Indeksnivået for industriproduksjonen i 2. kvartal 2025 var på 107 (2021=100) mot 104,7 i føregåande kvartal. Trenden i aktivitetsnivået i industrien har vist ein aukande utvikling frå starten av 2024, sjølv om det held fram med å vere ein del variasjon frå månad til månad  (sjå figur 1).

Tremånadarsendring: bred auke i industrien

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. tala viser at industriproduksjonen hadde ein oppgang på 2,2 prosent i 2. kvartal 2025, samanlikna med førre tremånadsperiode.
Det var særleg næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog til den samla oppgangen i industriproduksjonen, med ein tydeleg auke på 3,8 prosent. Bygging av skip og oljeplattformer bidrog òg til den samla oppgangen, med ein auke på heile 6,4 prosent. Det var òg vekst i nærings-, drikkevare- og tobakkindustri, samt metallindustri i denne perioden.

Av dei få næringane som hadde lågare produksjon finn vi kjemiske råvarer og trelast- og trevareindustrien med ein nedgang på høvesvis 2,2 og 4,0 prosent og bidrog såleis til å dempe auken i industriproduksjonen i 2. kvartal. Det var òg nedgang i møbelindustri og annan industri i denne perioden.

Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 3,7 prosent i 2. kvartal 2025 samanlikna med førre kvartal, medan industriproduksjonen unntatt leverandørindustrien auka med 1,4 prosent (sjå figur 2).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte tal. Tremåneders glidande gjennomsnitt¹. 2021=100

¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: om lag uendra industriproduksjon i juni

Sesongjusterte tal viser at aktiviteten i industrien hadde ein liten nedgang på 0,1 prosent frå mai – juni 2025, men det var stor skilnad på næringane. Det var oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest i negativ retning med ein nedgang på 3,3 prosent. Også dataindustri og elektrisk utstyrsindustri og papir- og papirvareindustri såg ein nedgang i denne perioden med ein nedgang på høvesvis 1,7 og 4,3  prosent.

På den motsette sida var det ein auke i næringsgruppene metallvareindustri, samt metallindustri og bidrog såleis til dempe nedgangen i industriproduksjonen.

Månadsendring: auke i industriproduksjon i Eurosona i mai

Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein oppgang på 1,4 prosent frå april til mai 2025. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg ned med 1,6 prosent (sjå figur 3).

Sverige hadde ein nedgang på 0,1 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg eit fall på 0,3 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2021=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: auke i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein vekst på 2,1 prosent i 2. kvartal 2025 samanlikna med førre kvartal, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde ein auke på 4,0 prosent, medan utvinning av naturgass auka med 0,4 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Sokkeldirektoratet (sodir.no)

Utvinningstenester på si side auke med 1,9 prosent i 2. kvartal 2025 samanlikna med førre kvartal. Bergverksdrift hadde eit fall på 0,4 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med 4,5 prosent (sjå figur 4).

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Ujustert produksjonsindeks for mai 2025 for næringa «Papir- og papirvareindustri» er revidert opp på grunn av ein feil i innarbeidinga av grunnlagsdata. Revisjonen påverkar også kalender- og sesongjusterte tal for denne næringa, og dessutan aggregat denne næringa inngår i.