Det var 89 500 Stillinga må være utlyst, formelt eller uformelt. Uformelle utlysingar er til dømes oppslag i butikk eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som berre er opne for interne søkjarar, blir ikkje rekna som ledige etter denne definisjonen. Ei utlyst ledig stilling blir talt med sjølv om den på referansetidspunktet er oppteken. Talet på ledige stillingar er ein størrelse på behaldninga av ledige stillingar på referansetidspunktet, ved utgangen av midtre månad i kvartalet. i 3. kvartal. Det er ein auke på 2,9 prosent sidan førre kvartal, viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar.

– Tala på ledige stillingar har auka sidan førre kvartal, og det kan sjå ut til at den nedgåande trenden sidan toppen i 2022 har stoppa opp, seier Stine Bakke, seniorrådgivar i Statistisk sentralbyrå.

Tala for ledige stillingar viser behaldninga på eit gitt tidspunkt i kvartalet, og ikkje tilgangen på nye stillingar i løpet av kvartalet. Det betyr at dersom verksemder har stillingar dei ikkje klarer å fylle, så kan dei inngå i statistikken i fleire periodar.

Figur 1. Ledige stillingar, sesongjustert og ujustert, 3. kvartal 2010–3. kvartal 2026. Tal

Auke i prosentdelen ledige stillingar

Ledige stillingar i prosent av det totale talet på stillingar, som består av arbeidsforhold og ledige stillingar. Ei endring i prosentdelen ledige stillingar kan dermed både komme som følgje av endringar i talet på ledige stillingar, og i talet på arbeidsforhold. fortel kor mange ledige stillingar det er i prosent av det totale nivået av stillingar, både ledige stillingar og eksisterande jobbar.

Prosentdelen har også hatt ein fallande utvikling sidan toppunktet i årsskiftet mellom 2022 og 2023, men i 3. kvartal har prosentdelen auka svakt frå 2,7 til 2,8.

Flest ledige stillingar i varehandel

Det var stort sett dei same næringane med høgast tal ledige stillingar gjennom det siste året, som i 3. kvartal 2026:

  • Varehandel: 11 900 (+ 4,4 prosent sidan førre kvartal)
  • Pleie- og omsorgstenester i institusjon: 9 200 (+ 8,2 prosent sidan førre kvartal)
  • Helsetenester: 8 300 (+ 5,1 prosent sidan førre kvartal)
  • Forretningsmessig tenesteyting: 7 900 (+ 19,7 prosent sidan førre kvartal)

Størst etterspørsel etter arbeidskraft i privat sektor

Sektorfordelte tal viser at det var 56 000 ledige stillingar innan privat sektor og offentleg eide føretak. Innan kommuneforvaltninga og statleg forvaltning var det høvesvis 18 800 og 7 900 ledige stillingar. Det betyr at 68 prosent av dei ledige stillingane var i privat sektor, 23 prosent i kommuneforvaltninga og 10 prosent i statleg forvaltning.

Størst etterspørsel i Oslo

Det var størst etterspørsel etter arbeidskraft i Oslo, med 15 400 ledige stillingar, etterfølgt av Vestland som hadde 10 000 ledige stillingar. I Oslo var det flest ledige stillingar innan informasjon og kommunikasjon, varehandel og forretningsmessig tenesteyting. I Vestland var etterspørselen størst innan helse- og omsorgsrelaterte næringar. Færrest ledige stillingar finner vi i Finnmark.

Ny standard for næringsgruppering vart innført 1. september 2025. Standarden for næringsgruppering er revidert og alle verksemder blir påverka i varierande grad. SSB sine statistikkar skal innføre den nye næringsstandarden gradvis, og dermed på forskjellige tidspunkt. Les meir om endringa i næringsgrupperinga her: Ny standard for næringsgruppering innføres 1. september 2025 – SSB

Når treffer dette statistikken Ledige stillinger?

I statistikken om Ledige stillingar innførast den nye næringsstandarden frå og med publiseringa av 1. kvartal 2027. Alle tabellar med næringsfordelte tal etter gammal næringsstandard (SN2007) vil setjast til avslutta etter publisering av 4. kvartal 2026. Dei same tabellane vil opprettast med ny næringsstandard (SN2025) ved publisering av 1. kvartal 2027, og vil då ha tilbakerekna tall for nokre år tilbake i tid.