Ny statistikk frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) om Består av personar som er fast busette i same bustad og har felles kost viser at Personar som har utført inntektsgivande arbeid av minst ein time varigheit i den veka vi samlar inn informasjon om. I tillegg er personar som har slikt arbeid, men som var midlertidig fråverande grunna sjukdom, ferie, lønna permisjon eller liknande også definert som sysselsette.blant alle i aldersgruppa 30-49 år var 84 prosent i 2024, men at det var store ulikskapar blant hushaldtypar. To vaksne som lever i eit parforhold med barn, har den høgaste sysselsettingsrata. Den lågaste rata er blant dei som bur aleine med barn, så følger dei som også bur aleine, men utan barn.

Figur 1. Sysselsette i alderen 30-49 år etter hushaldstype og kjønn. 2024. Prosent

¹ Annan type hushald (to eller fleire vaksne) er hushald der kor det bur fleire vaksne saman. Definisjonen for å verre vaksen er 18 år. Altså er det ein del av desse hushalda som rett og slett er to foreldre med eit barn som er 18 år eller meir, og som framleis bur heime.

Tabellane over hushalda er baserte på ein fil vi lagar i SSB. Denne fila blir laga for å prøve å finne kven i Noreg som deler same kost, det vil seie at dei bur i same hushald og har felles innkjøp av til dømes mat og hushaldsartiklar. Det er ikkje mogleg å lage hushald – såkalla kosthushald – berre ved hjelp av dei administrative registerkjeldene vi har tilgang til. Dei hushalda som no ligg føre, representerer eit forsøk på å definere hushald indirekte ved hjelp av alternative kjelder.

Eit hushald består av personar som er fast busette i same bustad (bueining) eller institusjon. Ei privathushaldning består av personar som er fast busette i same bustad, der bustaden ikkje er ein institusjon. Privathushaldningar blir delte inn i bu- og kosthushaldningar. Bohushalda består av personar som er fast busette i same bustad, medan kosthushaldningar består av personar som er fast busette i same bustad og har felles kost.

Vi spør ikkje i intervjuet om personane på same adresse deler kostutgifter. Det er altså ein del kriterium som ligg til grunn for å fastsetje om to personar som bur saman, er eit par eller ikkje. Dei som er gifte eller registrerte partnarar er enkle å identifisere. Andre kriterium vi bruker for å finne ut om to personar er i eit par, er: felles barn, felles gjeld, felles eigedom og same dato for innflytting.

Studentar som har folkeregistrert adresse hos foreldra sine, men som er registrerte i studentregistera, blir rekna som eit eige hushald, ikkje som ein del av hushaldet til foreldra. Det er to typar hushald vi veit at vi ikkje fangar opp. Den eine typen er hushald som består av tre eller fleire éinpersonsfamiliar. Dette er det vi vanlegvis kallar kollektiv. I registeret blir personar i kollektiv rekna som separate éinpersonshushald, det vil seie at studentar som bur i kollektiv og som kanskje har felles matbudsjett med dei andre i kollektivet, blir alle rekna som åleinebuande. Den andre typen er kosthushaldningar som består av to eller fleire fleirpersonsfamiliar. I dag deler vi desse opp i fleire éinfamiliehushaldningar.

Hushaldstala frå AKU skil seg frå dei andre hushaldstatistikkane til SSB (Familiar og hushald – SSB) ved at hushalda som blei nytta i AKU, blei til i eit forenkla produksjonsløp tilpassa hyppige publiseringar gjennom året. Det gir nokre forskjellar samanlikna med datagrunnlaga som blir nytta til dei årlege publiseringane, mellom anna er det andre reglar for å definere sambuarpar.

