100,7
Des. 2022
100,6
99,9
Jan. 2023
100,4
100,6
Feb. 2023
100,4
101,3
Mar. 2023
100,3
99,4
Apr. 2023
100,3
100,1
Mai 2023
100,3
101,5
Juni 2023
100,2
100,3
Juli 2023
100,1
98,3
Aug. 2023
100,1
100,4
Sep. 2023
100,1
99,4
Okt. 2023
100,1
100,4
Nov. 2023
100,1
100,5
Des. 2023
100,1
100,2
Jan. 2024
100,1
100,3
Feb. 2024
100,2
99,4
Mar. 2024
100,4
104,8
Apr. 2024
100,9
98,8
Mai 2024
101,4
100,7
Juni 2024
101,9
102,3
Juli 2024
102,3
104,7
Aug. 2024
102,5
103,3
Sep. 2024
102,6
102,2
Okt. 2024
102,6
100,7
Nov. 2024
102,8
101,9
Des. 2024
103,1
105,2
Jan. 2025
103,4
103,6
¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.
Månadsendring: fall i industriproduksjon i Eurosona i desember
Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein nedgang på heile 1,8 prosent frå november– desember 2024. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg opp med heile 3,2 prosent (sjå figur 3).
Sverige hadde ein auke på heile 6,0 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein oppgang på heile 4,0 prosent.
Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2021=100), sesongjusterte tal
Linjediagram med 2 linjer.
Figuren har 1 X akse som viser Månad.
Figuren har 1 Y akse som viser Indeks. Dataene varierer fra 69.6 til 104.8.
Eurosonen
Noreg
Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2021=100), sesongjusterte tal
Tremånadarsendring: auke i samla produksjonsindeks
Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein oppgang på 1,6 prosent i perioden november 2024–januar 2025 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde eit fall på 2,4 prosent, og utvinning av naturgass fall med 1,7 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding Sokkeldirektoratet (sodir.no)
Utvinningstenester på si side hadde ein auke på 0,5 prosent i perioden november 2024–januar 2025 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde ein oppgang på 5,4 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med 5,8 prosent (sjå figur 4).
Vekter i produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (PII) er oppdaterte no ved overgangen til nytt år. Grunnlaget for vektene er tilverkingsverdi til faktorpris frå årleg strukturstatistikk for olje- og gassutvinning, industri, elektrisitet og fjernvarme for 2023. Desse blir framskrivne til situasjonen ved utgangen av 2024 med endringstal frå kvartalsvis nasjonalrekneskap og kvantumsopplysningar frå Sokkeldirektoratet.
For industrinæringane var det vekta til metallindustri som gjekk mest ned medan næringsmiddelindustri gjekk mest opp frå 2024 til 2025. Samla sett for totalaggregatet (PII) auka vekta til industrien, medan vekta for utvinning og utvinningstenester gjekk ned.
Oppdaterte produktivitetsfaktorar for produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (PII) blir tekne i bruk frå og med januar 2025. Desse opplysningane er henta frå årleg nasjonalrekneskap. Faktorane bygger på årleg volumendring i bruttoprodukt per utført timeverk for dei næringane der ein nyttar timeverk som indikator, og er eit gjennomsnitt for årene 2018 til og med 2022.
Sesongjustering brukes for å fjerne det vi kaller sesongvariasjoner, som for eksempel ferieavvikling eller julehandel, fra månedlige eller kvartalsvise statistiske tidsserier.
Mye statistikk publiseres som indekser. De hjelper oss å tyde utvikling i tall over tid, samt sammenligne fenomener som måles på svært ulike måter. I denne artikkelen får du vite hva en indeks er, hva den måler, og hvordan den kan brukes.