Indeksnivået for industriproduksjonen i 1. kvartal 2025 var på 104,3 (2021=100) mot 102,7 i førre kvartal. Sjølv om utviklinga frå februar til mars månad er uendra viser trenden i aktivitetsnivået i industrien ein aukande utvikling sidan starten på 2024 som fortseter inn i 2025 (sjå figur 1).

Tremånadarsendring: auke i oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde ein auke på 1,6 prosent i 1. kvartal 2025 samanlikna med kvartalet før. Det var særleg oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog mest til den samla oppgangen med ein tydeleg vekst på 8,9 prosent. Auken i denne næringsgruppa kjem etter låg produksjon i november og desember grunna mellom anna fleire driftsstansar hos nokre sentrale aktørar. Det var òg auke i dataindustri og elektrisk utstyrsindustri på 4,0 prosent i denne perioden.

På den motsette sida hadde metallindustri eit fall på 2,3 prosent i 1. kvartal 2025, og bidrog til å dempe den samla auken i industrien.

Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 0,3 prosent i 1. kvartal 2025 samanlikna med kvartalet før. Industri unntatt leverandørindustrien har i same periode hatt ein vekst på 2,1 prosent (sjå figur 2).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte tal. Tremåneders glidande gjennomsnitt¹. 2021=100

¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: uendra industriproduksjon i mars

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen var heilt uendra frå februar til mars 2025. Sjølv om den samla industriproduksjonen har flata ut, var det derimot klåre skilnadar på næringsnivå. Det var særleg kjemiske råvarer som bidrog mest til den samla auken i industriproduksjonen med ein vekst på heile 6,3 prosent. Fleire verksemder hadde ein auke i produksjonen, og veksten knytast til ein normalisering av aktiviteten etter fall i produksjonen i føregåande månadar. Det var òg ein auke i metallvareindustri på 1,1 prosent i denne perioden.

På den motsette sida gjekk dataindustri og elektrisk utstyrsindustri ned med 3,7 prosent og bidrog såleis på nedsida slik at industriproduksjonen var uendra frå februar til mars.

Månadsendring: auke i industriproduksjon i Eurosona i februar

Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein auke på 1,2 prosent frå januar til februar 2025. I same periode auka industriproduksjonen i Noreg med 1,3 prosent (sjå figur 3).

Sverige hadde ein nedgang på 0,1 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein auke på heile 5,1 prosent. Denne auken kjem etter ein kraftig nedgang i januar.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2021=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: auke i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde eit fall på 1,3 prosent i 1. kvartal 2025 samanlikna med førre kvartal, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde eit fall på 1,1 prosent, og utvinning av naturgass gjekk ned med 2,0 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Sokkeldirektoratet (sodir.no)

Utvinningstenester på si side hadde ein auke på 1,1 prosent 1. kvartal 2025 samanlikna med førre kvartal. Bergverksdrift hadde ein nedgang på heile 4,9 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med 3,0 prosent (sjå figur 4).

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Det er viktig å vere klar over at det er større uvisse enn normalt i dei kalenderjusterte og sesongjusterte indeksane for mars og april grunna ulik plassering av påska frå år til år. Dette verkar òg inn på dei sesongjusterte tala for 1. og 2. kvartal. Rutinen for sesongjustering tek omsyn til påska si plassering, men det kan vere vanskeleg å korrigere for alle effektane av denne høgtida.