I AKU har vi òg nokre andre variablar for å få tala våre til å stemme overeins med Eurostat sine. Til dømes: dersom ein familie består av to vaksne med to barn, der det eine er 19 år og bur heime, og det andre er 13 år, vil dei vaksne i AKU-tabellane hamne i kategorien «Person i annan type hushald (to eller fleire vaksne) med barn under 18 år». I befolkningstala vil dei derimot hamne i kategorien «Ektepar med barn 0–17 år» eller «Sambuarpar med barn 0–17 år».

Figurane vidare i artikkelen handlar om dei i alderen 30-49 år, med unntak av tala frå Eurostat, kor aldersgruppa er 25-54 år, sidan Eurostat ikkje lagar tal i aldersgruppa 30-49 år. I Noreg vel vi å sjå på alderen 30-49 år, sidan gjennomsnittleg alder for førstegongsfødande er 30,4 år for kvinner og 32,3 for menn.

Den nye statistikken er basert på hushald og ikkje enkeltindivid. Det blir eit anna utval og vi reknar også ei anna vekt enn vi brukar i andre AKU tal, les meir om dette i boksen under.

Utvalet i desse tala er litt annleis enn i dei andre statistikkbanktabellane til AKU, som baserer seg på referansepersonar. Ein referanseperson er ein person som er trekt ut frå registera til SSB. Du kan lese meir om dette her: The Norwegian Labour Force Survey sampling design. A revision of the sampling plan for the 2021 NLFS (PDF).

I hushaldstala brukar vi det vi kallar eit hushaldsutval, som består av referansepersonar frå fire kvartal i det aktuelle året, pluss deira tilsvarande hushaldsmedlemmar. Dette svarer til eit utval på om lag:

21 000/8×4+3 000×4=22 500 personar.

  • 21 000 = talet på referansepersonar kvart kvartal
  • 3 000 = talet på hushaldsmedlemmar kvart kvartal
  • 8 = talet på bølgjer (gonger ein referanseperson svarar på AKU)
  • 4 = talet på kvartal i året

Heile hushaldet har same sannsyn for å bli trekt ut i AKU. Det finst eigne vekter for hushaldet, og vektene blir laga på desse grunnlaga:

A. Å ta omsyn til utvalsannsynet (sannsynet for å bli valt ut i utvalet)
B. Å oppnå samsvar mellom talet på hushald i populasjonen og det årlege utvalsestimatet basert på hushaldsdelutvalet (bølgje 2-utval som svarer til det aktuelle året)
C. Å oppnå samsvar mellom hushaldsdelutvalet og populasjonsfordelinga av hushald etter storleiksgrupper
D. Å oppnå samsvar mellom hushaldsdelutvalet og populasjonen med omsyn til fordeling etter kjønn og aldersgruppene 0–14 og 15+
E. Å oppnå samsvar mellom estimert tal på sysselsette, arbeidsledige og personar utanfor arbeidsstyrken etter kjønn og aldersgruppene 25–34, 35–44 og 45–54 frå hushaldsdelutvalet og årsgjennomsnittet av estimata for desse totalane basert på heile utvalet for det aktuelle året
F. Å oppnå samsvar for aldersgruppene 15–24, 55–64 og 65+ med omsyn til statistikkane nemnde i vilkår (E), i størst mogleg grad

I tillegg til kriteria A–F er hushaldvektene dei same for alle i same hushald (dersom ein er fleire i hushaldet). Les meir om korleis vektene blir laga her: Weighting methodology for the Norwegian Labour Force Survey from 2021 onwards (PDF).

Modellen for å berekne vektene for hushaldmedlemmane kan visast slik:

Hushaldvekt := 1/hhsize × hhsizegr (5) + gender + age014 + gender × (age7589 + age90plus) + gender × age1574 × (emply + unemply + outLF) + (age1524 + age2534 + age3544 + age4554) × (emply + unemply + outLF) + (age5564 + age6574) × (emply + notemply) + age7589 × emply + 1/hhsize × injoblesshh + child017 + child017 × injoblesshh + gender × (adult1859 + adult1859 × injoblesshh).

