Dette syner dei nyaste tala frå statistikken Befolkning.

– Hovudårsaka til den høge folkeveksten er auka innvandring som ei følgje av krigen i Ukraina, seier seniorrådgjevar Anders Sønstebø i SSB.

Det innvandra 32 600 ukrainske statsborgarar i 2022. Ved utgangen av året budde det 35 400 ukrainske statsborgarar i Noreg.

Etter eit lite oppsving i 2021, gjekk fødselstalet kraftig ned i 2022. Det vart fødd 51 500 born i Noreg i 2022, som er 4 500 færre enn i 2021, og det lågaste sidan 1985.

– Auken i fødslar i 2021 var nok eit unnatak. I 2022 fortsette trenden frå tidlegare år, og fødselstalet er no det lågaste på 40 år, seier Sønstebø.

SSB publiserer meir detaljert fødselsstatistikk, samt samla fruktbarheitstal (SFT) for 2022 den 7. mars.

Når det gjeld dødelegheita, så var ho uventa låg til litt over eit år inn i koronapandemien. Så auka ho frå hausten 2021 og har halde seg høg i 2022. Det døydde 45 800 i fjor, 3 800 fleire enn året før.

– Nedgangen i fruktsemda og auken i dødelegheita gav ein solid nedgang i fødselsoverskotet, altså fødde minus døde, i 2022. Overskotet var på 5 700, under halvparten av året før, påpeikar Sønstebø.

– I 4. kvartal var fødselsoverskotet negativt - det var altså fleire døde enn fødde - for første gong sidan SSB byrja å publisere kvartalsvis befolkningsstatistikk 1997, legg han til.

Tal for kvar enkelt kommune finn du her.

Mange ukrainske flyktningar har vorte registrert innvandra til asylmottakskommunen, og har ikkje flytta vidare til ein varig busettingskommune. Dermed var det nokre kommunar som hadde mange fleire innvandringar og mykje høgare folkevekst enn normalt i 2022, spesielt i einskildkvartal.