I perioden frå 1995 til 2018 auka det samla Eit mål på omfanget av godstransport, definert som det arbeidet som blir utført når eit transportmiddel frakter ei viss mengde gods ein bestemt avstand. Godstransportarbeidet blir målt i tonnkilometer. i Den europeiske union (EU) er eit traktatfesta samarbeid mellom 27 land i Europa. med rundt 950 milliardar Produktet av godsmengda og transportavstand. Døme: Ein lastebil som transporterer 2 tonn gods i 10 kilometer har utført eit godstransportarbeid på 2 x 10 = 20 tonnkilometer.. Vegtransport med lastebil auka 52 prosent og utgjorde 61 prosent av den samla auken. Sjøtransport stod for det meste av resten av veksten.

Figur 1. Godstransport. EU-27. Tonnkilometer. 1995-2018. Milliardar

¹ Transport med lastebilar med tillete nyttelast på minst 3,5 tonn. ² Transport på kanalar, elver og innsjøar.

Delane til vegtransport med lastebil og sjøtransport utgjorde stabilt høvesvis halvparten og knapt 30 prosent av samla godstransport i EU-landa i perioden 1995-2018. I same perioden minska delane til jarnbane-, elvetransport og røyrleidningar til 13, 4 og 3 prosent i 2018. Lufttransport voks frå 1995 til 2018, men stod likevel for ein svært liten del av samla godstransport gjennom heile perioden.

Figur 2. Delen tonnkilometer utført med ulike transportformer. EU-27. 1995-2018. Prosent

¹ Transport med lastebilar med tillete nyttelast på minst 3,5 tonn. ² Transport på kanalar, elver og innsjøar.

Fordelinga av godstransporten målt i tonnkilometer var ulik i EU-landa og Noreg i 2018. I Noreg fordelte godstransportarbeidet seg relativt jamt på røyrleidningar, sjøtransport og vegtransport med lastebil med høvesvis 36, 33 og 28 prosent. Dersom røyrleidningar blir ekskludert, var fordelinga av godstransportarbeidet i EU-landa og Noreg noko likare. Då vart delane til transportformene i Noreg høvesvis 52, 43 og 4 prosent for sjøtransport, vegtransport med lastebil og jarnbane. Sidan fleire EU-land manglar kyst, var delen til sjøtransport av samla godstransport lågare i EU enn i Noreg.

Figur 3. Delen tonnkilometer utført med ulike transportformer. EU-27 og Noreg. 2018. Prosent

¹ Transport med lastebilar med tillaten nyttelast på minst 3,5 tonn. ² Sjøtransport innan EU-27 og sjøtransport mellom norske hamner inkludert til/frå kontinentalsokkelen. ³ Transport på kanalar, elver og innsjøar.

Oppdragsgiver: Samferdselsdepartementet.