Det som står i parentes er talet på kategoriar vi i SSB deler variablane inn i. Du kan lese meir om dette her: New estimation methodology for the Norwegian Labour Force Survey (PDF).

Estimata som inngår i berekninga er hushaldstorleik, kjønn, alder, status på arbeidsmarknaden (sysselsett, arbeidsledig, utanfor arbeidsstyrken), og om ein er i eit såkalla «jobless household» der alle vaksne i hushaldet er utan arbeid. Alle variablane i vekta kjem frå register, bortsett frå emply + unemply + outLF, som kjem frå AKU. Desse er dummyvariablar (1 eller 0), til dømes er emply = 1 viss personen er sysselsett.

Til samanlikning er modellen for kvartalsvise vekter i AKU:

AKUvekt:= ∼ age (12)×gender (2)+age (8)+[age (3)×gender (2)×{pbe+pbu+ pbo}] +[region (7)× {{pbe +pbu +pbo +age (3) +gender (2)}] +regemp (4)× gender (2) + regemp (2) × country (3)

Der pbe, pbu, pbo betyr sannsynlegheita for å verre sysselsett (employed), sannsynlegheita for å verre arbeidsledig (unemployed) og sannsynlegheita for å verre utanfor arbeidsstyrken (outside labour force).

Vi kan sjå skilnader mellom AKU- og hushaldstala. Les meir i «Om statistikken».

Det er publisert 4 nye statistikkbanktabellar over hushald:

Generelt høgst sysselsetting blant menn

Vi kan sjå at blant menn i alle hushaldskategoriar er det fleire som jobbar enn blant kvinner. Særleg kan vi sjå dette for aleinefedrar, det er for så vidt ei gruppe det ikkje er så mange av, det var berre 13 000 sysselsette i denne hushaldgruppa i 2024.

Det er menn som har barn, eller som lever i eit parforhold og som ikkje har barn, som utpeikar seg med ein sysselsettingsandel godt opp på 90 talet.

For kvinner er det blant dei som lever i eit parforhold med barn det er flest  i jobb, med 6,4 prosentpoeng høgare sysselsettingsandel enn for totalen.

Nesten halvparten av dei som ikkje er i jobb betraktar seg sjølv som uføre

Det kan vere fleire årsaker til at dei som lever i parforhold med barn har høgare sysselsetting. Helsemessige utfordringar er ei årsak som SSB tidlegare har skrive om. Helserelaterte ytingar, som arbeidsavklåringspengar eller uføretrygd, var meir vanleg for familiar utan barn konkluderer artikkelen som er basert på statistikken tilknyting til arbeid, utdanning og velferdsordningar med.

Andelen som mottek andre stønader som ikkje er relatert til helse, som sosialhjelp eller dei som var registrerte ledige eller under utdanning, viste små forskjellar mellom dei med og utan barn.

Tidlegare har inntektsstatistikken til SSB skrive at hushaldgruppa «mor eller far med barn under 18 år», også kalla einslege foreldre, uten Ein person blir rekna som yrkestilknytt dersom årsløn og/eller næringsinntekt er større enn det dobbelte av folketrygda sitt grunnbeløp (G).er ei gruppe kor mange mottar uføretrygd

Også i AKU-tala om hushald oppgir den største gruppa som ikkje er sysselsette, at dei er sjølvoppgitt uføre. Nesten halvparten ser på seg sjølv som uføre, ein fjerdedel arbeidsledige og så følger den neste gruppa, som er studentar.

Figur 2. Houvedsakeleg verksemd for dei ikkje sysselsette i alderen 30-49 år. 2024. Prosent

– Det er blant dei som ikkje er i eit parforhold kor andelen ikkje-sysselsette er størst, og her finn vi også ein større andel som sjølv seier at dei er uføre, seier Erik Horgen, seniorrådgjevar i Statistisk sentralbyrå.

