Det var 87 000 Stillinga må være utlyst, formelt eller uformelt. Uformelle utlysingar er til dømes oppslag i butikk eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som berre er opne for interne søkjarar, blir ikkje rekna som ledige etter denne definisjonen. Ei utlyst ledig stilling blir talt med sjølv om den på referansetidspunktet er oppteken. Talet på ledige stillingar er ein størrelse på behaldninga av ledige stillingar på referansetidspunktet, ved utgangen av midtre månad i kvartalet. i 2. kvartal. Det er ein nedgang på 8 prosent sidan førre kvartal, viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar.
– Etter at talet på ledige stillingar auka i førre kvartal, ser vi at nivået fell dette kvartalet, og det følger utviklinga vi har sett dei siste åra med ein nedgåande trend, seier Tonje Køber, seksjonssjef i Statistisk sentralbyrå.
Tala for ledige stillingar viser behaldninga på eit gitt tidspunkt i kvartalet, og ikkje tilgangen på nye stillingar i løpet av kvartalet. Det betyr at dersom verksemder har stillingar dei ikkje klarer å fylle, så kan dei inngå i statistikken i fleire periodar.
Nedgang i prosentdelen ledige stillingar
Ledige stillingar i prosent av det totale talet på stillingar, som består av arbeidsforhold og ledige stillingar. Ei endring i prosentdelen ledige stillingar kan dermed både komme som følgje av endringar i talet på ledige stillingar, og i talet på arbeidsforhold. fortel kor mange ledige stillingar det er i prosent av det totale nivået av stillingar, både ledige stillingar og eksisterande jobbar. Prosentdelen har også hatt ein fallande utvikling sidan toppunktet i årsskiftet mellom 2022 og 2023. I 2. kvartal 2026 var den på 2,7.
Statistikken Antall arbeidsforhold og lønn viser at talet på jobbar auka med 0,4 prosent frå førre kvartal. Når talet på ledige stillingar samstundes gjekk ned med 8 prosent, bidreg begge til at prosentdelen ledige stillingar går ned. Ein aukande prosentdel kan vere eit tidleg teikn på økonomisk oppgang, motsatt kan ein fallande prosentdel indikere ei nedkjøling i økonomien.
Lågare nivå innan pleie- og omsorgstenester i institusjon
I perioden mellom 2. kvartal 2022 og 1. kvartal 2025 var det jamt mange ledige stillingar i næringa pleie- og omsorgstenester i institusjon, med gjennomsnittlig 11 300 ledige stillingar. Sidan dette har nivået vore fallande, med unntak av førre kvartal. I 2. kvartal hadde næringa 8 500 ledige stillingar, som er ein nedgang på 29 prosent sidan førre kvartal, og meir på nivå med dei tre føregåande kvartala.
Det var størst auke innan transport og lagring, med 26 prosent auke, frå 3 100 til 3 900 ledige stillingar.
Flest ledige stillingar i desse næringane
Næringane med flest ledige stillingar i 2. kvartal 2026 var dei same som kvartalet før:
- Varehandel: 11 400 (- 6 % siden førre kvartal)
- Pleie- og omsorgstenester i institusjon: 8 500 (- 29 % sidan førre kvartal)
- Helsetenester: 8 100 (- 8 % sidan førre kvartal)
- Sosiale omsorgstenester utan butilbod: 8 000 (- 2% sidan førre kvartal)
Alle dei fire næringane er store, og står samla for 35 prosent av alle jobbar i Noreg.
Ny standard for næringsgruppering vart innført 1. september 2025, les meir om endringa i ein eigen artikkel. Standarden for næringsgruppering er revidert og alle verksemder blir påverka i varierande grad. SSB sine statistikkar skal ta i bruk den nye næringsstandarden gradvis, og dermed på ulike tidspunkt. SSB sine arbeidsmarknadsstatistikkar tek i bruk den nye næringsstandarden i publiseringar i 2027. I samband med overgangen til ny næringsstandard vil alle statistikkbanktabellar med næring bli gjennomgått.



