Indeksnivået for industriproduksjonen i perioden august-oktober 2025 var på 105,8 (2021=100) mot 106,2 føregåande tremånadarsperiode. Etter ein periode der trenden i industriproduksjonen har vore aukande frå midten av 2024, ser vi no ein liten nedgang (sjå figur 1).

Månadsendring: nedgang i oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde ein nedgang på 0,9 prosent frå september til oktober 2025. Fleire næringar hadde nedgang i denne perioden, men særleg næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri bidrog mest til den samla nedgangen, med eit fall på heile 6,7 prosent. Nokre sentrale aktørar i næringa for kjemiske råvarer opplyste om vedlikehaldsstans, noko som medverka til den markerte nedgangen. Også bygging av skip og oljeplattformer samt trelast- og trevareindustri såg ein nedgang på høvesvis 3,9 og 5,7 prosent i denne perioden.

På den andre sida hadde maskinreparasjon og -installasjon ein oppgang på 2,2 prosent, og bidrog dermed til å dempe fallet i industriproduksjonen noko.

Tremånadarsendring: nedgang i industriproduksjon

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen gjekk ned med 0,4 prosent i perioden august-oktober 2025 samanlikna med den førre tremånadarsperioden. Næringsmiddelindustrien bidrog mest til den samla nedgangen, med eit fall på 2,7 prosent. Oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri trekte også produksjonen ned, med ein reduksjon på 3,3 prosent. I tillegg var det ein nedgang i bygging av skip og oljeplattformer i denne perioden.

På den andre sida hadde næringsgruppa metallvareindustri og maskinreparasjon og -installasjon ein oppgang, og bidrog dermed til å dempe den samla produksjonsnedgangen i industrien i denne tremånadersperioden.

Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 1,5 prosent i perioden august – oktober 2025 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode (sjå figur 2). Industri unntatt leverandørindustrien har i same periode hatt ein nedgang på 1,1 prosent

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte og glatta sesongjusterte tal ¹. 2021=100

¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: uendra i industriproduksjon i Eurosona i september

Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. var nær uendra frå august til september 2025. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg ned med 1,4 prosent (sjå figur 3).

Sverige hadde ein auke på 4,2 prosent i denne perioden, medan produksjonen i Danmark steig med heile 8,0 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2021=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: auke i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein auke på 3,3 prosent i perioden august – oktober 2025 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein auke på heile 5,1 prosent, medan utvinning av naturgass også auka med 5,1 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Sokkeldirektoratet (sodir.no)

Utvinningstenester på si side hadde eit fall på 1,0 prosent i perioden august – oktober 2025 samanlikna med føregåande tremånadarsperiode. Bergverksdrift hadde ein nedgang på 4,9 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning var tilnærma uendra samanlikna med førre kvartal (sjå figur 4).

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Ujustert produksjonsindeks for september 2025 for næringa «oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk» er revidert opp på grunn av ein feil i innarbeidinga av grunnlagsdata. Revisjonen påverkar også kalender- og sesongjusterte tal for denne næringa, og dessutan aggregat denne næringa inngår i.