Større gap mellom menn med og utan barn i Norden

Det at dei fleste fedrar er i arbeid er ikkje noko som berre er tilfelle i Noreg.  I figur 3, som viser tal frå EU-land og Noreg, kan vi sjå at sysselsettingsandelen for menn er høgare for dei med to barn, enn dei utan barn i alle landa.

Figur 3. Andel sysselsette menn i alderen 25-54 år. 2024. Prosent

Når vi reknar ut den prosentvise forskjellen mellom sysselsettingsrata for menn utan barn og menn med to barn (fordi det er gruppa med fedrar som har høgast sysselsettingsandel), kan vi sjå at alle dei nordiske landa ligg i delen som har størst prosentvis forskjell. Vi må leggje merke til at når vi ser på aldersgruppa 25-54 år, og ikkje 30-49, er det nok ein del studentar, som drar ned andelen som er i jobb. Det er Tsjekkia som har høgast, og Spania som har lågast sysselsettingsprosent for menn med to barn i EU.

Ei gruppe forskarar frå heile Norden (Jalovaara m.fl.) framhevar at det er særleg i gruppa for dei med lågast utdanning  (link.springer.com) som har hatt ein auke i andelen som er barnlause i dei nordiske landa. Dette gjeld for både kvinner og menn.

– Utdanning er lenka til ein høgare inntekt seinare i livet, som gjer det meir utfordrande for dei med låg utdanning å forsørge ein familie. Seier forskar i SSB Lars Dommermuth, som er medforfattar i artikkelen.

Det svenske statistikkbyrået publiserte nyleg ei pressemelding (scb.se) om trakk fram at dei vanlegaste stønadsmotakarane i Sverige, er menn utan barn. Over to av fem hushald som i 2024 fekk det svenskane kallar økonomisk bistand (socialstyrelsen.se), var menn utan barn. Påfølgande hushaldstype som fekk økonomisk bistand, var kvinner utan barn.

God «work-life» balanse i dei nordiske landa

Når vi ser på kvinner, kan vi sjå at sysselsettingsrata ligg høgt i Noreg og dei andre nordiske landa, i tillegg til Slovenia, Luxemburg, Nederland og Kroatia samanlikna med andre land i EØS-området. Særleg er dette synleg for kvinner som har tre barn eller fleire.

Figur 4. Andel sysselsette kvinner i alderen 25-54 år etter talet på barn. 2024. Prosent

I dei nordiske landa er det same tendens som for mennene, at blant dei med barn er det fleire i arbeid enn dei utan, bortsett frå kvinner i Finland med tre barn. Men vi kan sjå at det i mange av landa er høgast sysselsetting blant kvinner utan barn. Storbritannia er ikkje med i figuren, men det britiske statistikkbyrået kom med ein analyse (ons.gov.uk) som kan vere eit interessant eksempel på korleis det er for ei kvinne å få barn i eit anna land. Dei rekna ut at sannsynet for at ei kvinne i England var sysselsett gjekk ned når ho fekk barn (dette gjeld dei som fekk barn i åra 2014-2022). Fem år etter at barnet var født hadde kvinna framleis lågare sannsyn for å vere i arbeid enn kvinner utan barn.

Mogstad, Salvanes og Torsvik (www.aeaweb.org) framhevar årsaker til at alle bebuarar i dei nordiske landa har like moglegheiter med:

  • Ein familiepolitikk som inkluderer offentleg finansiert foreldrepermisjon og høgt subsidierte barnehageutgifter.
  • Ein helsepolitikk som gjer alle innbyggarane eit godt helsetilbod.
  • Ein utdanningspolitikk som gjer at utdanninga er gratis og finansiert av det offentlege, og at ein kan få finansiell stønad frå det offentlege når ein studerer.

I Noreg kan vi få 49 veker foreldrepengar med 100 % løn (nav.no), det er mykje samanlikna med mange av EU-landas (europarl.europa.eu). I Noreg viser dei siste tala frå SSB at 94 prosent av alle barn mellom 1-5 år gjekk i barnehage i 2024. Eurostat har tal over kor mange som går i barnehage, frå alderen 0 år og fram til starte grunnskule, vi kan sjå at det er store forskjellar mellom landa (ec.europa.eu).

