Indeksnivået for industriproduksjonen i 2. kvartal 2026 var på 107,4 (2021=100) mot 106,7 i føregåande kvartal. Trenden i aktivitetsnivået i industrien har vist ein aukande utvikling frå starten av 2024, sjølv om det held fram med å vere ein del variasjon frå månad til månad  (sjå figur 1)

¹ Rettet fra 1,1 til 1,0 prosent.

Tremånadarsendring: bred auke i industrien

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. tala viser at industriproduksjonen hadde ein oppgang på 0,7 prosent i 2. kvartal 2026, samanlikna med førre tremånadsperiode. Det var særleg næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri som bidrog til den samla oppgangen i industriproduksjonen, med ein tydeleg auke på 3,4 prosent. Metallindustri bidrog òg til den samla oppgangen, med ein auke på heile 4,6 prosent.

Auken i industrien i 2.kvartal blei dempa av lågare aktivitet innanfor dataindustri og elektrisk utstyrsindustri og møbelindustri og annen industri med ein nedgang på høvesvis 0,3 og 1,8 prosent.

Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein liten produksjonsauke på 0,1 prosent i 2. kvartal 2026 samanlikna med førre kvartal, medan industriproduksjonen unntatt leverandørindustrien auka med 0,8 prosent (sjå figur 2).

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte tal og trend¹. 2021=100
¹ Mars 2020 til mars 2022 er behandlet som ekstremverdier i sesongjusteringen. Trenden har difor blitt tatt ut fra figuren for desse månadene.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2021=100
¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: fall i industriproduksjon i juni

Sesongjusterte tal viser at aktiviteten i industrien hadde ein nedgang på 1,0² prosent frå mai til juni 2026, men det var stor skilnad på næringane. Det var maskinreparasjon og -installasjon som bidrog mest i negativ retning med ein nedgang på 7,0³  prosent. Også metallvareindustri og maskinindustri såg ein nedgang i denne perioden på høvesvis 3,3 og 3,4 prosent.

² Rettet fra 1,1 til 1,0 prosent.
³ Rettet fra 6,9 til 7,0 prosent.

På den motsette sida var det ein auke i bygging av skip og oljeplattformer, samt næringsmiddelindustri og bidrog såleis til å dempe det samla fallet i industriproduksjonen i juni.

Månadsendring: fall i industriproduksjon i Eurosona i mai

Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein nedgang på 0,4 prosent frå april til mai 2026. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg opp med 0,8 prosent (sjå figur 3).

Sverige hadde ein auke på 1,0 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg eit fall på 3,8 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2021=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: auke i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein vekst på 1,6 prosent i 2. kvartal 2026 samanlikna med førre kvartal, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde eit fall på 3,6 prosent, medan utvinning av naturgass auka med 3,1 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Sokkeldirektoratet (sodir.no).

Utvinningstenester på si side auke med 0,5 prosent i 2. kvartal 2026 samanlikna med førre kvartal. Bergverksdrift hadde eit fall på 0,9 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning auka med 0,2 prosent (sjå figur 4).

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2021=100
¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.