Det viser dei nye tala frå statistikken Befolkning. Også talet på døde auka i 3. kvartal. Det kan du lese meir om her.

Fleire fødde

Som i årets to første kvartal, vart det også fødd fleire i 3. kvartal enn i same kvartal året før. I alt vart det fødd 15 200 barn, noko som er det høgaste i eit 3. kvartal sidan 2016.

– Delar av auken skuldast at det vert stadig fleire kvinner på dei alderstrinna kor det er vanlegast å få barn. Men fruktbarheita aukar også sjølv om vi tek omsyn til desse endringane, seier demograf Ane Tømmerås i SSB.

Det er nemleg fleire kvinner over 25 år som får barn no. Så er det rett nok ein nedgang blant kvinner under 25 år, men den kompenserer ikkje for auken blant kvinnene over 25.

Figur 1. Fødde i tredje kvartal etter mors alder. Per 1 000 kvinne

– Ettersom fruktbarheita har vore høgare i alle årets tre første kvartal enn i dei same kvartala i 2020, kan vi vere rimeleg sikre på at 2021 vert det første året sidan 2014 med fleire fødde enn året før, seier Ane Tømmerås.

Det såkalla samla fruktbarheitstalet (SFT), som SSB nyttar for å måle fruktbarheita på ein måte som tek omsyn til at talet på kvinner i fruktbar alder varierer, ligg an til å auke for første gong sidan 2009. I 2020 var ho på 1,48 barn per kvinne, som er det lågaste SSB har målt nokon gong. Talet for 2021 kjem først i mars.

– Sjølv om fruktbarheita er høgare til nå i 2021 enn ho var i 2020, så er det verdt å merke seg at ho framleis er låg i eit historisk perspektiv. For eksempel vert ho truleg lågare i 2021 enn ho var i 2017, og 2017 var eit år med svært låg fruktbarheit, seier Ane Tømmerås.

Brei geografisk oppgang

Fruktbarheitsauken frå i fjor er dessutan ei brei geografisk utvikling. Sjølv om endringa ikkje er like stor overalt, har talet på fødde gått opp i alle fylke og både i 3. kvartal og totalt i årets ni første månader. Dette gjeld både om ein berre ser på talet på fødde, og om ein tar omsyn til endringar i alderssamansettinga i befolkninga.

Figur 2. Fødde i tredje kvartal 2010 - 2021

Trass denne auken, er det også mange sider ved nordmenns fruktbarheit som utviklar seg på same vis som før. Mors gjennomsnittlege alder ved fødsel fortset langsamt oppover, medan det ikkje har vore endringar i såkalla paritet, altså kor stor del av barna som kjem til verda som er mors første, andre eller tredje barn.