– Dei nordiske landa blir ofte omtalt å vere Egalitær er noko som er prega av, eller siktar mot politisk, borgarleg og sosial likheit eller utjamning. (snl.no)samfunn. Dei scorar høgt på OECD sin work-life balance i OECD sin Better Life Index (oecd.com), og i tidsbruksundersøkinga (oecd.com), også frå OECD, er dei nordiske landa der kor menn og kvinner har den lågaste prosentvise forskjellen på ubetalt arbeid i heimen, seier likestillingskoordinator i SSB Hanna Stangebye Arnesen.

Omtrent ein av fem arbeidande mødrer jobbar deltid

Ifølgje arbeidsmiljølova kan ein be om å jobbe redusert dersom ein har helsemessige, sosiale eller andre vektige velferdsgrunnar (Lovdata.no), der ein vektig grunn kan vere at ein har barn under 10 år (arbeidstilsynet.no).

Tala frå AKU viser at blant mødrer i alderen 30-49 år, som lever i eit parforhold og har barn under 18 år, jobbar 21 prosent deltid i For personar med fleire jobbar er det berre den vanlege arbeidstida i hovudjobben som inngår i klassifiseringa av heiltid/deltidsin. Dette er ein høgare andel enn for dei som bur aleine, både utan og med barn. For dei som bur i eit hushald med meir enn tre vaksne og kor det i tillegg bur eit barn under 18 år er det 24 prosent som jobbar deltid.

Det er tidlegare publisert forsking på at deltidsarbeid fører til at kvinner aukar sannsynet for å få barn (samfunnsforskning.no). Deltidsarbeid auka sannsynet for både å få det fyrste barnet, og også at ei kvinne fekk sitt tredje barn.

Blant menn er det berre 8 prosent av dei sysselsette som jobbar deltid. Hushaldstypa kor det er flest som jobbar deltid er blant aleinebuande utan barn, der andelen ligg på 13 prosent. I hushaldstypa person i parforhold med barn under 18 år var andelen 5 prosent. Forskingsartikkelen om deltidsarbeid konkluderte med at sannsynet for å få sitt fyrste barn var lågare for menn som jobba deltid, men at det var positive forbude med sannsynet for å få sitt tredje barn for menn som jobba deltid.

I AKU spør vi dei som blir intervjua om kor mange timar i veka ein vanlegvis arbeider i hovudjobben sin. Vi spør også om ein ønsker å arbeide fleire timar i veka dersom lønna blei auka tilsvarande. Gjennomsnittleg arbeidstid for mødrer i parforhold som jobbar deltid er 23,5 timar i veka, det svarar omtrent til ei 60 prosent stilling viss vi legg til grunn at 37,5 timar er 100 prosent. Av dei var det rett over ein av fire som ønskte at dei kunne jobbe fleire timar.  

Tabell 1. Andel som jobbar heiltid og deltid og gjennomsnittlege arbeidstimar per veke etter kjønn og hushaldstype. 2024. Prosent og timar
Tabell 1. Andel som jobbar heiltid og deltid og gjennomsnittlege arbeidstimar per veke etter kjønn og hushaldstype. 2024. Prosent og timar
Andel som jobbar heitid/deltid. ProsentGjennomsnittlege arbeidstimar per veke
KvinnerMennKvinnerMenn
I altHeiltid809239,240,6
Deltid20822,821,5
Mor eller far med barn under 18Heiltid867739,140,6
Deltid14..20,7..
AleinebuandeHeiltid878839,840,6
Deltid131320,922,1
Person i parforhold med barn under 18 årHeiltid799539,140,7
Deltid21523,520,6
Person i parforhold utan barn under 18 årHeiltid789538,839,8
Deltid22..21,6..
Person i annan type hushald (to eller fleire vaksne)¹ med barn under 18 årHeiltid769439,241,3
Deltid24..24,4..
Person i annan type hushald (to eller fleire vaksne)¹ utan barn under 18 årHeiltid789239,840,2
Deltid23821,221,5
1Annan type hushald (to eller fleire vaksne) er hushald der kor det bur fleire vaksne saman. Definisjonen for å verre vaksen er 18 år. Altså er det ein del av desse hushalda som rett og slett er to foreldre med eit barn som er 18 år eller meir, og som framleis bur heime.
Standardteikn i tabellar

