I 2020 auka detaljhandelen i Noreg som fylgje av koronapandemien. Frå 2019 til 2020 så vi ein auke i detaljhandelen på heile 10,9 prosent. Statistikken omsetning i varehandel viser at denne veksten fortsette i 2021, men i ei svakare grad. Frå 2020 til 2021 var det ein auke i detaljhandelen på 4,7 prosent, som i kroner er ein auke på 26,6 milliardar.

Figur 1. Omsetning i detaljhandelen, unntatt med motorvogner, terminvis.

Meir netthandel og bensin

Nordmenn handlar på nettet meir enn nokon gong. I koronaåret 2020 auka detaljhandelen utanfor salsstad med 34,5 prosent. I 2021 fortset veksten, med 18,6 prosent auke mot 2020.

Fleire statistikkar i SSB melder om det same. Statistikken som baserer seg på bruken av internasjonale betalingskort viser at nordmenn i 2021 utførte betalingar og overføringar med internasjonale betalingskort på nettet for heile 231 milliardar kroner, som er 26 prosent meir enn i 2020.

Butikkhandel med breitt vareutval, som opplevde ein vekst på heile 17,1 prosent frå 2019 til 2020, hadde ein nullvekst frå 2020 til 2021. Detaljhandel med drivstoff auka med 8,9 prosent i same periode.

Figur 2. Prosentvis endring i omsetninga til detaljhandelsnæringane frå 2020 til 2021.

Utviklinga i fylka

Koronatid og framleis svært låg grensehandel har sett den innanlandske detaljhandelen på eit nytt nivå, og då særleg for netthandelsverksemder og butikkar som sel daglegvarer og alkohol i område som grensar til Sverige. Viss vi ser på detaljhandelen som heilskap i 2021, er det Agder fylke som har hatt den største prosentvisa auken på 8,2 prosent. Viken fylke, som er det fylket med den høgaste detaljhandelsomsetninga, auka med 5 prosent. Svakast prosentvis vekst ser vi i Oslo, på 2,9 prosent.

Figur 3. Årleg omsetning i detaljhandelen, etter fylke.