Industriproduksjonen hadde ein positiv Årsendringa: Endring i indeksverdien i eit kalenderår samanlikna med den same størrelsen året før. Årsendringa blir berekna ved å ta forholdet mellom gjennomsnittet av månadsindeksane for aktuelt år og tilsvarande gjennomsnittstal for året før. Årsendringa må ikkje blandast saman med tolvmånadersendringa, som er endringa i indeksen frå ein månad eitt bestemt år, til den same månaden året etter. i 2025 på 3,9 prosent. Utviklinga med auke i industrien frå 2023 til 2024 har fortsette i 2025. I tillegg var det store bransjevise forskjellar for året 2025. Trass i store bransjevise forskjellar i industrien i 2025, peikar den samla utviklinga mot ein sterk oppgang. Den positive utviklinga i fleire sentrale næringar bidrog til at industriproduksjonen totalt sett auka markant.
Næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri auka med 8,2 prosent i 2025, i kontrast til året 2024 der produksjon var ned med 5,8 prosent. Ein annan næring som òg auka i året 2025 var dataindustri og elektrisk utstyrsindustri med ein vekst på 10,3 prosent i 2025. Det har vore meldt om gode marknadsforhold og prosjekt gjennom heile året ved mange større verksemder innanfor denne næringa.
Ellers kjem mykje av produksjonsauken i 2025 av gode tider i den Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien.. Auken i denne analytiske grupperinga kom blant anna frå næringa bygging av skip og oljeplattformer som såg ein auke på 7,5 prosent. Aktiviteten har samstundes flata ut i andre halvdel av 2025 etter kraftig auke sidan 2022. Dette kan sjåast i samanheng med auka olje og gassinvesteringane som følgje av Stortingets oljeskattepakke.
Også metallvareindustri og maskinreparasjon og -installasjon såg vekst i produksjonen på høvesvis 6,5 og 3,7 prosent i 2025, og bidrog til den samla auken i industriproduksjonen.
På den motsette sida var det nedgang i trelast og trevareindustri og møbelindustri og annan industri i 2025. Nedgangen kan mellom anna knytast til lågare aktivitet innan byggenæringa.
Tremånadarsendring: liten nedgang i industriproduksjonen i 4.kvartal
Indeksnivået for industriproduksjonen i 4. kvartal 2025 var på 106,1 (2021=100) mot 106,4 i føregåande kvartal. Trenden viser no at aktivitetsnivået i industrien har ein utflating sidan midten på 2025. Samtidig har dei månadlege tala hatt store svingingar gjennom året (sjå figur 1).
For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde eit fall på 0,3 prosent i 4. kvartal 2025 samanlikna med kvartalet før. Det var særleg oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog til nedgangen i industriproduksjonen, med ein nedgang på 6,3 prosent i denne perioden. Innanfor denne gruppa var det særleg kjemiske råvarer som såg ein kraftig nedgang med heile 16,6 prosent i 4 kvartal. Dette kan sjåast i samanheng med at fleire sentrale aktørar melde om vedlikehaldsstans i starten av kvartalet.
Bygging av skip og oljeplattformer, samt næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri medverka også til nedgangen i 4. kvartal 2025.
På den anna side hadde metallvareindustri ein auke på 3,4 prosent. Det var òg auke i dataindustri og elektrisk utstyrsindustri i denne perioden.
Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein auke i produksjonen på 1,2 prosent i perioden 4. kvartal 2025 samanlikna med 3. kvartal 2025. Industriproduksjonen unntatt leverandørindustrien hadde ein nedgang på 1,3 prosent i same periode (sjå figur 2).
Månadsendring: marginal nedgang i industriproduksjonen i desember
Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde eit lite fall på 0,1 prosent frå november til desember 2025. Det var næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri og næringsmiddelindustri som bidrog mest til den samla nedgangen i denne perioden med fall på høvesvis 2,3 og 0,6 prosent.
På den anna side hadde kjemiske råvarer ein auke på heile 11,6 prosent og bidrog såleis til å dempe nedgangen i industriproduksjonen.
Månadsendring: liten auke i industriproduksjon i Eurosona i november
Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein auke på 0,9 prosent frå oktober til november 2025. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg opp med 2,0 prosent (sjå figur 3).
Sverige hadde ein nedgang på 0,1 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg eit fall på heile 5,7 prosent.
Tremånadarsendring: lite fall i samla produksjonsindeks
Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein nedgang på 0,9 prosent i 4. kvartal 2025 samanlikna med førre kvartal viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein nedgang på 2,6 prosent, medan utvinning av naturgass fall med 0,9 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding Sokkeldirektoratet (sodir.no)
Utvinningstenester hadde ein vekst på 0,2 prosent i 4. kvartal 2025 samanlikna med førre kvartal. Bergverksdrift hadde ein nedgang på 9,2 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med 1,6 prosent (sjå figur 4).