For menn er gjennomsnittleg arbeidstid for dei som jobbar deltid i hovudjobben sin 21,5 timer. Mennene som jobbar flest timar er dei med barn både under og over 18 år, så følger menn i parforhold med berre barn under 18 år.

– Aleinebuande kvinner er i kvar sin ende av skalaen når det gjeld gjennomsnittleg vanleg arbeidstid. Dei som jobbar deltid er blant dei med lågast timetal. Blant dei heiltidsarbeidande derimot, er det dei aleinebuande som jobbar flest timar blant kvinnene, seier Horgen.  

Foreldre jobbar oftare heimanfrå

Når vi ser på bruken av heimekontor etter hushaldstype, er det tydeleg at det er blant dei sysselsette med barn under 18 år, at det er størst bruk av heimekontor. Det er ein høgare andel blant menn. Dette kan ha noko med at det er generelt fleire kvinner i yrker med mange tilsette der ein ikkje har moglegheit til å jobbe frå eit heimekontor. For eksempel er det i yrkesgruppa Pleie- og omsorgsarbeidarar (PDF) 82 prosent kvinner som jobbar, og heile 93 prosent av den yrkesgruppa seier at dei aldri jobbar heimanfrå. Medisinske yrker er og ein yrkesgruppe kor mange kvinner arbeider i, kor nesten 80 prosent av kvinnene i den yrkesgruppa, seier at dei aldri jobbar heimanfrå.

Figur 5. Bruken av heimekontor blant dei i alderen 30-49 år etter hushaldstype og kjønn. 2024. Prosent

¹Anna type hushald (to eller fleire vaksne) er hushald der kor det bur fleire vaksne saman. Definisjonen for å verre vaksen er 18 år. Altså er det ein del av desse hushalda som rett og slett er to foreldre med eit barn som er 18 år eller meir, og som framleis bur heime.

– Omtrent halvparten av dei i alderen 30-49 år jobbar heimanfrå, enten en gong imellom eller regelmessig. Blant foreldre ligg andelen ein del høgare. Hushaldstypa med lågast bruk av heimekontor, er dei som bur aleine, seier Horgen.

Arbeidstilsynet (u. å.) Redusert arbeidstid. Hentet fra https://www.arbeidstilsynet.no/arbeidstid-og-organisering/arbeidstid/redusert-arbeidstid/

CORE – Senter for likestillingsforskning (2024) Vil deltidsarbeid gi oss flere barn? Hentet fra https://www.samfunnsforskning.no/core/aktuelt/nyheter/vil-deltidsarbeid-gi-oss-flere-barn.html

European Parlament (2025) Maternity and paternity leave in the EU. Hentet fra https://www.europarl.europa.eu/RegData/etudes/ATAG/2025/769505/EPRS_ATA(2025)769505_EN.pdf

Eurostat (2025) Pupils from age 0 to the starting age of compulsory education at primary level by sex - % of the population of the corresponding age. Hentet fra https://ec.europa.eu/eurostat/databrowser/view/educ_uoe_enra23/default/table?lang=en&category=educ.educ_part.educ_uoe_enr.educ_uoe_enra

Eurostat (2025) Employment rate of adults by educational attainment level, number of children and age of youngest child. Hentet fra: https://ec.europa.eu/eurostat/databrowser/view/lfst_hheredch/default/table?lang=en&category=labour.employ.lfst.lfst_hh.lfst_hh_k

Fedoryshyn, N. (2020) Fedre jobber mest og tjener best. Hentet fra https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/artikler-og-publikasjoner/fedre-jobber-mest-og-tjener-best

Haraldsrud, E. (2025) Stadig større andel barn går i barnehage. Hentet fra https://www.ssb.no/utdanning/barnehager/statistikk/barnehager/artikler/stadig-storre-andel-barn-gar-i-barnehage

Hetland, A. (2024) Flere uføre blant enslige foreldre med lavinntekt. Hentet fra https://www.ssb.no/inntekt-og-forbruk/inntekt-og-formue/artikler/inntektssammensetning-blant-barnefamilier-med-lavinntekt

Jalovaara, M., Neyer, G., Andersson, G., Dahlberg, J., Dommermuth, L., Fallesen, P. og Lappegård, T. (2018) Education, Gender, and Cohort Fertility in the Nordic Countries. European Journal of Population volume 35. Hentet fra https://link.springer.com/article/10.1007/s10680-018-9492-2

Lovdata (u. å.) Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven) Hentet fra https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2005-06-17-62/KAPITTEL_11#%C2%A710-2

Mogstad, M., Salvanes, K., og Torsvik, G. (2025) Income Equality in The Nordic Countries: Myths, Facts, and Lessons. Journal of Economic Literature 63 (3): 791–839. Hentet fra https://www.aeaweb.org/articles?id=10.1257/jel.20251636

Nav (2025) Hvor lenge kan du få foreldrepenger? Hentet fra https://www.nav.no/foreldrepenger#hvor-lenge

OECD (u. å.) OECD Better Life Index. Hentet fra https://www.oecd.org/en/data/tools/oecd-better-life-index.html

OECD (u. å.) OECD Time Use Database. Hentet fra https://data-explorer.oecd.org/vis?fs[0]=Topic%2C1%7CSociety%23SOC%23%7CWell-being%20and%20beyond%20GDP%23SOC_WEL%23&pg=0&fc=Topic&bp=true&snb=8&df[ds]=dsDisseminateFinalDMZ&df[id]=DSD_TIME_USE%40DF_TIME_USE&df[ag]=OECD.WISE.INE&df[vs]=1.0&dq=USA%2BGBR%2BSWE%2BESP%2BSVN%2BPRT%2BPOL%2BNOR%2BNLD%2BLTU%2BLVA%2BITA%2BIRL%2BHUN%2BGRC%2BDEU%2BFRA%2BFIN%2BEST%2BDNK%2BBEL%2BAUT.PAW%2BUPW.F%2BM%2B_T&to[TIME]=false&vw=tb

Office for National Statistics (2025) The impact of motherhood on monthly employee earnings and employment status, England: April 2014 to December 2022. Hentet fra  https://www.ons.gov.uk/peoplepopulationandcommunity/healthandsocialcare/healthandwellbeing/bulletins/theimpactofmotherhoodonmonthlyemployeeearningsandemploymentstatusengland/april2014todecember2022

Socialstyrelsen (2025) Ekonomiskt bistånd – för privatpersoner. Hentet fra https://www.socialstyrelsen.se/kunskapsstod-och-regler/omraden/ekonomiskt-bistand/ekonomiskt-bistand-for-privatpersoner/

Statistiska centralbyrån (2025) Män utan barn vanligaste biståndstagarna. Hentet fra https://www.scb.se/pressmeddelande/man-utan-barn-vanligaste-bistandstagarna/

Store norske leksikon (2025) egalitær. Hentet fra https://snl.no/egalit%C3%A6r

Sørlien, K. (2025) Fruktbarheten går opp. Hentet fra https://www.ssb.no/befolkning/fodte-og-dode/statistikk/fodte/artikler/fruktbarheten-gar-opp

Denne artikkelen er finansiert av Arbeids- og inkluderingsdepartementet.